Ekstremvêret Vera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Satelittbilete av det polare lågtrykket. Senteret av lågtrykk ligg om lag midt i bilete og har eit trykk på omkring 969 hPa. Ein kan tydleg sjå dei kraftige snøbyene i havområda vest og sør for lågtrykket.
Foto: Meteorologisk Institutt
Satelittbilete av det polare lågtrykket med vindobservasjonar. Vindpilene viser retning. Eit «flagg» på ei vindpil tyder 25 m/s, og kvar heile strek er 5 m/s. Den kraftigaste vinden observert på dette bilete er altså 35 m/s like sør for senteret av lågtrykket.
Foto: Meteorologisk Institutt

Vera var eit ekstremvêr som råka kysten av Trøndelag nord for Trondheimsfjorden torsdag ettermiddag og kveld 20. november 2008. Ekstremvarselet, det fjerde som vart sendt ut i 2008, vart sendt ut frå MI midt på dagen var basert på ein kombinasjon av kraftig vind (opp mot sterk storm), tett snøfall, og høge bølgjer (signifikant bølgjehøgd på 10-12 m) inn mot kysten i kombinasjon med stormflod.

Årsaka til ekstremvêret var eit polart lågtrykk som oppstod då særs kald luft (ned mot -50 °C) i høgda over Grønland dreiv ut over Grønlandshavet og kopla seg saman med ei forstyrring i atmosfæren her. Kraftig nordavind dreiv lågtrykket søraustover og inn mot kysten av Helgeland. Sjølv om det var Helgeland som møtte sjølve lågtrykkssenteret, var det områda sør for senteret som fekk den kraftigaste vinden.

Den sterke vinden og dei kraftige snøbyene gav snøstorm i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Torsdag ettermiddag vart det målt vindstyrke på 36 m/s på helikopterdekket på Heidrun-plattforma. Standard vindmåling skal derimot målast 10 meter over havnivå, og i denne høgda vart det berre målt 23 m/s. Samstundes vart det målt signifikant bølgjehøgd på 11,1 meter og ei maksimal bølgjehøgd på 17,3 m på Heidrun.

Sklinna og Nordøyan fyr målte 26 m/s (full storm) kl. 14 på torsdagen. I løpet av døgnet frå kl. 07 den 20. november til kl. 07 den 21. november fall det 42 cm nysnø i Grong, 41 cm i Verdal og 30 cm i Namdalseid.[1]

Utover dagen og natta vart det ikkje rapportert om skadar, men ein del vanskelege køyreforhold og mange trafikkmeldingar.[2]

Snøfallet og snøfokk skapte problem for flyavgongane fredag morgon 21. novemeber og forseinkingar.[3]

Vind[endre | endre wikiteksten]

Kraftigast vind mellom 22. desember kl. 01 og 23. desember kl. 01. Områda frå Nordhordland til Troms fekk opp i full storm i denne perioden.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Nordøyan fyr 31,6 38,5 kl. 16-17 20. nov.
Sklinna fyr 29,7 35,4 kl. 18-19 20. nov.
Buholmråsa fyr 25,3 32,8 kl. 16-17 20. nov.
Namdalseid 22,6 -- kl. 19-01 20. nov
Sula 20,3 26,7 kl. 05-06 20. nov.
Værnes 20,2 25,8 kl. 05-06 20. nov.
Ørland 19,5 26,2 kl. 01-05 20. nov.
Rørvik 18,2 26,8 --

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i tekst[endre | endre wikiteksten]

  1. «Størst snøfall i Nord-Trøndelag». Adressavisa. 21. november 2008. Henta 21. november 2008. 
  2. «Vær og vind, men ingen skader». Nettavisen. 21. november 2008. Henta 21. november 2008. 
  3. «Forsinkelser på Værnes». Adresseavisen. 21. november 2008. Henta 21. november 2008.