Ekstremvêret Yngve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Yngve var eit ekstremvêr som råka Nordland natt til 31. desember 2008. Vêret vart klassifisert som ekstremt på grunn av den kraftige vinden som oppstod i samband med eit stormsenter som utvikla seg i Norskehavet og flytta seg inn mot Lofoten. Det var særleg områda rundt Vestfjorden som fekk merke den kraftigaste vinden, og på Myken og Helligvær vart det registrert orkan. I Bodø blåste det full storm med ein vindstyrke på 27 m/s på det meste.

Lågtrykket som var opphav til den sterke vinden utvikla seg i området sør og søraust for Jan Mayen den 30. desember, og var dermed i utviklingsfasen då det kom inn mot norskekysten.

Ekstremvêret var det femte og siste som råka Noreg i 2008.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

I Bodø blåste taket av ei bustadblokk og ti personar vart evakuert.[1] I tillegg reiv stormen her overende fleire tre og ved eit kjøpesenter vart fleire grillhus som stod til utstilling blåst overende slik at gata der vart sperra. På Ørnes blåste taket av eit bibliotek, og langs riksveg 80 vart buskar og vegskilt teke av den kraftige vinden.[2]

Stormen raste vidare austover i løpet av nyårsaftan og førte til at SMHI i Sverige sendte ut åtvaringsvarsel av 3. grad for kysten av Bottenviken mellom Luleå og Happaranda, som tilsvarer eit ekstremvarsel i Noreg.[3]

Vind[endre | endre wikiteksten]

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Helligvær 36 45 kl. 06-07
Myken 33 43 kl. 04-05
Rotvær 27 35 kl. 06-07
Bodø 27 34 kl. 06-07
Solvær 27 34 kl. 04-05
Nordøyan fyr 27 32 kl. 01-04
Sklinna fyr 27 33 kl. 01-04
Skrova fyr 23 31 kl. 06-07
Hekkingen fyr 23 27 kl. 06-07

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jonas Mjaaland (31. desember 2008). «Tak på bustadblokk blåst av». Avisa Nordland. Henta 31. desember 2008. 
  2. Ingrid Danielsen (31. desember 2008). «Ynge tok tak». yr.no. Henta 31. desember 2008. 
  3. «SMHI Varningar». SMHI. 31. desember 2008. Henta 31. desember 2008.