Lasaruslaurdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vekkinga av Lasarus frå dei døde — 1400-talet. Novgorod school. 72 x 60 cm. The Russian Museum, St. Petersburg, Russia

Lasaruslaurdag er dagen før palmesundag som blir markert i kyrkjer som følgjer bysantinsk ritus, det vil seia i den ortodokse kyrkja og i gresk-katolske kyrkjer. Dagen er til minne om vekkinga av Lasarus frå dei døde som blir omtalt i Johannesevangeliet.[1] Inngangen til Jerusalem er nemnd like etter i evangeliet. Lasaruslaurdag og palmesundag er dermed liturgisk knytt til kvarandre.

I veka før lasaruslaurdag følgjer liturgien i Triodion Lasarus sin sjukdom og død, og Jesus si reise frå andre sida av Jordanelva til Betania, der Lasarus og systrene hans, Marta og Maria, budde. Veka er kjend som «palmeveka» eller «blomsterveka».[2]

Lasaruslaurdag i kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Som i jødisk tradisjon byrjar dagane i den ortodoke kyrkja ved solnedgang, derfor byrjar lasaruslaurdag ved aftansong på dagen før (fredagen). Då ender ein lesinga av 1. mosebok som tok til første dag av fasten med skildringa av patriarken Jakob sin død, gravferd og sørginga over han. Deretter blir ein kanon om gjenopplivinga av Lasrus, skriven av Andreas av Kreta, framført ved kompletorium.

Lasaruslaurdag og palmesundag har ei særskild stilling i kyrkjeåret som dagar av glede og triumf mellom den store fasten og sørginga i den stille veka.[3] Bibellesinga og salmane på denne dagen ser fram mot Jesus si oppstode og den framtidige oppstoda til alle menneske.

Krydderbrødet lazarakia.

Mange stader i den russisk-ortodokse kyrkja bruker ein grøne liturgiske klede og antependium på lasaruslaurdag og palmesundag. Desse står for fornying. I den gresk-rtodokse kyrkja er det vanleg å fletta omfangsrike krossar av palmeblad denne dagen, til bruk på palmesundag. Tradisjonelt har einebuarar kome tilbake frå bustadane sine i villmarka til klostera sine på lasaruslaurdag for å delta i markeringane i den stille veka.[2]

Skikkar[endre | endre wikiteksten]

Bulgarske jenter pynta til lasaruslaurdag.

Dei førti fastedagane i den store fasten ender i samband med lasaruslaurdagen. Ein fastar også på denne dagen, men kan tillata eting av kaviar. Som vanlege egg (påskeegg) kan fiskeegg vera eit symbol på nytt liv og gjenoppståing.

I den gresk-ortodokse kyrkja lagar og et ein krydra brød kalla lazarakia til høgtida.

Balkan kan høgtida markerast av unge jenter med fine klede og pynta hår som går i opptog, syng og dansar folkedansar. Kvart hus dei vitjar kan gje dei små gåver og mat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joh. 11:1-45
  2. 2,0 2,1 Sergei Bulgakov, Nastolnaya Kniga Dlya Svyaschenno-Tserkovno-Sluzhitelei (Handbook for Church Servers), 2nd edition (Kharkov, Ukraine, 1900), Tr. Fr. Eugene Tarris. The Sixth Week of Great Lent. Accessed 2007-04-02.
  3. Archimandrite Kallistos Ware and Mother Mary, Tr., The Lenten Triodion (St. Tikhon's Seminary Press, South Canaan, PA, 2002, ISBN 1-878997-51-3), p. 57.