Tinderbox av Siouxsie and the Banshees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tinderbox
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Utgjeve 21. april 1986
Innspelt Mai og eptember 1985
Studio
Sjanger Alternativ rock
Lengd 38:21
Selskap
Produsent Siouxsie and the Banshees
Siouxsie and the Banshees-kronologi
Hyæna
(1984)
Tinderbox Through the Looking Glass
(1987)


Singlar frå Tinderbox
  1. «Cities in Dust»
    Utgjeve: 18. oktober 1985
  2. «Candyman»
    Utgjeve: 28. februar 1986

Tinderbox er det sjuande studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Det kom ut 21. april 1986 på Wonderland og Polydor Records i Storbritannia og Geffen Records i USA. Det var det første albumet deira med den då nye gitaristen John Valentine Carruthers. Carruthers hadde tidlegare berre spelt nokre få delar på EP-en The Thorn i 1984. Den første innspelinga for albumet fann stad i Hansa by the Wall i Berlin i mai 1985.

To av songane vart gjevne ut på singlar mellom slutten av 1985 og tidleg i 1986, «Cities in Dust» og «Candyman». Tinderbox nådde 13. plassen på UK Albums Chart og 88. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.[1][2]

Bakgrunn og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart skriven for å framførast på scenen, slik Juju vart det i 1981 på den påfølgjande turneen. Etter å ha øvd for songarne i månader, drog bandet til Berlin for å spele inn det nye materialet i mai 1985. Den første singelen, «Cities in Dust», var det einaste sporet som berre vart spelt inn i Matrix Studios i London i september. Resten av vokalen vart gjort i Air Studio i desember.[3]

I byrjinga av songen «92°» er det ei sampling frå filmen It Came from Outer Space frå 1953 med linja «Did you know [...] that more murders are committed at 92 Fahrenheit than any other temperature? I read an article once. Lower temperatures, people are easygoing. Over 92, it's too hot to move. But just 92, people get irritable».[4]

På omslaget kan ein sjå eit bilete av ein tornado, teken av Lucille Handberg nær byen Jasper i Minnesota den 8. juli 1927.[5][6] Fotografiet hennar er blitt eit klassisk bilete[7] og er tidlegare blitt nytta på plateomslaga til Miles Davis-albumet Bitches Brew (1970) og Deep Purple-albumet Stormbringer (1974).

Tinderbox kom ut 21. april 1986. Ei ommastra utgåve kom ut med bonusspor i 2009 med mellom anna ein ikkje tidlegare utgjeven versjon av «Song from the Edge of the World» og ein song med tekst av Steven Severin kalla «Starcrossed», spelt inn i mai 1985. B-sidene til «Cities in Dust» og «Candyman» vart i starten lagt til som bonusspor på CD-utgåva frå 1986.

I august 2018 kom albumet ut på 180-grams vinyl med ommastra lyd.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[9]
BBC(positiv)[10]
Los Angeles Times(positiv)[11]

Albumet fekk god omtale av kritikarane. Sounds hylla albumet då det kom ut. Kevin Murphy skreiv «Tinderbox boltrar seg i all majesteten frå Dreamhouse» og er ei forfriskande side av det forstyrrande perspektivet til The Banshees og gjenskapar dei livlege skuggane i den bleike delen av pop-paletten.»[12] Jon Savage roste albumet i magasinet Spin: «Omfanget, enkelheita og forsikringa gjer dette til ei god samling for The Banshess til å relansere seg i den internasjonale marknaden denne våren. Carruthers passar så bra inn at du ikkje skulle tru han var ny i bandet, og tromminga til Budgie er strålande. Utanom singlane 'Cities in Dust' og 'Candyman' (som forevigar det skumle synet til The Banshees på barndom), gnistrane fyk på den krystallklåre 'Cannons' og den urovekkjande 'Parties Fall'.[13] Dave Gahan i Depeche Mode omtalte singelen 'Candyman' som «ei flott Banshees-plate».[14]

AllMusic-skribenten David Cleary gav seinare albumet 4,5 av 5 stjerner og applauderte bandet for «rocketromminga, drivande aggressiv gitar som likevel er full av tekstur, og meisterleg, kraftfull synging. Songane her er intense, faktisk er det ei tilfredsstillande kjensle til den musikalske, uniforme lydveggen her. Det er fleire forsiktige og effektivt produserte grep gjennom heile plata.»[9] The Quietus hylla òg albumet og skreiv: «Ved å flytte fokuset frå gitaren, har Siouxsie & The Banshees skapt ein eigenarta stil. Med fokus på rytme og perkusjon stil har det gamle rockespråket deira blitt fjerna til fordel for ein stil som er heilt deira eigen. På 'Cities in Dust', den første singelen frå Tinderbox, flytta bandet seg inn i meir elektroniske klima etter at Severin nyleg hadde kjøpt ein DX-7-synth og oppdaga nye område å utforske.»[15] PopMatters førte albumet opp på lista si over «12 essensielle alternative rockealbum frå 1980-åra», og kalla det «modig og fortryllande».[16]

