The Scream av Siouxsie and the Banshees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Scream
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Språk engelsk
Utgjeve 13. november 1978
Innspelt August 1978
Studio RAK, London
Sjanger Post-punk
Lengd 39:04
Selskap Polydor
Produsent
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
The Scream Join Hands
(1979)


The Scream er debutalbumet til det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees, utgjeve i november 1978 på Polydor. Albumet vert rekna som ein milepåle innan post-punk med ein nyskapande kombinasjon av bass-dominert rytme og kvass gitar med motorik-trommer som hovudsakleg er spelt på tam-tam-ane.

The Scream vart kritikarrost og trekt fram av kritikarane som ei orginal vidareutvikling av rocken. The Scream er òg omtalt som ei viktig inspirasjonskjelde av mange post-punk og alternativ rock-artistar, som Joy Division, Killing Joke, Steve Albini, The Jesus and Mary Chain, Faith no More og Massive Attack.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1977 og tidleg i 1978 fekk Siouxsie and the Banshees mykje presseomtale, men klarte ikkje å sikre seg ein platekontrakt. Ein fan sette i gang ein graffiti-kampanje i London, der han spraya veggane til dei store plateselskapa med orda «Signert The Banshees: gjer det no».[1] Polydor gav dei til slutt kontrakt i juni.[2]

John McKay vart gitaristen i bandet i juli 1977. Musikkhistorikaren Clinton Heylin hevda at då McKay kom inn i bandet, i tillegg til at gruppene Magazine og Public Image Ltd vart skipa mellom august 1977 og mai 1978, markerte den «verkelege starten for engelsk post-punk».[3] Fleire songar frå The Scream hadde alt blitt spelt inn på BBC Radio 1 for to John Peel-innspelingar: «Mirage», «Metal Postcard» og «Suburban Relapse» hadde premiere i november 1977 og «Overground» og «Carcass» vart sende tre månadar seinare i februar 1978. Under innspelinga av den første Peel-økta, skildra Siouxsie og Severin musikken sin som «kald, maskin-liknande og lidenskapeleg på same tid». Vivien Goldman skreiv: «Siouxsie and the Banshees høyrest ut som eit industrianlegg frå 2000-talet».[4]

Innspeling og musikk[endre | endre wikiteksten]

The Scream vart spelt inn i løpet av ei veke i august 1978 og miksa på tre veker i lag med Steve Lillywhite som medprodusent.[5] Bandet var i studio då debutsingelen deira, «Hong Kong Garden», kom ut.[6] Lillywhite vart henta inn fordi han spelte inn trommer på ein annan måte. Han spurte trommeslagaren Kenny Morris om å spele basstromma og skarptromma først. Så gjorde han cymbalar og tom-tom-ar sidan.[7] Journalisten Kris Needs merka seg at Lillywhite brukte «djupt ekko» på trommene.[5]

J.G. Ballard og William Burroughs var utgangspunkt for tekstane på The Scream.[8] På eit spor som «Suburban Relapse», skreiv bandet om forstadslivet, der dei vart fødde og voks opp. Bassisten Steven Severin forklarte: «Det er derfor J.G. Ballard gav så mykje gjenklang hos oss, fordi alle dei nær-framtidige sogene hans vart sett til denne bisarre forstadsaudemarka. Suburbia er ein stad der du kan førestille deg kva som helst, fordi det er plass, ikkje urbant rot».[9]

Simon Goddard skildra musikken på The Scream som «ein klaustrofobisk avgrunn av angst og kvassheit», og sa det var ein del av ein trio av album som la grunnlaget for post-punk.[10] Opningssporet, «Pure», hadde ein romsleg, atmosfærisk lyd. Journalisten Miranda Sawyer skreiv at «vokalen til Siouxsie kom langt borte frå», at «det var mykje rom» og at «lyden var stor og langsam».[8] Kris Needs skreiv at mot slutten så siv han ut i «Jigsaw Feeling», ein «song om desorientering og forvirring med ein stor, stundom fryktinngytande lyd».[5] På «Metal Postcard» er det ei «motorik nøysemd» i rytmemønsteret.[11] Den siste songen, «Switch», vart arrangert i tre forskjellige seksjonar, «for forskjellige folk som skiftar jobb med forferdeleg resultat - forskarar, legar og prestar».[5]

