Ekstremvêret Clara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstremvêret Clara var eit ekstremvêr som råka områda frå Salten til Vest-Finnmark 3. desember 2003.

Fleire ferjesamband i Nord-Noreg vart innstilt og E6 over Saltfjellet vart stengd. I tillegg var det problem med fleire flyavgangar i området.[1] I Bodø blåste det full storm (26 m/s) og eit tak på eit folketomt hus vart rive av og råka to bilar. To kommunar i Nordland var mista straumen.[2]

Kraftigast vind vart målt på Kråkenes fyr ved Stad, der vindstyrken var på 33 m/s (orkan). Nordøyan fyr målte 32 m/s (sterk storm), og Svinøy fyr og Sklinna fyr 31 m/s. På Sklinna vart det òg målt vindkast opp i 41 m/s. Dette vert derimot ikkje rekna som ekstremvêr på desse stadene.

Kraftigast vind[endre | endre wikiteksten]

Kraftigast vind observert 4. desember 2003.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Kråkenes fyr 33 39
Nordøyan fyr 32 40
Sklinna fyr 31 41
Svinøy fyr 31 38
Hekkingen fyr 31 38
Ona 30 36
Halten fyr 29 38
Røst 28 39
Skrova fyr 28 37
Myken 28 36
Veiholmen 27 38
Sula 27 36
Buholmråsa fyr 26 34
Bodø 26 32
Ørland 24 33
Tromsø/Langnes 23 31
Finnøy i Hamarøy 23 -
Meråker 23 -

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sterk storm i nord». Nettavisen. 4. desember 2003. Henta 29. september 2008. 
  2. «Stormen Clara raser nordover». Nettavisen. 4. desember 2003. Henta 29. september 2008. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]