Join Hands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Join Hands
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Utgjeve 7. september 1979
Innspelt Mai til juni 1979
Studio AIR i London
Sjanger Post-punk
Lengd 42:29
Selskap Polydor
Produsent Nils Stevenson
Mike Stavrou
Siouxsie and the Banshees-kronologi
The Scream
(1978)
Join Hands Kaleidoscope
(1980)


Singlar frå Join Hands
  1. «Playground Twist»
    Utgjeve: 24. juni 1979

Join Hands er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees, utgjeve i september 1979 av Polydor. Det fekk god kritikk i den britiske pressa då det kom ut, inkludert av Melody Maker, Sounds, NME og Record Mirror.

Join Hands vart emnet den første verdskrigen nytta som inspirasjon. Musikalsk er det mørkare enn debutalbumet The Scream: det høyrest meir klaustrofobisk og meir stemningsskapande ut. Det var det siste albumet med den første første besetninga deira, sidan gitaristen John McKay og trommeslagaren Kenny Morris slutta i gruppa etter ei usemje i byrjinga av den britiske Join Hands-turneen, same dagen som albumet kom ut.

Albumet nådde 13. plassen på UK Albums Chart. «Playground Twist» var den einaste singelen frå albumet. Join Hands kom ut på ny på vinyl i 2015 i lag med det aller første plateomslag bandet hadde presentert for Polydor i 1979.

Historie, innhald og musikk[endre | endre wikiteksten]

Join Hands vart skriven over ein periode på eit halvt år.[1] I 1979 såg bandet på nyhende frå Iran, mellom anna scener med undertrykking og portforbod. Det var første gongen dei hadde sett bilete av folk som vart skotne og drepne på fjernsyn. I England var den politiske situasjonen ustabil, der søppel samla seg på gatene i London. Siouxsie Sioux såg det som «ei sann tid, alt i fluks og uvisst, men òg nagande frå undersida, og fordi desse tinga frå fortida berre vart liggande å rotne så måtte det aksepterast og så reinskast opp, ikkje berre kostast bort og framleis rotne».[2] Bandet var inspirert av desse hendingane. Temaet krig dukka opp i songane, men i staden for eit pro-militært bodskap, var tekstane meint å fange anda i korleis det var på den tida.[3] Miranda Sawyer skreiv at Join Hands tok «det særs lite rocka emnet første verdskrigen som inspirasjon».[2]

Referansane til valmue på albumet representerer ideen om «tap, eller kjøt og blod og håpløyse».[2] Andre tema i songane er «barneliknande terror, åtak på samfunnet og andelege spørsmål, ymse slag av død og tortur, og einsemd».[4] Somme songar var òg om familie og pleie.[1] For kritikaren Ronnie Gurr var «Alle tekstalternativa heilt opne».[5]

Albumet opnar med lyden av ei ringande bjølle før byrjinga av «Poppy Day».[1] Teksten var basert på John McCrae-diktet «In Flandern Fields», som vart skriven i 1915 etter tapet av ein ven under eit slag i første verdskrigen. «Poppy Day» er eit kort spor med ein lang introduksjon som byggjer over det ein journalist kalla «skår av gitaren til John McKay»[1] og ein «stridig, militaristisk rytme»[5] kom til etter Steven Severin hadde sett dei fjernsynssendte to minuttane med stille til minne om dei døde i krigen søndag 12. november 1978. «Me ønskte å skrive ein song som kunne passa godt i det mellomrommet», sa han.[6] På innsida av plateomslaget er det nemnt «2 minuttar med stille» ved sidan av teksten til songen.[7]

«Regal Zone», med saksofon av McKay,[4] dekkjer òg krigstema og handlar om konflikta i Iran.[2] «Placebo Effect» syner til bruken av placebo i medisin,[5] medan «Icon» syner spor av ikonoklasme, med øydeleggjinga av måleri med religiøse motiv,[5] eller statuar og symbol på gamle autoritære regime.[6] «Premature Burial» er «tilsynelatande inspirert» av Edgar Allan Poe-novella med same namn,[6] og er sporet der albumtittelen er henta frå.[1] Det er i følgje Siouxsie sjølv «eit uttrykk for klaustrofobi, om å vere hemma av både avgrensingane i samfunnet og hos folk». For forfattaren Mark Paytress gjorde linja «We're all sisters and brothers» narr av Summer of Love.[8] Songen endar med det som høyrest ut som «eit formelt kor som syng for Den raude armeen som trekkjer seg attende etter eit stort nederlag».[6]

