Påskehare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Påskekort frå 1907 med ein påskehare.
Påskehare som pynt i Hinterhermsdorf i Sachsen.

Påskeharen er ein symbolsk hare eller kanin knytt til påskefeiringa i vestleg kultur. Skapningen er kjend for å ha med seg gåver som godteri og påskeegg. Harar og kaninar blir også brukt til bilete og pynt i samband med påsken.

Påskeharen blei innført i tysk luthersk tradisjon som ein dommarfigur som skulle avgjera om barn hadde vore snille eller uskikkelege ved byrjinga av påskefeiringa.[1] Samstundes er harar og kaninar gamle grødesymbol som både kan stå for våren og den kristne gjenoppståinga til Jesus.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Påskehareskikken er først nemnd i De ovis paschalibus ('Om påskeegg') frå 1682 av Georg Franck von Franckenau.[3][4] Den gåvegjevande haren, kjend som Osterhare eller Oschter Haws, blei eksportert til USA på 1700-talet av tyske protestantar (Pennsylvania Dutch).[5][6] Barn kunne laga reir for haren til å leggja egga sine i. Dei kunne også leggja ut mat som gulrøter til haren.[7]

Skikken spreidde seg til store delar av den engelskspråklege verda på 1800-talet,[8] og haren blei oftare kjend som ein kanin.[9] Det blei vanleg å bruka påskeharar til bilde og påskepynt, anten som realistiske dyr eller meir menneskeaktige, til dømes med klede. Etterkvart blei det også vanleg for menneske å kle seg ut som store påskeharar i samband med ulike påsketilstellingar, som organisert eggrulling.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Harar har ei spesiell stilling i vestleg kultur som går tilbake til antikken. Fleire forfattarar som Plinius den eldre, Plutark, Filostratos og Claudius Aelianus skreiv at haren var hermafroditt eller periodevis bytta kjønn.[10][11][12] Ideen om at haren kunne formeira seg utan å mista møydommen sin gjorde at kristne knytta han til jomfru Maria, og han kunne opptre i illuminerte manuskript og i renessansemåleri av Madonna med barn. Haren kan også vera knytt til treeininga gjennom tre harar-motivet.[10][13]

Samstundes er kaninar og harar kjende for å formeira seg raskt, og har lenge vore eit symbol på grøderikdom. Dei blir tidleg kjønnsmogne, og kan få fleire kull i løpet av eitt år. Hoharar kan tilmed bli gravide med eit nytt kull medan dei ber på eit anna.[14][15]

Også egg symboliserer grøde,[16] og skikken med dekorerte egg går langt tilbake i tid.[17] I påskehareskikken blir dei to symbola ført saman.

Soger[endre | endre wikiteksten]

Ēostre[endre | endre wikiteksten]

I Deutsche Mythologie frå 1835 la den tyske folkeminneforskaren Jacob Grimm fram ein teori om at haren var heilag for gudinna Ostara, som han knytta det tyske namnet på på påske, Ostern, til. Dette bygde på den engelske Beda si forklaring på månadsnamnet Eostur-monath (april), der han nemnde ei feiring for Eostre. Engelsk og tysk skil seg frå dei fleste andre europeiske språka ved å ikkje bruka ei avleiing frå gresk som namn på høgtida.[9]

Koplinga er omdiskutert. Ifølgje A Dictionary of English Folklore finst det ikkje noko bevis for at harar er knytte til Eostre, og Beda nemner ikkje noko dyr i samband med henne.[18] Ideen er likevel blitt teke opp att ei rekkje gonger, til døes av Charles Isaac Elton, [19] Charles J Billson.[20] og Christina Hole.[21]

Omgjort fugl[endre | endre wikiteksten]

