Kristi himmelferdsdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
'Himmelfarten' av Giotto di Bondone (1267-1337)..

Kristi himmelferdsdag eller helgetorsdag, som dagen tradisjonelt er kalla i liturgisk språk, er ein kristen rørleg helgedag som vert feira førti dagar etter påske, det vil seie torsdag mellom 6. og 7. søndag i påsketida. Han vert feira til minne om at Jesus Kristus ifylgje Evangeliet etter Lukas skal ha fare opp til himmelen førti dagar etter oppstoda si.[1]

Festen vart truleg innført på 300-talet, da enkelte kristne kyrkjer byrja å feire han som eigen fest. Det fyrste kjende dømet på at denne finst i ein liturgisk kalender er frå byrjinga av 300-talet, då synoden i Elvira avviste ein skikk med å byrje ein ny fasteperiode etter den førtiande dagen. Grunnen for ei slik faste ser ut til å ha vore at ein ville markere at Kristus var teken vekk frå Jorda. Feiringa vert òg nemnd i preiker av St. Johannes Krysostomos og andre.

Kristi himmelferdsdag er helgedag i Noreg. Ofte blir dagen berre kalla «Kristi himmelfart».[2] Denne dagen er ikkje flaggdag i Noreg.

Datoar for Kristi himmelfartsdag[endre | endre wikiteksten]

Kristi himmelfartsdag fell alltid på ein torsdag 39 dagar (5½ veke) etter 1. påskedag, det vil seia i tidsrommet 30. april–3. juni.

Kristi himmelfartsdag blir feira 39 dagar etter første påskedag (altså førtiende påskedag), det vil seia torsdag mellom sjette og sjuande sundag etter påsketida eller, sagt på ein annan måte, torsdagen ti dagar før første pinsedag. Kristi himmelfartsdag fell som regel i mai, men kan også finna stad på ein av de tre første dagane i juni. Dette skjedde sist i 1943, 2000 og 2011, og skjer neste gang i 2038. Høgtida kan også falla på den siste dagen i april, men dét skjedde sist i 1818 og vil ikkje skje igjen før i 2285.


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Luk 24,51 Sjå òg Luk 24,36 og Apg. 1,3.
  2. Røyseland, Halstein (11. desember 2009): «Hva betyr himmelfartsdagen?», Varden.no