Ekstremvêret Mona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Analyse av Mona kl. 20 den 11. desember 2005.
Foto: met.no

Mona var eit ekstremvêr som råka Helgeland, Saltfjellet, Salten og Lofoten søndag den 11. desember 2005. Meteorologisk institutt sendte ut ekstremvarsel der dei varsla full storm mellom sørvest og nordvest. Ekstremvarselet gjaldt ikkje for Lofoten, sjølv om det òg her var varsla kraftig vind. I tillegg var det venta store nedbørsmengder med 50 mm på 24 timar.

Årsaka til uvêret var ein kraftig ekstratropisk syklon i Norskehavet.

Verknader[endre | endre wikiteksten]

Uvêret vart ikkje så kraftig så venta, men skapte likevel særs vanskelege køyreforhold med særs glatte vegar, mykje vatn i vegbanen, og dette i kombinasjon med kraftig vind. Som følgje av dette vart E6 over Saltfjellet stengd, medan fleire vogntog køyrde av vegen. Fleire ferjsamband vart stengde.[1]

I Bodø velta eit stillas og uvêret gjorde materielle skadar på ein bil og eit hus.[2] Her sleit òg ei flytebrygge seg med 15-20 båtar, og indre hamn i Bodø vart stengd.[2] I tillegg skapte uvêret store forseinkingar i flytrafikken ved Bodø lufthamn. Elles i Bodø fekk politet inn meldingar om 20 mindre skadar etter uvêret.[3]

Hundrevis av husstander og fleire skular og barnehagar vart straumlause på Helgeland etter uvêret, hovudsakleg av tre som velta over straumlinjene.[4]

I Lofoten reiv vinden ned eit ungdomshusKleppstad som var under oppføring.[5]

Observasjonar[endre | endre wikiteksten]

Vind[endre | endre wikiteksten]

Lista under viser dei kraftigaste vindmålingane i landet under uvêret. Ikkje alle stadane, som på Nordvestlandet, vart rekna som ein del av området som fekk ekstremvêr, sidan kriteria her for å varsle ekstremvêr er annleis.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Myken 32 41 11. desember kl. 23-00
Helligvær 30 39 12. desember kl. 00-03
Røst 29 38 12. desember kl. 00-01
Nordøyan fyr 29 35 11. desember kl. 23-00
Kråkenes fyr 29 33 11. desember kl 12-13
Bodø 28 36 11. desember 19-22
Sklinna fyr 27 35 12. desember kl. 00-03
Svinøy fyr 27 32 11. desember kl. 12-13
Ona 26 37 11. desember kl. 13-16
Halten fyr 24 32 12. desember kl. 04-05
Skrova fyr 24 31 11. desember kl. 19-22
Buholmråsa fyr 23 31 12. desember 23-00
Vega 23 -- 12. desember kl. 07
Namdalseid 23 -- 12. desember kl. 07
Værnes 22 30 12. desember kl. 06-07
Sula 22 29 11. desember kl. 13-16
Veiholmen 22 28 11. desember kl. 13-16
Fruholmen fyr 22 27 12. desember 00-01
Bø i Vesterålen 22 27 12. desember kl. 01-04

Nedbør[endre | endre wikiteksten]

Nedbøren er målt mellom kl. 07 den 11. desember og kl. 07 den 12. desember.

Stasjon Nedbør siste 12 timar
11. des. kl. 19
(mm)
Nedbør siste 12 timar
12, des. kl. 07
(mm)
Nedbør siste 24 timar
12. okt. kl. 07
(mm)
Fiplingvatn 10,8 41,7 52,5
Høylandet 6,3 45,7 52,0
Bodø 0,5 39,0 39,5
Takle 0,4 36,0 36,4
Værnes 3,4 30,6 34,0
Mjølfjell -- -- 33,1
Solvær 0,4 26,8 27,2
Kvamskogen 0,6 24,0 24,6
Finnøy i Hamarøy 21,0 2,5 23,5
Sortland 12,4 10,8 23,2

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mona skaper kaos». RanaBlad.no. 11. desember 2005. Henta 25. november 2008. 
  2. 2,0 2,1 «Mona med full kraft». 12. desember 2005. Henta 25. november 2008. 
  3. «Ekstremværet «Mona» herjer». vg.no. 12. desember 2005. Henta 25. november 2008. 
  4. «Mørklagt av Mona». RanaBlad.no. 12. desember 2005. Henta 25. november 2008. 
  5. ««Mona» raste i Gimsøystraumen». Lofotposten. 12. desember 2005. Henta 25. november 2008.