Tinderbox er seinare blitt hylla av andre musikarar. Jean-Benoît Dunckel i Air valte Tinderbox på si «5 album for alltid»-lista og sa «Dei spelte så bra i lag. Eg såg dei på konsert og det gløymer eg aldri».[17] Billy Howerdel i A Perfect Circle rangerte albumet blant favorittane hans.[18] Howerdel skildra det som «ei av dei skumlaste platene eg har høyrt. Somme av songane der har ein slik tett atmosfære. Stundom når eg står fast, lyttar eg til det. Det er som dei gongane når du ikkje har noko inspirasjon og du går ut og ser på månen. Slik er den plata for meg.»[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spora er skrivne av Siouxsie and the Banshees. Alle tekstar er skrivne av Siouxsie Sioux, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Candyman»3:44
2.«The Sweetest Chill»4:07
3.«This Unrest»6:21
4.«Cities in Dust»3:51
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Cannons»3:14
6.«Party's Fall»4:56
7.«92°»6:02
8.«Land's End»6:06
Total lengd:38:21
Bonusspor på CD-utgåva frå 1986
Nr.TittelTekstLengd
9.«The Quarterdrawing of the Dog» 4:59
10.«An Execution» 3:50
11.«Lullaby»Steven Severin3:33
12.«Umbrella» 4:12
13.«Cities in Dust» (utvida versjon) 6:49
Total lengd:61:44
Bonusspor på CD-utgåva frå 2009[20]
Nr.TittelTekstLengd
9.«Cities in Dust» (12″ Eruption mix) 6:51
10.«The Sweetest Chill» (Chris Kimsey 12″ remix) 5:57
11.«Song from the Edge of the World» (JVC-versjonen)Severin4:05
12.«Starcrossed» (demo)Severin4:07
Total lengd:5:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget til Tinderbox.[6]

Siouxsie and the Banshees[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Design[endre | endre wikiteksten]

  • Lucille Handberg – fotografi på framsida
  • Joe Lyons – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[21] 97
Nederlandske album (MegaCharts)[22] 51
Europeiske album (Music & Media)[23] 50
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[24] 34
Svenske album (Sverigetopplistan)[25] 32
Britiske album (OCC)[1] 13
US Billboard 200[2] 88

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "19860420 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 26. august 2020.
  2. 2,0 2,1 "Siouxsie the Banshees Album & Song Chart History" Billboard 200 for Siouxsie the Banshees. Prometheus Global Media. Henta 26. august 2020.
  3. Mal:Cite work
  4. «92 dgr F quote». YouTube. Henta 3. september 2017. 
  5. «Tornado History – Historical Tornado Photos». TornadoChaser.net. Henta 27. februar 2009. 
  6. 6,0 6,1 Tinderbox (CD liner notes). Siouxsie and the Banshees. Wonderland, Polydor Records. 1986. 829 145-2. 
  7. Lane, Frank W. (1966). The Elements Rage (1st utg.). David & Charles. Plate 11. ISBN 0-7153-4012-3. The classic photograph of a tornado 
  8. «Join Hands Siouxsie and the Banshees Vinyl». Udiscovermusic. Henta 13. august 2020. 
  9. 9,0 9,1 Clearly, David. «Tinderbox – Siouxsie and the Banshees». AllMusic. Henta 20. august 2012. 
  10. Easlea, Daryl (2009). «Siouxsie & the Banshees Tinderbox Review». bbc.co.uk. BBC. 
  11. Atkinson, Terry (11. mai 1986). «TRADEMARK EXOTICA». latimes.com. Los Angeles Times. 
  12. Murphy, Kevin (10. mai 1986). «Pop's Royal Couple?». Sounds. 
  13. Savage, Jon (June 1986). «High Priestess». Spin 2 (3): 81. ISSN 0886-3032. Henta 26. august 2020 – via Google Books. 
  14. Gahan, Dave (February 1986). «Singles Reviewed by Dave Gahan of Depeche Mode». Smash Hits: 58. ISSN 0260-3004. Henta 26. august 2020. 
    «Depeche Mode». Smash Hits. 7. mars 1990. ISSN 0260-3004. Henta 26. august 2020. 
  15. Marszalek, Julian (10. april 2009). «Reviews: Siouxsie & The Banshees reissues». The Quietus. Henta 25. august 2020. 
  16. Makowsky, Jennifer (27. august 2014). «Hope Despite the Times: 12 Essential Alternative Rock Albums from the 1980s». PopMatters. Henta 27. oktober 2015. 
  17. Richard, Benoit (11. april 2016). «5+5 = Jean-Benoît Dunckel». Benzine (på fransk). Henta 12. august 2020. 
  18. D., Spence (25. mars 2008). «Ashes Divide Q&A». IGN. Henta 5. mai 2017. 
  19. Beckner, Justin (3. mars 2015). «Billy Howerdel: I'm a Big Believer in Working for Free, I Did That Most of My Life». Ultimate Guitar Archive. Henta 30. april 2017. 
  20. Tinderbox (remastered CD liner notes). Siouxsie and the Banshees. Polydor Records, Universal UMC, Wonderland. 2009. 531 489-3. 
  21. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 444. ISBN 0-646-11917-6. 
  22. "Siouxsie & The Banshees – Tinderbox". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 26. august 2020.
  23. «European Hot 100 Albums» (PDF). Music & Media 3 (18): 17. 10. mai 1986. OCLC 29800226. Henta 11. desember 2018 – via American Radio History. 
  24. "Siouxsie & the Banshees – Tinderbox". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 26. august 2020.
  25. "Siouxsie & the Banshees – Tinderbox". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 26. august 2020.