Den andre sida byrjar med «Playground Twist» med ein «kvervlande masse av flanger-gitar» med kyrkjebjøller.[9] Han inneheld ein seksjon med ei barneregle.[10] Songen «snakkar om vaksne som oppfører seg som barn og barn som trur dei er vaksne».[10] Siouxsie forklarte: «Det handlar om å vere stygg mot barn, og at heile greia med å bli kasta ut på leikeplassen om vinteren i hylande vind for å passe på seg sjølv. Det er ikkje den typen ting du er meint å skrive popsongar om».[11] Det var den tredje singelen til bandet på mindre enn eitt år og «truleg den beste», i følgje musikkhistorikaren Clinton Heylin. Singelen var ikkje fengande, men nådde likevel topp 30. Severin ringde seinare sjefen for A&R i Polydor og sa til han at han venta dårleg sal.[12]

Voggesongen «Mother / Oh Mein Papa» er ei tolking av den tyske songen «O mein Papa» med tekst av Siouxsie. Phil Sutcliffe kalla han «eit rått sår av ein song som Siouxie delte frå sitt eige liv og som sikkert vert delt, plukka og klødd på av alle som høyrer han».[13] Over ein speledåse,[4] syng to stemmer samstundes om kjærleik og hat for den same mora.[13] Den positive teksten er i framgrunnen, medan den negative er i bakgrunnen.[1] Det siste sporet på albumet er ei studioinnspeling av «The Lord's Prayer», «Fader vår», som er songen Siouxsie and the Banshees hadde spelt på den aller første konsertframsyninga deira på 100 Club Punk Festival i september 1976. Det vart spelt inn på eitt forsøk etter alle dei andre innspelingane den første veka.[1] Før dei gjekk i studio, hadde bandet vore hos John Peel tidleg i april og spelt «Placebo Effect», «Playground Twist», «Regal Zone» og «Poppy Day» for første gongen. Bandet gjekk så inn i Air Studios i Oxford Street i London for å spele inn albumet i mai. Innan juni var albumet ferdig miksa.[14]

Join Hands skildre seg frå The Scream. Det var mørkare,[15] meir eksperimentelt, mindre kvasst,[2] med ei ny «klaustrofobisk» stemning.[4] Gitarspelinga til McKay skapar ein «krysseld av lyd» medan bassen til Severin «ber melodien».[4] Innspelinga fann stad i ein anstrengd atmosfære. McKay og Kenny Morris trekte seg attende og kommuniserte mindre med resten av bandet og manageren og med-produsenten deira, Nils Stevenson.[6] I motsetnad til innspelinga for The Scream, vart musikken spelt inn utan Siouxsie, som la til vokalen sin seinare. Morris tok ikkje del i miksinga av albumet, medan Siouxsie var mykje involvert.[16] Eit par dagar før albumet kom ut skreiv Jon Savage om musikken: «Songane vert levert med den kvelande intensiteten av indre vald i eit avlåst rom».[4] Kris Needs skreiv i ettertid at Join Hands var ein ironisk tittel for ei gruppe som var delt i to.[16] Albumet reflekterte korleis bandet kjende seg på den tida: «Me var einsame og isolerte og det kom over i musikken», sa Siouxsie i 2003. Ho la til: «Musikalsk var Join Hands eit kompromisslaust album, men det høyrest framleis moderne ut i dag».[3]

Plateomslag, utgjeving og turné[endre | endre wikiteksten]

I starten ønskte gruppa å gje ut albumet ved hjelp av eit redigert bilete frå eit nattverd-kort, som syner barn som held hender. Biletet var blitt kopiert fleire gonger, så det var blitt forvrengt.[3] Den kunstnarisk leiaren var John Maybury, ein college-ven av Morris. Manageren deira, Stevenson, klarte ikkje å finne ut kven som eigde rettane til bandet og meinte at bandet kunne tape alle pengane sine om dei blei saksøkt som følgje av dette.[17] Polydor var òg nervøs for brot på opphavsretten og trekte forslaget til plateomslaget i siste augneblink.[17] Plateselskapet likte heller ikkje det religiøse temaet.[18] Det var alt planlagt ein britisk turné samstundes med utgjevinga av albumet, så det var ikkje høve til å utsetje utgjevinga.[17]

Stevenson føreslo eit alternativt omslag. Han instruerte kunstavdelinga i Polydor om å designe kunst ved hjelp av fire statuar frå Guards Memorial, frå ei fotografering bandet nyleg hadde gjort føre monumentet til minne om dei døde i første verdskrigen.[18] Fireav soldatstatuane vart skorne ut av biletet av bandet.[19] Siouxsie syns omslaget fungerte og at det var krumtappen for albumet.[18] Valmuen på albumet er eit symbol på minnesøndagen i Storbritannia.