McKay var medlåtskrivar på dei fleste songane. Berre «Carcass» er frå tida bandet spelte med Peter Fenton, som var gitaristen deira frå januar til juli 1977.[12] Siouxsie ønskte at musikken til The Banshees skulle vere «filmatisk». Musikken til Bernard Herrmann for Alfred Hitchcock-filmen Psycho inspirerte musikken til «Suburban Relapse», der gitarane minner om dei skrikande fiolinane under den kjende dusjscenen.[13] Trommeslagaren Stephen Morris skreiv i sjølvbiografien sin at The Banshees nytta «bass-dominert rytme» og at trommeslagaren deira «Kenny Morris hovudsakleg spelte på tom-tom-ane».[14]

Tittel og omslag[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på albumet var dels inspirert av filmen The Swimmer frå 1968 (med Burt Lancaster), der hovudpersonen, Neddy Merrill, planlegg å symje heim ved hjelp av utandørsbasseng. Han klatrar over hagegjerde, frå basseng til basseng, og reisa gjorde han fysisk og psykisk utmatta, og i slutten seier Goddard «alt Neddy Merrill kunne tenkje å gjere var å skrike, [...] som eit skrik av utmatta jubel etter ei trøblete og krevjande reise».[15]

Siouxsie hadde sjølv ideen til omslaget. Fotografen Paul Wakefield møtte henne og bandet for å diskutere prosjektet. Wakefield sa seinare: «Ideen var å ta urovekkande og nervøse bilete under vatn i eit symjebasseng – du kan ikkje skrike under vatn. Eg ønskte å kunne kontrollere lyset, så eit innandørsbasseng var det einaste alternativet. Eg leita etter nokre basseng, men då eg såg dette bassenget i YMCA i sentrum av London, som hadde mørkeblå fliser med lyseblå striper, i staden for den vanlege, motsette fargekombinasjonen, visste eg at det var den rette staden. Eg ønskte å gje det ein skumme undervassaktig nattkjensle, og denne settinga var perfekt. Eg brukte skulebarn som modellar og dei løp meir eller mindre løpsk.»[16]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Meir enn ein månad før utgjevinga sende John Peel albumet på BBC Radio 1 frå ein kopi han fekk tilsendt på kassett, frå byrjinga til slutten utan stopp. «Det er denne, gutar og jenter,' sa han då det var over. 'Det er denne.'»[17]

The Scream kom ut 13. november 1978. Det vart nesten ein umiddelbar suksess og nådde 12. plassen på UK Albums Chart.[18]

The Scream kom ut på ny den 27. oktober 2005 som ein del av Deluxe Edition-serien til Universal. Den nye utgåva hadde ommastra lyd på den første plata, medan den andre plata bestod av demo- og konsertopptak i lag med singlar frå perioden. Ei utgåve på ei plate kom ut i 2007.

I november 2016 kom albumet ut på vinyl som ei biletplate, ommastra frå dei originale lydbanda av Kevin Metcalfe.[19] Ein 180-grams vinyl av originalutgåva, mastra frå dei originale lydbanda og sett til halv fart i Abbey Road Studios av Miles Showell, kom ut i september 2018.[20] Ei utgåve på blå vinyl, avgrensa til tusen eksemplar, kom ut i november 2018 i høve 40-årsjubileet til albumet, og var berre tilgjengeleg på sjølvstendige musikk-nettbutikkar.[21]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[22]
Christgau's Record GuideB+[23]
Mojo (luksusutgåva 2005)4/5 stars[24]
Q (luksusutgåva 2005)4/5 stars[25]
Record Mirror5/5 stars[26]
Sounds5/5 stars[27]
Uncut (luksusutgåva 2005)5/5 stars[28]

Albumet fekk god kritikk då det kom ut. Kritikarar i både britisk og amerikansk presse var generelt samde om at albumet var ein milepåle og at måte bandet eksperimenterte på gjorde det til ei utfordrande gjennomlytting.

