Fear (of the Unknown)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fear (of the Unknown)
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Superstition
B-side «Spiral Twist», «I Could Be Again»
Utgjeve 26. november 1991
Innspelt 1991
Sjanger Dance rock, alternativ rock
Lengd 4:10
Selskap Geffen
Låtskrivar(ar) Susan Ballion, Peter Edward Clarke og Steven Severin
Produsent Stephen Hague
Siouxsie and the Banshees-kronologi
«Shadowtime»
(1991)
Fear (of the Unknown) «Face to Face»
(1992)


«Fear (of the Unknown)» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Songen kom ut seint i 1991 som den andre singelen i USA frå det tiande albumet deira, Superstition. Singelen kom ikkje ut i Storbritannia og var den einaste Siouxsie and the Banshees-singelen som ikkje kom ut der.[1]

Songen, i si opphavlege form, var ein livleg dance-orientert song med tung perkusjon av trommeslagaren Budgie. For singelutgåva vart «Fear (of the Unknown)» drastisk remiksa av Junior Vasquez, som gav songen ei house-kjensle.[1]

«Fear (of the Unknown)» vart ein del spelt på amerikansk alternativ rock-radio, og nådde 12. plassen på Billboard Modern Rock Tracks-lista. Songen vart den største hitten deira på den amerikanske Hot Dance/Disco-lista, der han nådde sjetteplassen.[2]

Plateomslaget er ei hyllest til draumesekvensen til James Stewart i Alfred Hitchcock-filmen Vertigo.

12"-vinyl[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fear (Of The Unknown) (CHR Mix)» *
  2. «Fear (Of The Unknown) (House Of Fear Extended Mix)» *
  3. «Fear (Of The Unknown) (LP Version)»
  4. «Fear (Of The Unknown) (Vertigo Mix)» *
  5. «Fear (Of The Unknown) (Urban Fear Mix)» *
  6. «Spiral Twist»

(* remiksa av Junior Vasquez)

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991) Plassering
US Modern Rock Tracks 12
US Hot Dance/Disco 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Unsworth, Cathi (17. oktober 1992). «Through the past, darkly». Melody Maker. 
  2. «Siouxsie and the Banshees - Awards». Allmusic. Arkivert frå originalen 22. oktober 2011. Henta 28. august 2020.