Det blir fortald fleire soger om ein fugl som skal ha blitt gjort om til ein hare som derfor kunne leggja egg. I Mrs Sharp's Traditions (1990) av Sarah Ben Breathnach blir det fortal at Eostre i sinne ein gong skapte om favorittfuglen sin til ein hare. [22] I andre versjonar gjer ho fuglen om til ein hare i medynk,[23] til dømes fordi han er kald og svelt om vinteren. Når våren kjem legg den omskapte haren egg og dekorerer dei som takk til Eostre.[4] Desse opphavssogene kan ikkje førast langt tilbake.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Mange trekk ved påskeharetradisjonen kan minna om opphavet til julenissen eller Christkind, figuren som dømmer og gjev gåver til jul. Haren er ikkje det einaste dyret som gjev gåver til påske. Andre stader i Tyskland har ein rev hatt oppgåva, medan påskeegg kom med gauken i Sveits.[8] I Australia, der kaninar er ein invasiv art, er det gjort forsøk på å innføra punghare (bilby) som påskedyr.[24]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cross, Gary (2004). Wondrous Innocence and Modern American Children's Culture. Oxford University Press. ISBN 0195348133. 
  2. Leeming, D. (2005), «Hare», The Oxford Companion to World Mythology, Oxford University Press, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780195156690.001.0001/acref-9780195156690-e-667., henta 22. mars 2017 
  3. Franck von Franckenau, Georg (1682). Disputatione ordinaria disquirens de ovis paschalibus / von Oster-Eyern. Satyrae Medicae. XVIII. Heidelberg. s. 6. Henta 18 July 2013. 
  4. 4,0 4,1 Easter Bunny - What Does He Have To Do With Easter?, occultcenter.com
  5. «Gruß vom Osterhasen: Oschter Haws Song : GERMAN WORLD MAGAZINE». Germanworldonline.com. 2011-04-23. http://www.germanworldonline.com/index.php/grus-vom-osterhasen-oschter-haws-song/. Henta 2013-03-31. 
  6. «Easter on the Net - The Easter Bunny». Holidays.net. http://www.holidays.net/easter/bunny1.htm. Henta 2013-03-31. 
  7. Easter Symbols and Traditions, History.com, http://www.history.com/topics/holidays/easter-symbols 
  8. 8,0 8,1 Why do we have Easter eggs and the Easter Bunny?, BBC Newsround, 27. mars 2016, http://www.bbc.co.uk/newsround/17597617 
  9. 9,0 9,1 «Easter, n.1», OED Online, http://www.oed.com/view/Entry/59097?isAdvanced=false&result=1&rskey=5aSd1U&, henta 22. mars 2017 
  10. 10,0 10,1 Chapman, Chris (2004). «What does the Symbol Mean?». Three Hares Project. http://www.chrischapmanphotography.co.uk/hares/index.html. Henta 20 April 2014. 
  11. Marta Powell Harley. «Rosalind, the hare, and the hyena in Shakespeare's As You Like It». Shakespeare Quarterly. http://www.jstor.org/discover/10.2307/2869713?uid=3739864&uid=2129&uid=2&uid=70&uid=4&uid=3739256&sid=56001544743. 
  12. «Sir Thomas Browne (1646; 6th ed., 1672) Pseudodoxia Epidemica III:xvii (pp. 162-166)». http://penelope.uchicago.edu/pseudodoxia/pseudo317.html. 
  13. «Three Hares as representation of the Trinity». Threehares.blogspot.com. 2006-02-25. http://threehares.blogspot.com/2006/02/why-three-hares_25.html. Henta 2010-06-29. 
  14. Martinez-Gomez, Margarita (September 2004), Overlapping litters and reproductive performance in the domestic rabbit, Physiology & Behavior 
  15. Lumpkin, Susan; John Seidensticker (2011). Rabbits: The Animal Answer Guide. JHU Press. ISBN 0-8018-9789-0. p. 122.
  16. Heller, Steven (April 2014), Seeing Rabbits 
  17. Neil R. Grobman (1981). Wycinanki and pysanky: forms of religious and ethnic folk art from the Delaware Valley. University of Pittsburgh. Henta 18 April 2014. During the spring cycle of festivals, ancient pre-Christian peoples used decorated eggs to welcome the sun and to help ensure the fertility of the fields, river ... 
  18. Jacqueline Simpson and Stephen Roud (2000), A Dictionary of English Folklore
  19. Charles Isaac Elton (1890), Origins of English History
  20. Charles J Billson (1892), «The Easter Hare», Folk-Lore vol 3 issue 4
  21. Christina Hole (1961) Easter and its Customs
  22. Sarah Ben Breathnach (1990), Mrs Sharp's Traditions: Reviving Victorian Family Celebrations of Comfort and Joy
  23. Jean-Andrew Dickmann (2002), The Coming of Eostre, Cricket magazine vol 29 issue 7
  24. The Easter Bilby, The Australian Bilby Appreciation Society 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]