Hopp til innhald

Ekstremvêret Finn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstremvêret Finn var eit ekstremvêr som råka områda frå Nordmøre og Vesterålen 22. desember 2004 og var det einaste ekstremvêret i landet dette året. Det vart varsla full storm langs heile strekninga.

Vindstyrken vart ikkje så høg som skal til for å varsle ekstremvêr, men uvêret førte likevel til innstilte hurtigbåtar og ferjer, samt store forseinkingar for flytrafikken. Fleire fjellovergangar vart stengde og ved Bodø køyrte ein buss av vegen på glatt føre.[1]. I Namsos tok vinden takplater på ein garasje. [2]

Kraftigast vind

[endre | endre wikiteksten]

Kraftigast vind mellom 22. desember kl. 01 og 23. desember kl. 01. Områda frå Nordhordland til Troms fekk opp i full storm i denne perioden.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Kråkenes fyr3240
Fruholmen fyr3035
Svinøy fyr2941
Ona2934
Hekkingen fyr2933
Ytterøyane fyr2734
Hellisøy fyr2734
Fedje2733
Myken2733
Sklinna fyr2732
Røst2632
Nordøyan fyr2631
Bø i Vesterålen2532
Bodø2228
Tromsø2229
  1. «Ekstremværet uteble, men storm ga forsinkelser». Aftenposten. 23. desember 2004. Henta 1. oktober 2008.
  2. «Stormen har ennå ikke slått fullt til». Aftenposten. 22. desember 2004. Henta 1. oktober 2008.