Now I'm Here

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Now I'm Here
Singel av Queen
frå albumet Sheer Heart Attack
B-side

«Lily of the Valley» (Single Edit)

Språk engelsk
Utgjeve 17. januar 1975
Innspelt September 1974
Sjanger Hardrock[1]
Lengd 4:12
Selskap EMI, Elektra
Komponist Brian May
Tekstforfattar Brian May
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Roy Thomas Baker og Queen
Queen-kronologi 
«Killer Queen»/ «Flick of the Wrist»
(1974)
Now I'm Here «Lily of the Valley»
(1975)


«Now I'm Here» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Det er den sjette songen på det tredje albumet deira, Sheer Heart Attack, han vart skriven av gitaristen Brian May, medan han var på sjukehus med hepatitt. Songen er kjend for dei harde riffa og vokalharmoniane. I Storbritannia nådde singelen 11. plassen då han kom ut i 1975.[2] Songen vart ein populær konsertlåt, og vart spelt på så godt som alle konsertane deira frå seint 1974 til 1986.[3]

Detaljar[endre | endre wikiteksten]

Songen omhandlar dei gode minnene til May frå den amerikanske turneen til bandet, då dei var oppvarmingsband for Mott the Hoople, tidlegare i 1974. Mott the Hoople er nemnt spesifikt i teksten, Down in the city, just Hoople and me.

Songen vart gjeven ut i 1981 på samlealbumet Greatest Hits, og i 1997 på Queen Rocks.[4] I mars 2005 sette magasinet Q «Now I'm Here» på 33. plassen på lista si over dei 100 beste gitarlåtane.[5]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

«Now I'm Here» var fast på setlista til Queen og vart spelt på alle konsertane frå 1974 til den siste turneen deira i 1986. Han vart først framført på Sheer Heart Attack-turneen i Manchester den 30. oktober 1974. Songen var første gongen der QUeen nytta delay på vokalen til Mercury.

Under Sheer Heart Attack-turneen, song Mercury linja «Now I'm here» på den eine sida av scenen i mørkret og tørris, og nokre få takter seinare, song han igjen «Now I'm there», men då på andre sida av scnene, ein illusjon skapt av ein identisk kledd scenearbeidar.

Brian May fortsette å spele songen som soloartist etter at Mercury døydde i 1991. Han vart nytta som opningslåt under Queen + Adam Lambert Tour 2014–2015.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Land Plassering Veker på lista
Tyskland 25 6
Japan 87 7
Nederland 32 3
Storbritannia 11 7

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Queen Songs - The Book: Now I'm Here This is a hardrock song, something very expecatable from a hardrock band
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited
  3. Queen on tour Queen Concerts. Henta 10. juli 2011
  4. Queen Rocks, Vol. 1 Allmusic. Henta 10. juli 2011
  5. Tracks 100 Greatest Gitar Tracks Ever! magasinet Q. Henta 10. juli 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]