The Scream vart hylla som «det beste debutalbumet det året» av Sounds.[29] Peter Silverton gav albumet fem av fem stjerner,[27] og avisa kåra det til det nest beste albumet det året.[30] Record Mirror gav òg fem av fem stjerner og skreiv: «The Scream peikar framover, verkeleg musikk for ein ny æra. Det er vitalt, det går framover. Det er ein milepåle.» Chris Westwood roste samhaldet mellom teksten og musikken: «Det lyriske sinnsbiletet på albumet vert spegla i det perfekte arbeidet til [gitaristen] McKay. [Bassisten] Severin og [trommeslagaren] Morris; konstant i endring, uroleg, kontrollert aggresjon, dei er like essensielle som Siouxsie.»[26] Melody Maker skildra lyden som «sterk, slipande, kjenslemessig og konstant nyskapande, med ei kraft som gjev rommet like viktige som tonane», og kritikarane samanlikna teksturen på albumet med Wire og Pere Ubu.[31] ZigZag omtalte det som «ei storslått plate», og skribenten Kris Needs skreiv: «Eg kan ikkje kome på ei anna gruppe som kunne ha laga ein LP så kompromisslaus, mektig og forstyrrande, og likevel så fengande og likande. Det er sannleg ein klassikar som står som ein milepåle ved sidan av David Bowie sitt Diamond Dogs, det første til Roxy [Music] og Lou Reed sitt Berlin. Dette er musikk med så stor styrke og visjon at du ikkje kan unngå å bli rørt når dei svingar inn i den siste klimatiske passasjen i 'Switch', avslutningssporet.» Needs omtalte lyden som «enorm, stundom imponerande» og sa at trommeslagaren Morris skapte «ein av dei beste trommelydane eg nokon gong har høyrt – det djupe ekkoet og golvristande miksen som framhevar den dempa Glitter Band-trampinga».[5] Kritikaren Adam Sweeting byrja meldinga si med å sei «Dette er eit uhyggeleg, intenst meisterverk». Sweeting skreiv så at musikarane «har perfeksjonert ein gruppelyd som er kraftig, men straumlinjeforma», og la til at «tekstane og musikken i lag skapar kjølige, blendande bilete».[32]

Fleire journalistar frå NME har òg hylla albumet. Nick Kent skreiv først at bandet høyrdest ut som «ei unik blanding av The Velvet Underground og det oppfinnsame i Tago Mago-tida til Can.» Han fokuserte så på opningssporet og sa at «Pure» «tar stilen til det ultimate vegkrysset, og etterlet rom som seier like mykje som notane som vert spelte. Den tradisjonelle tre-delte lyden har sanneleg aldri blitt brukt på ein meir uortodoks måte med så fantastiske resultat før.»[33] I desember 1978 skildra ein annan kritikar frå NME, Paul Morley, musikken på The Scream som «ulikt alt anna i rocken. Dette er ikkje, som nokon vil sei, kaotisk - det er kontrollert. Kvart instrument opererer i sitt eige rom, si eiga tid, som om dei etterliknar linjer frå andre instrument.»[34]

I ei anna melding i NME var Julie Burchill meir reservert og sa at stilen til The Banshees var «ein sjølvviktig treskemaskin som slår ned alle strengeinstrumenta til same låge nivå ved sidan av den triste understemma når denne prøver nyttelause ørne- og due-svingar kring mono-rytmen. Stilen deira er heilt klart noko anna enn det normale gitar-bass-trommer-song-stilen. Men det er radikalt keisamt. Høgt, tungt og flatt».[35]

Kurt Loder skreiv ei særs positiv melding i Rolling Stone, og skreiv at The Scream var «eit slåande debutalbum»; og at «lyden er naken, men fullstendig realisert (takka vere den sympatiske medprodusenten Steve Lillywhite), og får ein intellektuell dimensjon av ein serie forstyrrande, tvetydige, lyriske bilete».[36]

Under eit radioprogram på BBC nemnde David Bowie ein konsert med gruppa etter debutalbumet kom ut: «Eg såg deg Siouxsie og du var verkeleg glimrande [...] Eg heldt fast til eksemplaret mitt av The Scream».[37]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

NME rangerte albumet på 58. plassen på lista si over dei 100 beste albuma gjennom tidene i 1985.[38] Uncut plasserte albumet på 43. plassen på si liste over dei 100 beste debutplatene.[39] Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[40] I 2006 tok skribenten Garry Mulholland albumet med i boka si Fear of Music om dei 261 beste albuma sidan 1976.[41] I 2007 skreiv Kris Needs at «det står som eit av dei beste debutalbuma gjennom alle tider».[42] I 2017 hadde Q albumet med på lista si over «debutalbum som endra musikken» med «revolusjonerande lydar».[43]

