6. søndag i påsketida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 5. sundag etter påske)

6. søndag i påsketida, før kalla 5. sundag etter påske, tidlegare Rogate, «bed!», av dei latinske orda i evangeliteksten for dagen: «Be, så skal de få!» (Joh. 16,24[1]), er den sjette sundagen i den kristne påsketida.

Evangelitekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i tradisjonelt henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev. I Den norske Kyrkja brukast no annakvart år som preiketekst Mat. 6,6-13, det er teksten til Fadervår.[2]

Alt frå kring år 450 vart dei tre dagane mellom Rogate og Kristi himmelfartsdag kalla rogasjonsdagane. Det var bønedagar då kyrkjelyden gjekk i prosesjon med krossar og kyrkjefaner for å be om velsigning for land og grøde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]