Join Hands kom ut 7. september 1979 på Polydor Records. Det nådde 13. plassen på UK Albums Chart.[20] Samstundes var spliden mellom McKay og Morris og resten av gruppa blitt viktig. Under ein oppvarmingskonsert i Irland hadde McKay fått trøbbel. Ikkje noko av hjelpeutstyret hadde kome fram til spelestaden, og han måtte spele utan effektpedalane sine.[21] Til slutt, etter ein krangel i ein platebutikk, slutta McKay og Morris brått gruppa same dagen som albumet kom ut, berre timar før ein konsert i Capitol Theatre i Aberdeen. Avgjersla vart gjort i affekt, men dei kom aldri attende. Severin sa seinare «har det skjedd med eit anna band? Eg trur ikkje det».[22]

I 2006 kom ei ommastra utgåve av albumet ut med to bonusspor: B-sida «Love in a Void» og instrumentalen «Infantry», som ikkje var gjeven ut før.[23] I høve Record Store Day i april 2015 kom albumet ut på vinyl og denne gongen med det opphavlege plateomslaget som hadde blitt avvist.[24]

Ei 180-grams vinylutgåve av albumet, ommastra frå dei originale lydbanda og redusert til halv fart i Abbey Road Studios av Miles Showell, kom ut i august 2018.[25]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[26]
Melody Makersærs positiv[4]
NME (1979)positiv[27]
Record Mirrorsærs positiv[5]
Sounds4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[28]

Albumet fekk særs god omtale då det kom ut. Sounds gav Join Hands 4,5 av fem stjerner og Pete Silverton skreiv om ei stilendring: «Miksen er forskjellig frå det førre albumet. Det er ei klårheit som ramar inn røysta til Sue som om det var ein skatt».[28] Silverton skreiv òg at somme av songane har «vokalen til Siouxsie på dobbeltspor med øydeleggjande effekt».[28] Jon Savage i Melody Maker skildra det første sporet, «Poppy Day», som ei «kort, mektig framkalling av krigskyrkjegardane frå første verdskrigen i Flandern». Han skreiv òg at «Placebo Effect» «har ein strålande flanger-gitarintro, og jagande, kliniske tekstar». Om «Icon» skreiv Savage: «Den glimrande gitaren med etterklang er ein perfekt bakgrunn for den svevande, og for ein gong skuld kjenslemessige, vokalen til Siouxsie.» Savage skreiv at dei fem songane på første sida «stig og søkk inn i kvarandre på ein slåande måte».[4] På liknande vis skreiv Paul Morley i NME at «Dei fem songane på side ein er alle vanedannande minidrama av Banshees».[27] Ronnie Gurr i Record Mirror hylla plata og sa: «Poppy Day etablerer den perfekte måten bandet nytta atmosfære på og set tonen for resten av songane». «Mother» vart samanlikna med filmmusikken til ein Alfred Hitchcock-film, og Gurr skreiv at «sporet har ein speledåse, som gjenspeglar den truande gitarmurringa og vokalen til Siouxsie kunne passa til nokre av Hitchcock sine beste mødredrap». Gurr konkluderte med at med «den verkelege forstyrra skrapinga til Severin», var Join Hands eit farleg verk som «bør lyttast til».[5]

I ei seinare melding i 1989 skreiv Steve Lamacq i NME at Join Hands var «ei meir absorberande og stemningsskapande plate» enn debutplata deira. Lamacq gav det 8 av 10, men han sa at versjonen av «The Lord's Prayer» var «malplassert».[29] David Cleary i AllMusic rekna «Icon» som det beste sporet på albumet, og skreiv at det «overlever ei kompromisslaus opning ut i ein raskare hovuddel med fyldigare vokallyd og tøffare gitar», men Cleary avviste resten av Join Hands, og skildra det som «nesten uniformt dystert, med dragande tempo, dystre tekstar, lange og vandrande friformstrukturar, statiske og ofte ufokuserte harmoniar og tette, fargelause arrangement».[26]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Join Hands vert rekna som eit post-punk-album av Heylin[30] og oppført slik på AllMusic.[26] I følgje Simon Reynolds vert det òg rekna som ein føregangar for sjangeren gotisk rock på grunn av fleire av songane.[31] «Gravferdsatmosfæren inspirerte ei rekkje goth-etterliknarar», i følgje Mojo, men «ingen klarte å matche rekkja av singlar som The Banshees hadde».[32]

David Cleary i AllMusic skreiv at «noko av Join Hands verkar å peike sterkt fram mot det andre albumet til Joy Division, Closer, særskild 'Placebo Effect', der gitarlyden var ein klår inspirasjon for songen 'Colony'.»[26] I filmen Control frå 2007, vert omslaget på Join Hands vist i ein scene der kona til Ian Curtis, Deborah, blar gjennom platesamlinga til ektemannen.[33]

Join Hands er seinare nemnt av mange andre artistar. James Murphy i LCD Soundsystem har snakka varmt om albumet og sa det var ei av dei første platene hans kjøpte i lag med The Fall sitt Grotesque og The Birthday Party sitt «Nick the Stripper». «Alle desse tre er tre av mine favorittplater», sa han.[34] Seint i 2008 valte Morrissey songen «Mother» i spelelista si då han vart intervjua for BBC Radio 2,[35] og eit anna tidlegare medlem i The Smiths, Johnny Marr, har sagt at han likte særs godt det andre albumet frå ei rekkje bandet, inkludert Siouxsie and the Banshees.[36]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Siouxsie Sioux, utanom der andre er nemnde; all_musikk er komponert av Siouxsie and the Banshees (Sioux, Steven Severin, John McKay, Kenny Morris), utanom der andre er nemnde.