The Scream sette gruppa blant pionerane innan post-punk, noko Robert Smith i The Cure var samd i: «Då The Scream kom ut hugsa eg at det var mykje meir langsamt enn alle trudde. Det var som ein føregangar til Joy Division-stilen. Det var ein så stor lyd.»[44]

Peter Hook i Joy Division, som såg gruppa på ein konsert i Manchester i 1977,[45] sa om The Scream: «Siouxsie And The Banshees var ei av dei største inspirasjonskjeldene våre. Den første LP-plata til The Banshees var ei av favorittplatene mine. Måten gitaristen og trommeslagaren spelar på var verkeleg uvanleg og dette albumet står som ein milepåle.»[46] Geordie Walker i Killing Joke hylla gitarspelinga og lyden til McKay: «på The Scream kom han ut med desse akkordstrukturane som eg fann særs forfriskande. Den fyren har blitt stolen så mykje frå. Han starta den flanger-akkord-greia».[47]

The Scream hadde stor innverknad på andre musikarar. Massive Attack covra og sampla «Metal Postcard (Mittageisen)» på songen sin «Superpredators (Metal Postcard)» i 1997 for musikken til filmen The Jackal.[48] Steve Albini hylla gitaristen John McKay for støyen han skapte: «The Scream er kjend for eit par ting: først no prøver folk å etterlikne det, og sjølv no er det ingen som forstår korleis gitaristen spelte (du veit, han som vart erstatta av alle i England) all den meiningslause støyen som heldt songane saman» og la til: «god gitarstøy er som ein orgasme.»[49] Jim Reid i The Jesus and Mary Chain sa: «'Jigsaw Feeling' frå The Scream var glimrande, utruleg. Det er årsaka til at eg lagar musikk».[50] Morrissey spelte «Mirage» over anlegget før alle konsertane sine i 1991 på Kill Uncle-turneen.[51] Hovudlåtskrivaren til Morrissey, Boz Boorer, har òg rangert The Scream høgt og teke plata med blant dei fem «øyde øy-platene» sine.[52] Faith No More spelte «Switch» på konsertane sine[53] og har omtalt albumet som ei av inspirasjonskjeldene sine.[54] Garbage-songaren Shirley Manson har omtalt albumet som ei av favorittplatene sine.[55] The Scream vart òg hylla av songaren i Suede, Brett Anderson.[56]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Pure» Siouxsie Sioux, Steven Severin, John McKay, Kenny Morris1:50
2.«Jigsaw Feeling»SeverinSeverin, McKay4:39
3.«Overground»SeverinMcKay3:50
4.«Carcass»Siouxsie, SeverinSiouxsie, Peter Fenton3:49
5.«Helter Skelter»John Lennon, Paul McCartneyLennon, McCartney3:46
Side B
Nr.TittelTekstMusikkLengd
6.«Mirage»SeverinMcKay2:50
7.«Metal Postcard (Mittageisen)»SiouxsieMcKay4:14
8.«Nicotine Stain»SiouxsieSeverin2:58
9.«Suburban Relapse»SiouxsieMcKay4:12
10.«Switch»SiouxsieMcKay6:49
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelTekstMusikkLengd
11.«Hong Kong Garden» (7" A-side)SiouxsieSiouxsie, Severin, McKay, Morris2:55
12.«The Staircase (Mystery)» (7" A-side)SiouxsieSiouxsie, Severin, McKay, Morris3:15
Bonusplate med luksusutgåva frå 2005
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Make Up to Break Up» (Riverside session) Siouxsie, Severin, Fenton 
2.«Love in a Void» (Peel Session 1)SeverinSiouxsie, Severin, Fenton 
3.«Mirage» (Peel Session 1)   
4.«Metal Postcard (Mittageisen)» (Peel Session 1)   
5.«Suburban Relapse» (Peel Session 1)   
6.«Hong Kong Garden» (Peel Session 2)   
7.«Overground» (Peel Session 2)   
8.«Carcass» (Peel Session 2)   
9.«Helter Skelter» (Peel Session 2)   
10.«Metal Postcard» (Pathway session)   
11.«Suburban Relapse» (Pathway session)   
12.«The Staircase (Mystery)» (Pathway session)   
13.«Mirage» (Pathway session)   
14.«Nicotine Stain» (Pathway session)   
15.«Hong Kong Garden» (7"-versjon)   
16.«The Staircase (Mystery)» (7"-versjon)   

