Eggedans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eggedansen (1637) av Cornelis Saftleven.

Eggedans er ein tradisjonell danseleik der ein legg egg på bakken og dansar rundt dei. Ofte er det om å gjera å ikkje røra egga medan ein danser. I nokre versjonar har dansaren bind for augo.

Democracy's disastrous egg-dance. Karikaturteikning frå det amerikanske bladet Puck frå 1884.
Eggedans. Gravering etter Theodor de Bry.

Målet med dansen er å knusa så få egg som mogleg, eller lata alle uskadde etter seg. Dansen kan vera ein påskeleik,[1] men treng ikkje vera det. Mange stader blei han utført i karnevalstida før fasten.[2]

I overført tyding kan «eggedans» visa til ein vrien situasjon der ein må oppføra seg svært forsiktig, til dømes for ikkje å støyta to stridande partar.[3]

I ei form av dansen som er knytt til Nederland dansa ein inni ein kritsirkel der det låg egg, blomar og grønt. Dansaren skulle flytta egga forbi hindra og ut frå sirkelen. Ofte kunne dette vera ei tevling der den raskaste dansaren vann ein pris, til dømes ei korg med egg.[4] Ein kunne også utføra eggedans med eit egg og ei skål. Målet var å få egget ut av skåla og deretter skåla over egget.[4]

Ei moderne utgåve av dansen, kjend som Humberside Egg Dance, blir utført av engelske morrisdansarar frå Hoxon Hundred Morris og Monkseaton Morris Men. Han blir utført av to dansarar med bind for augo som dansar rundt to-tre rekkjer av egg.[5]

Historiske døme[endre | endre wikiteksten]

Eggedans blir nemnd i samband med bryllaupet til erkehertuginne Margareta av Austerrike og grev Philibert II av Savoia, som fann stad andre påskedag 1498.[6] Hendinga er skildra i The American Magazine i 1895, som fortel at ho fann stad på ein sanddekt bakke der hundre egg var spreidd. Unge par som klarte å dansa saman utan å knusa eitt egg kunne trulova seg utan foreldra sitt løyve. Tre par prøvde og mislukkast. Då knelte Philibert framfor Margareta og bad henne om å prøva med han. Medan folka rundt ropte «Savoia og Austerrike!» dansa dei to saman utan å røra eit egg. Deretter blei dei trulova og gifte.[7]

I Storbritannia er dansen stundom omtalt som hop-egg. Den tidlegare engelske tydinga av hoppe var 'dansa',[8] men den nyare tydinga 'hinka' eller dansa på éin fot kan også nyttast om nokre av desse dansane.

Eggedans er kjend frå regjeringstida til Elisabet I, frå komedien The longer thou livest, the more Foole thou art av William Wager. Denne inneheld linja

Upon my one foote pretely I can hoppe.
And daunce it trimley about an egge.

På 1700- og 1800-talet i Europa og USA kunne ein halda oppvisingar av eggedansar der dansaren hadde bind for auga.[9][10]

Wilhelm Meisters Lehrjahre (1795–96) av Goethe inneheld ei detaljert skildring av ein slik dans.

Joseph Strutt fortel i boka The Sports and Pastimes of the People of England frå 1867:[11]

This performance was common enough about thirty years back and was well received at Sadler's Wells ; where I saw it exhibited, not by simply hopping round a single egg, but in a manner that much increased the difficulty. A number of eggs, I do not precisely recollect how many, but I believe about twelve or fourteen, were placed at certain distances marked upon the stage; the dancer, taking his stand, was blind-folded, and a hornpipe being played in the orchestra, he went through all the paces and figures of the dance, passing backwards and forwards between the eggs without touching them.

Hornpipe blei mykje nytta som eggedans. Den amerikanske hornpipedansaren John Durang skapte til dømes sensasjon då han framførte til dømes ein slik dans med bind for augo i 1790-åra.[4]

Eggedans kunne vera ei dugleiksøving ved Det Kongelige Teaters Balletskole i Danmark, som skildra av Johanne Luise Heiberg: En saakaldet Æggedans, som bestod i at danse mellem syv Æg, lagte i en vis Form paa Gulvet. At danse mellem disse uden at se ned og uden at berøre dem med Foden det var Opgaven. [12] Eggedans blei også framført av Den Kongelige Ballet. I ein dans frå Sjælland dansa først ein mann, så ei kvinne og til sist eit par rundt eit visst tal egg på bakken.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Traditional Easter dance on Good Friday», itv, 29. mars 2013 
  2. 2,0 2,1 THE EGG DANCE 
  3. Ægge-dans i ODS
  4. 4,0 4,1 4,2 Mark Knowles (2002) Tap Roots: The Early History of Tap Dancing, ISBN 0-7864-1267-4, s. 18
  5. FURTHER ADVENTURES OF THE HOBBY HORSE, hoxonhundred.co.uk; Humberside Egg Dance, Folkipedia
  6. Newall, Venetia (1970), «The Egg Dance», Folk Music Journal 2 (1): 35–44 
  7. 'The American Magazine vol. 39, 1895, p. 390
  8. Geoffrey Chaucer, Thomas Tyrwhitt (1830), Canterbury Tales: With an Essay Upon His Language and Versification, an Introductory Discourse, Notes, and a Glossary, Volume 4, W. Pickering, s. 175 
  9. Aloff, Mindy (2004), Dance Anecdotes: Stories from the Worlds of Ballet, Broadway, the Ballroom, and Modern Dance", Oxford University Press, s. 132, ISBN 0-19-505411-3 
  10. Mindy Aloff (2004) "Dance Anecdotes: Stories from the Worlds of Ballet, Broadway, the Ballroom, and Modern Dance", Oxford University Press, ISBN 0-19-505411-3, p. 132
  11. Joseph Strutt, William Hone (1867) The Sports and Pastimes of the People of England From the Earliest Period; Including the Rural and Domestic Recreations, May Games, Mummeries, Pageants, Processions and Pompous Spectacles, s. 225
  12. Johanne Luise Heiberg, Et Liv gjenoplevet i Erindringen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]