The Show Must Go On av Queen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Show Must Go On
Singel av Queen
frå albumet Innuendo
Språk engelsk
Utgjeve 14. oktober 1991
Innspelt 1990
Sjanger
Lengd 4:31
Selskap
Komponist John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor, Queen
Tekstforfattar John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor
Låtskrivar(ar) Queen
Produsent
Queen-kronologi 
«These Are the Days of Our Lives»
(1991)
The Show Must Go On «Bohemian Rhapsody» / «These Are the Days of Our Lives»
(1991)


«The Show Must Go On» er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeven ut som den tolvte og siste sporet på albumet Innuendo i 1991. Songen var tilskriven heile Queen på plateomslaget, men vart i hovudsak skriven av Brian May. Songen omhandlar kampen til Freddie Mercury om å halde fram å spele musikk, trass i at han nærma seg slutten av livet. Han var dødssjuk av HIV/AIDS under innspelinga av albumet, men sjukdommen hans var ikkje annonsert offentleg, trass i store spekulasjonar i media om at han var alvorleg sjuk.[1] Mercury var så sjuk då bandet spelte inn songen i 1990, at May var uroa om han var fysisk i stand til å klare å syngje songen. May fortalte om då Mercury song inn songen: «Eg sa 'Fred, eg er ikkje sikker på om denne er mogeleg å syngje'. Og han sa 'I'll fucking do it, darling' — vodka ned — og så gjekk han inn og knuste til, og reiv heilt sund vokalen.»[2]

Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia den 14. oktober 1991 som marknadsføring av albumet Greatest Hits II, berre seks veker før Mercury døydde. Etter Mercury døydde den 24. november 1991 gjekk songen inn att på den britiske singellista og låg like mange veker på lista (fem) som han gjorde då han kom ut første gongen og nådde til slutt 16. plassen. Ein live-versjon med Elton John på vokal kom ut på Queen-albumet Greatest Hits III.

Songen vart først spelt live den 20. april 1992, under The Freddie Mercury Tribute Concert, framført av dei tre gjenverande medlemmane av Queen, med Elton John på solovokal og Black Sabbath-gitaristen Tony Iommi på rytmegitar.[3] Han har sidan blitt spelt på konsertane til Queen + Paul Rodgers. Songen har sidan blitt spelt av fleire andre artistar.

Låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha lytta til John Deacon og Roger Taylor som spelte akkordsekvensen som seinare danna grunnlaget for nesten heile songen, sette Brian May seg ned med Freddie Mercury og i lag fann dei temaet i songen og skreiv noko tekst. May skreiv ned resten av teksten, i tillegg til melodien, og la til eit mellomspel med ein akkordsekvens inspirert av Pachelbels kanon.

På demoversjonane av songen er det May som syng songen, og måtte syngje delar i falsett fordi han gjekk for høgt. Då Brian May presenterte den endelege demoen til Mercury, hadde han sine tvil om Mercury ville vere fysisk i stand til å syngje songen, på grunn av den krevjande vokalen, sidan han var så sjuk på den tida. Då tida kom for å spele inn vokalen tok Mercury ein shot vodka og sa «I'll fucking do it, darling!» og gjekk så inn og framførte songen.[2]

For innspelinga song May det meste av korvokalen (inkludert den aller siste linja) og spelte Korg M1-synthesiser og gitar. Produsenten David Richards føreslo toneendringa i det andre verset.

Teksten er full av allusjonar, metaforar og andre bilete, som gjer han noko vanskeleg å forstå. Det vert annonsert ein dårleg skjult tragedie som skal kome. Mot slutten refererer teksten til avgjersle, eit sterkt ønske om å leve («I have to find the will to carry on with the show») trass i at krafta er i ferd med å forsvinne («inside my heart is breaking»).[4] Frå eit harmoniperspektiv byrjar songen i h-moll; så er det ei modulering til ciss-moll som om songen varslar håp, men han fell etter kvart attande til h-moll.[5]

Jim Hutton, som var partneren til Freddie dei siste seks åra medan han levde, nemner at teksten referer til bruk av sminke[6] dei siste leveåra hans:

