Eggkakking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eggkakking i Tyskland.
Foto: Walter J. Pilsak
To farga eggknakkingegg, der det blåe er knust.

Eggkakking eller -knakking er ein tevlingsleik med egg som kan utførast av to eller fleire deltakarar. Leiken går som regel ut på at ein kakkar hardkokte egg mot kvarandre. Den som får egget sitt knust, har tapt omgangen. Etterpå kan ein eta egga. Eggkakking er del av påskefeiringa i mange land. I Kina er han tradisjon under qingming. I Assam driv ein med eggkakking under magh-bihu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har drive med eggkakking i Europa i fleire hundreår. Skikken ser ut til å ha vore viktig i Zagreb på 1300-talet,[1] og er nemnd i Polen1400-talet.[2]

Eggknakking er ein gammal tradisjon sør i Sverige. På Österlen er det kjend som äggapickning.[3] I dag blir det ofte skipa eggknakkingtevlingar på skular fleire stader i landet.

I kinesisk tradisjon er eggkakking ein lykkebringande tradisjon i samband med vårhøgtida qingming.[4]

I assamesisk tradisjon er eggkakking ein del av innhaustingstida magh-bihu, som fell i januar.

Reglar[endre | endre wikiteksten]

Leiken går ut på at ein kakkar toppen av sitt egg mot det til motstandaren. Den som klarar halda egget sitt heilt lengst, vinn tevlinga.[5]

Ofte bruker ein farga eller måla egg.[5] Dei pleier vera hardkokte for å unngå eggesøl under tevlinga.[5] Stundom kan ein tøysa ved å bruka eit blautkokt egg.[6] Det finst også døme på at deltakarar har juksa ved å bruka egg fylte med gips, sement eller laga av marmor.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hrvatski informativni centar: Uskrs u Hrvata "U starom Zagrebu i njegovoj okolici tucanje jajima upozoravalo je na Uskrs kao prijelomnicu u vremenu pa su tim događajem označavali i vrijeme, bilježeći u dokumentima u 14. stoljeću da se nešto dogodilo "poslije tucanja jaja", tj. poslije Uskrsa."; Hrvatski uskrsni obicaji: Tucanje jaja, ukrasavanje pisanica i paljenje vuzmice: U nekim tekstovima se navodi da se "tucanje jajima" spominje još u 14. stoljeću u starom Zagrebu i okolici, no prakticira se gotovo u svim dijelovima Hrvatske.
  2. 2,0 2,1 Venetia Newall (1971) An Egg at Easter: A Folklore Study, p. 344
  3. «Äggapickning». Ystad & Österlen (officiell besöksguide).  Oppgjeve av Svensk Wikipedia.
  4. Qingming Festival, xinhuanet.com
  5. 5,0 5,1 5,2 «Långfredag, påskafton, påskdagen». Nordiska museet. http://www.nordiskamuseet.se/publication.asp?publicationid=1848. Henta 20 mars 2013. 
  6. «Äggkonst till påsk», Folkbladet, 23. april 2011, http://www.folkbladet.se/nyheter/norrkoping/default.aspx?articleid=5616285 
Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.