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie and the Banshees
Technical

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mark Paytress (2003). Siouxsie and the Banshees: The Authorised Biography. Sanctuary Publishing. ISBN 1860743757. 
  2. Heylin 2006, s. 461.
  3. Heylin 2006, s. 460.
  4. Goldman, Vivien (3. desember 1977). «New Music – Siouxsie Sioux Who R U?». Sounds. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Needs, Kris (November 1978). «Siouxsie and the Banshees: The Scream». ZigZag. Rock's Backpages (subscription required). Arkivert frå originalen 5. januar 2010. Henta 12. august 2020. 
  6. Clinton Heylin (2006). Babylon's Burning: From Punk to Grunge. Penguin Books. s. 440. ISBN 0-14-102431-3. 
  7. Tassell, Nige (12. januar 2012). «Tori Amos, Kristin Hersh, Anton Corbin and more recall their big career firsts». The Guardian. Henta 12. august 2020. 
  8. 8,0 8,1 Sawyer, Miranda (16. oktober 2012), Spellbound: Siouxsie and the Banshees, BBC Radio 4 
  9. Paytress, Mark (November 2014), Her Dark Materials, Mojo, s. 79 
  10. Goddard, Simon (2010). Mozipedia: The Encyclopedia of Morrissey and the Smiths [Sioux, Siouxsie entry]. Ebury Press. s. 393. ISBN 0452296676. «Produsert av Steve Lillywhite, it arrived between Magazine's Real Life and Public Image Ltd's Public Image as the second in that year's triptych of albums layering the foundations of post-punk.» 
  11. Cairns, Dan (26. august 2007), «I didn't get permission - I just went ahead and did it», The Sunday Times 
  12. Heylin 2006, s. 132.
  13. «Episode 3». The Movie That Changed My Life. 31. juli 2009. BBC Radio 2. Henta 12. august 2020. 
  14. Morris, Stephen (2019). Record Play Pause: Confessions of a Post-Punk Percussionist: The Joy Division Years Volume I. Constable. ISBN 1472126203. «It would be Siouxsie and the Banshees to whom I most felt some kind of affinity. [...] the bass-led rhythm, the way first trommeslagaren Kenny Morris played mostly toms. [...] The banshees had that [...] foreboding sound, sketching out the future from the dark of the past. [...] hearing the sessions they'd done on John Peel's show and reading gigs write-ups, [...] they sounded interesting.» 
  15. Goddard, Simon (2005), The Scream [liner notes deluxe edition], Universal Music 
  16. Featured Album Cover Artist Portfolio – Paul Wakefield, albumcoverhalloffame, 12. desember 2014 
  17. Cavanagh, David (2015). Good Night and Good Riddance: How Thirty-Five Years of John Peel Helped to ... Faber & Faber. ISBN 0571327893. 
  18. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 12. august 2020. 
  19. «Siouxsie and the Banshees The Scream Picture Disc 2016» Arkivert 2018-06-23 ved Wayback Machine.. Thesoundofvinyl.com. Henta 12. august 2020
  20. Helfet, Gabriela (4. september 2018). «10 Siouxsie & The Banshees albums to be reissued on vinyl». thesoundofvinyl. Henta 12. oktober 2018. 
  21. «The Scream Blue Vinyl». Left-Legged.com. Henta 12. august 2020. 
    «The Scream Blue Vinyl». Banquetrecords. Henta 12. august 2020. 
    «The Scream Blue Vinyl». Piccadillyrecords. Henta 12. august 2020. 
    «The Scream Blue Vinyl». Reflexrecord. Henta 12. august 2020. 
  22. Raggett, Ned. «The Scream – Siouxsie and the Banshees». AllMusic. Henta 12. august 2020. 
  23. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. august 2020 – via robertchristgau.com. 
  24. Cameron, Keith (November 2005). «Siouxsie and the Banshees: The Scream». Mojo (144): 122. 
  25. Segal, Victoria (November 2005). «Siouxsie and the Banshees: The Scream». Q (232). 
  26. 26,0 26,1 Westwood, Chris (14. oktober 1978). «Siouxsie's Stampede [The Scream – review]». Record Mirror: 16. 