« For meg var den mest sjølvbiografiske linja: 'My make-up may be flaking but my smile still stays on.' Det var sant. Uansett kor sjuk Freddie kjende seg, så klaga han aldri til nokon eller søkte sympati av noko slag. Det var hans kamp, og ingen andre, og han bar alltid eit modig andlet mot dei stadig dårlegare oddsa hans.[7] »

—Jim Hutton – 1994

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Fordi Mercury hadde HIV/AIDS vart helsa hans raskt dårlegare, og som følgje av dette vart det ikkje filma nye bilete av songaren. I staden bestod musikkvideoen av ein montasje av klipp frå heile musikkvideokarrieren til Queen, frå 1981 til 1991 (men ingen før 1981), sidan det komande samlealbumet Greatest Hits II dekte heile perioden.[8] Det vart nytta klipp frå alle musikkvideoane deira frå 1980-åra utanom «Under Pressure» og «Hammer to Fall».[8]

Musikkvideoen vart sett saman og redigert av det austerrikske regissørteamet DoRo, som består av Rudi Dolezal og Hannes Rossacher.[4]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991) Plassering Veker på lista
Australia (ARIA Singles Chart)[11] 75 7
Den nederlandske singellista[12] 7 12
Den franske singellista[13] 2 21
Den tyske singellista[14] 7 26
Irish Singles Chart[15] 17 3
Den italienske singellista[16] 10 13
Den newzealandske singellista[17] 20 5
Den polske singellista 3 1
Den svenske singellista[18] 30 6
Den sveitsiske singellista[19] 11 11
UK Singles Chart[20] 16 10
U.S. Mainstream Rock Charts[21] 40 11

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[22] Gull 250 000*
Italia (FIMI)[23] Gull 25 000*
USA (RIAA)[24] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Donald A. Guarisco. Queen – The Show Must Go On Allmusic. Henta 23. mai 2011
  2. 2,0 2,1 «100 greatest singers of all time — Freddie Mercury». Rolling Stone. Henta 29. juli 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 The Freddie Mercury Tribute Concert: The Show Must Go On Henta 26. juli 2016
  4. 4,0 4,1 4,2 The Show Must Go On Ultimate Queen. Henta 30. juli 2016
  5. Queen Songs – The Show Must Go On Henta 30. juli 2016
  6. Sherwin, Adam (30. juli 2016). «Final Freddie Mercury performance discovered». London: The Independent. Henta 30. juli 2016. 
  7. «Freddie and Jim: A Love Story». mr-mercury.co.uk. Henta 30. juli 2016. 
  8. 8,0 8,1 Queen Promo Videos – The Show Must Go On Ultimate Queen. Henta 30. juli 2016
  9. 2006 VH1 Rock Honours Ultimate Queen. Henta 30. juli 2016
  10. Katy and Adam Honour Queen Arkivert 2012-09-12 ved Wayback Machine. MTV. Henta 7 Oktober 2011
  11. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: månenlight Publishing. 
  12. Steffen Hung (30. juli 2011). «Dutch charts portal». dutchcharts.nl. Henta 19. juli 2016. 
  13. Steffen Hung. «Les charts français». lescharts.com. Henta 19. juli 2016. 
  14. musicline.de / PhonoNet GmbH. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche». musicline.de. Henta 19. juli 2016. 
  15. Jaclyn Ward (1 Oktober 1962). «The Irish Charts – All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 19. juli 2016. 
  16. «Hit Parade Italia – Indice per Interprete: Q». Hitparadeitalia.it. Henta 19. juli 2016. 
  17. Steffen Hung. «New Zealand charts portal». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 8. mai 2008. Henta 19. juli 2016. 
  18. Steffen Hung. «Swedish Charts Portal». swedishcharts.com. Henta 19. juli 2016. 
  19. Steffen Hung. «Die Offizielle Schweizer Hitparade und Music Community». swisscharts.com. Henta 19. juli 2016. 
  20. «UK Singles & Albums Chart Archive». Official Charts. Arkivert frå originalen 21. august 2014. 
  21. «AllMusic». AllMusic. Henta 19. juli 2016. 
  22. «French single salstrofé – Queen – The Show Must Go On» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 30. juli 2016. 
  23. «Italian single salstrofé – Queen – The Show Must Go On» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 30. juli 2016.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Queen in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  24. «American single salstrofé – Queen – Crazy Little Thing Called Love». Recording Industry Association of America. Henta 30. juli 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]