Asia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Asiatisk)
Samansett satellittbilete av Asia

Asia er verdsdelen med det største folketalet og den største flatevidda, og utgjer brorparten av det eurasiske kontinentet. Han møter Stillehavet i aust og Europa i vest, med ei grense ein ofte dreg gjennom Uralfjella, Kaspihavet, Kaukasus, Svartehavet, Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane. Ved Suezkanalen grensar Asia til Afrika.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Asia har ein svært lang kulturhistorie. Ein finn mange av verdas eldste sivilisasjonar her, som langs elvene Indus i India, Yangtze i Kina, og Eufrat og Tigris i Mesopotamia. Fleire av desse utvikla tidleg skriftsystem, og difor har fleire land ein mykje lengre nedskriven historie enn land andre stader i verda, til dømes Noreg.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Alle dei store verdsreligionane kjem faktisk frå Asia. Hinduismen og buddhismen utvikla seg i India, medan jødedommen, kristendommen og islam blei til i Midtausten. Religionsmangfaldet i verdsdelen er likevel (eller på grunn av dette) stort. Her finst mange sjamanistiske tradisjonar og mindre religionar, som sikhisme og djainisme.

Sjølvstendige land[endre | endre wikiteksten]

Sentralasia[endre | endre wikiteksten]

Aust-Asia[endre | endre wikiteksten]

Øystatar[endre | endre wikiteksten]

Søraust-Asia[endre | endre wikiteksten]

Sør-Asia[endre | endre wikiteksten]

Vest-Asia[endre | endre wikiteksten]

Uavhengige territorium[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]