  27. 27,0 27,1 Silverton, Pete (14. oktober 1978). «If Screams could kill [The Scream – review]». Sounds: 33. 
  28. Reynolds, Simon (November 2005). «Killer wail». Uncut (102). 
  29. Silverton, Pete (25. november 1978). «The Most Elitist Band in the World». Sounds. 
  30. «End of Year list». Sounds. 23. desember 1978. 
  31. Birch, Ian (21. oktober 1978). «Scream and Scream Again». Melody Maker. 
  32. Adam Sweeting. «The Scream - review». 1979 - reproduced in Ray Stevenson's book: Siouxsie and the Banshees - Photo Book (1983). Omnibus Press. ISBN 0711903018.
  33. Kent, Nick (26. august 1978). «Bansheed! What's in an Image?». NME. 
  34. Morley, Paul (23. desember 1978). «Siouxsie and the Banshees». NME. 
  35. Burchill, Julie (18. november 1978). «Album Review by Julie Burchill. Well, Whatever Would Edvard Munch Have Said? Siouxsie and the Banshees. The Scream (Polydor)». NME. 
  36. Kurt Loder (4. oktober 1979). «The Scream – review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. oktober 2007. Henta 12. august 2020. 
  37. «Jonathan Ross show on BBC Radio 2 - interview with David Bowie and Siouxsie». youtube. 2. august 2003. Henta 12. august 2020. 
  38. «Top 100 [«NME Writers All Time 100 Albums»]». NME: 12. 30. november 1985. 
  39. «100 Greatest Debut Albums». Uncut. August 2006. 
  40. Robert Dimery (2005). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Cassell Illustrated. 
  41. Mulholland, Garry (2006). Fear of Music: The Greatest 261 Albums Since Punk and Disco. Orion. ISBN 0-7528-6831-4. 
  42. Needs, Kris (September 2007), «20 Minutes into 20 Years», Record Collector 
  43. Staff Writers (April 2017). «The Debut Albums That Changed Music - a Hand-picked Selection of Revolutionnary Sounds». Q (370). 
  44. Steve Sutherland (1. oktober 1983). «Disturbing Old Ghosts». Melody Maker: 37. 
  45. Hook, Peter (2011). The Hacienda: How Not to Run a Club. Simon & Schuster. ISBN 978-1847391773. «I went to see Siouxsie and the Banshees at The Oaks, and I still have my ticket» 
  46. «Playlist – Peter Hook’s «Field recordings»». Q magazine. 23. april 2013. Arkivert frå originalen 18. januar 2018. Henta 10. januar 2017. 
  47. Kay, Max (June 1984). «Max Kay Interviews Geordie». Music U.K. 
  48. «inflightdata.com – Massive Attack Discography – Tune Info + Lyrics – superpredators». inflightdata.com. Arkivert frå originalen 13. juli 2011. Henta 12. august 2020. 
  49. Steve Albini. (September - October 1984). «Tired of Ugy Fat ?». Matter [a Music Magazine] (10).
  50. «Jim Reid on BBC Radio 6 Music». bbc.co.uk. 4. mars 2012. Arkivert frå originalen 3. mars 2012. Henta 4. august 2015. 
  51. «Morrissey Under the Influence». passionsjustlikemine.com. Henta 12. august 2020. 
  52. «Q & A Pt 4». bozboorer.com. 21. november 2006. Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 3. august 2012. 
  53. «Faith No More - Switch - Melbourne 2010». youtube. Henta 5. mars 2015. 
  54. Wiederhorn, Jon (4. november 2014). «Interview: Faith No More Give Update from the Studio». Revpmver. Henta 12. november 2014. 
  55. Dave Simpson (28. mars 1998). «Rebellious Jukebox». Melody Maker. 
    Kerr, Dave (29. juni 2012). «Under the Influence: Shirley Manson». theskinny.co.uk. Henta 12. august 2020. 
    Manson, Shirley (12. mai 2018). «Why I Love… The Scream – Siouxsie And The Banshees». Longlivevinyl.net. Henta 20. mai 2018. 
    Aubrey, Elizabeth (6. juni 2018). «Versions 13.0: Shirley Manson's Favourite Albums». Thequietus.com. Henta 12. august 2020. 
  56. «Some Current Fascinations». brettanderson.co.uk. Arkivert frå originalen 20. juli 2011. Henta 12. august 2020.