Hopp til innhald

Ekstremvêret Edda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstremvêret Edda var eit ekstremvêr som råka Nord-Helgeland og Sør-Troms 10. og 11. desember 2003, som det tredje ekstremvêret som råka denne regionen på berre ei veke. Det gav full storm i desse områda og sterk storm i Lofoten.

Fleire hurtigbåtar og ferjer vart innstilt under stormen og fleire flyavgangar vart kansellerte.[1]. E6 over Saltfjellet vart stengd.[2] Sju menneske vart skadd då ein rutebuss på veg til Tromsø frå Alta blåste av vegen i Lyngen. [3]

Langs kysten av Nordland vart det observert signifikant bølgjehøgd opp mot 12 meter.

Kraftigast vind

[endre | endre wikiteksten]

Kraftigast vind mellom 10. desember kl. 14 og 12. desember kl. 08.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Kråkenes fyr3034
Svinøy fyr2833
Hekkingen fyr2833
Finnøy i Hamarøy27-
Nordøyan fyr2433
Bø i Vesterålen2636
Myken2434
Skrova fyr2431
Sklinna fyr2429
Røst2331
Bodø2227
  1. «Stormen stopper fergene». Nettavisen. 11. desember 2003. Henta 1. oktober 2008.
  2. «Edda raser i Nord-Norge». Lofotposten. 11. desember 2003. Henta 1. oktober 2008.
  3. «Edda raser videre». Nettavisen. 11. desember 2003. Henta 1. oktober 2008.