Deep in the Motherlode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deep in the Motherlode
Singel av Genesis
frå albumet ...And Then There Were Three...
Utgjeve September 1978
Innspelt September – oktober 1977
Sjanger Progressiv rock, kunstrock
Lengd 5:15 (album)
3:35 (singel)
Selskap Charisma/Virgin (Storbritannia), Atlantic Records (USA)
Komponist Mike Rutherford
Tekstforfattar Mike Rutherford
Låtskrivar(ar) Mike Rutherford
Produsent David Hentschel og Genesis
Genesis-kronologi 
«Many Too Many»
(1978)
Deep in the Motherlode «Turn It On Again»
(1980)


«Deep in the Motherlode», òg kalla «Go West Young Man (In the Motherlode)»[1], er ein song framført og spelt inn av Genesis, med tekst og musikk av Mike Rutherford. Han kom ut som det sjette sporet på albumet deira ...And Then There Were Three... i 1978 med tittelen «Deep in the Motherlode».

Songen fortel ei soge om ein mann på reise under gullrushet i Nevada og familien som bad han om å skaffe så mykje gull som mogeleg.

Ei «mother lode» (hovudåre) er ei særskild rik åre med verdifullt metall i ei gruve. Teksten «Go West, young man» er ein referanse til Horace Greeley, som 13. juli 1865 skreiv: «Go West, young man, go West and grow up with the country.»

Songen vart framført av Genesis på turneen deira i 1978 og vart ofte nytta som opningsnummer på turneen deira i 1980, men har ikkje blitt spelt sidan den gongen. I Japan og Nord-Amerika vart songen gjeven ut på singel, men då kalla «Go West Young Man (In the Motherlode)».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]