Langfredagsfjære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Langfredagsfjære eller langfredagsfjøre er eit etablert omgrep for storfjære. Det er mykje brukt langs Helgelandskysten og i Salten, der det kvart år er storfjære ved påsketider, men òg i andre delar av Noreg er uttrykket vanleg.

Storfjæra på langfredagen har fleire årsaker:

  • Skilnaden mellom flo og fjære er størst det første døgnet etter fullmåne. Sidan påskedagen er første søndag etter ein fullmåne, er det ofte fullmåne like før langfredagen.[1]
  • Tidevatnet vert styrt av gravitasjonskrefter frå sol og måne. På vinteren er sola nærast jorda, slik at gravitasjonskreftene frå sola er sterkast på denne tida av året.
  • Det er ofte høgt lufttrykk og frålandsvind i månadsskiftet mars/april, slik at vasstanden vert lågare enn tidvasstabellane tilseier.

Storfjøra i februar og mars vert kalla gjøfjøre. Gjø kjem av det norrøne månadsnamnet gjømånad.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jensen, Tove (28. mars 2013), «Langfjære på langfredag», NRK (på norsk bokmål), henta 21. mars 2023 
  2. «Gjøfjøre». Hugen blogg.