Lidingssoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lidingssoga i glasmåleri ved domkyrkja i Chartres.

Lidingssoga eller pasjonssoga (av latin passio, 'liding') er forteljinga om Jesus si liding og død slik ho kjem fram i dei fire evangelia. Ho omfattar avskjeden med disiplane ved den siste nattverden, tilfangetakinga i Getsemane, forhøyret for eldsterådet, fornektinga til Peter, dommen til Pontius Pilatus, piskinga, tornekroninga, golgatavandringa, krossfestinga, døden og gravlegginga.

Lidingssoga er fortald ganske like i dei tre synoptiske evangelia (til dømes Matt. 16,21-23; 17,22-23; 20,17-19), medan soga i Johannesevangeliet er samansett frå ein del ulike tradisjonar. Denne soga er også prega av omsyn til å skildra Jesus sin død som førebestemt og eit førebilde for kristne martyrar.[1] Soga finst også i ikkje-kanoniske tekstar, som evangelia etter Peter og Nikodemos.[2]

Soga har vore viktig i kristne tradisjonar frå byrjinga av kristendommen. Ho blir vanlegvis lesen under den stille veka, særleg på langfredag. I katolsk tradisjon blir ho også ofte framført som pasjonsspel. Lidingssoga har vidare inspirert talrike kunst- og musikkverk.

Personar som berre så vidt eller ikkje er nemnd i evangelia har fått større plass i ulike folketradisjonar. Kona til Pontius Pilatus er nemnd ein gong i Matteus-evangeliet, der ho råder Pilatus frå å dømma Jesus. Ho har fått større roller i gjenforteljingar av soga. Dei to tjuvane som blei krossfesta samstundes med Jesus har i seinare tradisjonar fått namn (som Dismas og Gestas). Smeden som laga naglane til krossfestinga var ifølgje ulike overleveringar stamfaren til sigøynarar.[3]

Plantar er også knytt til lidingssoga. Det blir til dømes fortalt at kristtorn blei brukt til å laga tornekrona. Eit kornelltre skal ha blitt brukt til å laga krossen.[4]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jesus Kristus» i Den Store Danske
  2. Gospel of Nicodemus og Gospel of Peter ved earlychristianwritings.com
  3. Francis Hindes Groome, Nails of Crucifixion i Gypsy Folk Tales [1899], ved sacred-texts.com; August C. Mahr, The Gipsy at the Crucifixion of Christ, Ohio State University
  4. «Holly Folklore», intermistletoe.co.uk; «Legend of the dogwood tree: True or false?», creationtips.com