Påskekorg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Påskekorg med raudfarga påskeegg frå den ortodoskse kristen tradisjonen i Makdeonia.

Påskekorg er ulike dekorerte korger brukte til påskemarkeringar og fylt med matvarer som påskeegg og eventuelt gåver avhengig av kultur.

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Polen[endre | endre wikiteksten]

Signing av påskekorger i Polen.
Polsk påskekorg for signing.

Święconka er ein polsk påsketradisjon der påskekorger blir signa i kyrkja eller av ein vitjade prest på påskeaftan.[1] Deretter set ein korgene til side til påskedag.[1]

Ein legg typisk ein kvit duk eller eit blondetørkle i korga og pynter henne med eviggrøne kvistar. Korga inneheld ulike matvarer som ein får signa i kyrkja på påskeaftan. Typiske matslag er egg, salt, olje, eddik, peparrot, ost, skinke og kielbasa-pølse, kaker, særleg babka, og eit påskelam i smør, kjend som baranek.[1] Maten blir som oftast delt ut av familieoverhovudet på påskedag til familie og vener.[1]

Tradisjonen har røter som kan førast tilbake til 600-talet, men ein tok i bruk brød og egg frå 1100-talet.[2]

USA[endre | endre wikiteksten]

Jente med påskekorg og egg.

Påskekorger i USA blir ofte gjevne til barn fulle av godteri, leiker og andre gåver.[3] Dei blir ofte sagt å koma frå påskeharen. Korgene er gjerne dekorerte. Ein kan også bruka liknande korger til påskeeggsanking, der barn blir sende ut for å finna gøymde eller spreidde egg.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «The Treasured Polish Custom of Swieconka». Polish American Cultural Center. Henta 10. april 2016. 
  2. Ks, Marian Pisarzak MIC. Błogosławienie pokarmów wielkanocnych. Kontekst paschalny i postny. op. cit. Błogosławieństwo pokarmów i napojów wielkanocnych w Polsce. Studium historyczno-liturgiczne. Warzsawa 1979, s. 378. [przypisy tamże]
  3. Lauren Thomann (30.03.2018). «24 Easter Basket Ideas We Love». 
  4. Coleman, Marilyn J.; Ganong, Lawrence H. (2014). The Social History of the American Family: An Encyclopedia. SAGE Publications.