Side A
Nr.TittelTekstLengd
1.«Poppy Day»John McCrae2:04
2.«Regal Zone»Severin3:47
3.«Placebo Effect» 4:40
4.«Icon»Severin5:27
5.«Premature Burial» 5:58
Side B
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Playground Twist»  3:01
2.«Mother/Oh Mein Papa»Sioux, Geoffrey Parsons, («Oh Mein Papa») John Turner («Oh Mein Papa»)Siouxsie and the Banshees, Paul Burkhard («Oh Mein Papa»)3:22
3.«The Lord's Prayer»Tradisjonell, Sioux 14:09
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelTekstMusikkLengd
9.«Love in a Void» (dobbel A-side frå 7"-singel)SeverinSioux, Severin, Fenton, Morris2:35
10.«Infantry» (ikkje tidlegare gjeven ut)  3:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie and the Banshees
Teknisk
  • Mike Stavrou – produsent, lydteknikar
  • Nils Stevenson – produsent
  • Ian Morais – assisterande lydteknikar
  • Rob O'Connor – design
  • Adrian Boot – fotografi
  • John Maybury – illustrasjonar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Ansell, Kenneth (22. oktober 1979). «Joining Hands with Siouxsie and the Banshees». Blank Space Free From Virgin Megastore. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Sawyer, Miranda (16. oktober 2012), Spellbound: Siouxsie and the Banshees, BBC Radio 4, henta 12. august 2020 
  3. 3,0 3,1 3,2 Paytress 2003, s. 77.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Savage, Jon (1. september 1979). «A Scream in a Vacuum [Join Hands – review]». Melody Maker. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Gurr, Ronnie (1. september 1979). «Join Hands – review». Record Mirror. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Paytress, Mark, Join Hands - liner notes remastered cd 2006, Universal 
  7. Join Hands. Polydor POLD 5024 (2442 164). 1979. 
  8. Paytress, Mark (November 2014), Her Dark Materials (252), Mojo, s. 79 
  9. Jones 1989, s. 38.
  10. 10,0 10,1 Birch, Ian (17. februar 1979), «The giraffe looked at Siouxsie», Melody Maker 
  11. Paytress 2003, s. 78.
  12. Heylin 2006, s. 465.
  13. 13,0 13,1 Sutcliffe, Phil (29. september 1979). «Humourless? Us? That's Not Funny...». Sounds. 
  14. Paytress 2003, s. 75.
  15. Goddard, Simon. Mozipedia: The Encyclopaedia of Morrissey and the Smiths [Sioux, Siouxsie entry]. Ebury Press. s. 393. 
  16. 16,0 16,1 Kent, Nick og Needs, Kris. « Night of the Long Knives». NME. 22. september 1979.
  17. 17,0 17,1 17,2 Stevenson, Ray, Siouxsie and the Banshees, Omnibus Press, s. 31, ISBN 0-7119-0301-8 
  18. 18,0 18,1 18,2 Join Hands - liner notes vinyl reissue 2014, Universal 4718729 
  19. Rob O'Connor Interview, thebansheesandothercreatures.co.uk, 8. august 2004, arkivert frå originalen 30. april 2016, henta 12. august 2020 
  20. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 12. august 2020. 
  21. Paytress 2003, s. 79.
  22. Paytress 2003, s. 83.
  23. «Siouxsie And The Banshees classics get new look». NME. 31. mars 2006. Henta 13. august 2020. 
  24. «Siouxsie & The Banshees ‘Join Hands’ – Record Store Day 2015 reissue…». louderthanwar.com. 10. mars 2015. Henta 18. mars 2015. 
  25. «Join Hands Siouxsie and the Banshees Vinyl». Udiscovermusic. Henta 13. august 2020. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 Cleary, David. «Join Hands – Siouxsie and the Banshees review». AllMusic. AllRovi. Henta 13. august 2020. 
  27. 27,0 27,1 Morley, Paul (1. september 1979). «Join Hands / The Slits Cut – albums review». NME. 
  28. 28,0 28,1 28,2 Silverton, Peter (1. september 1979). «Queen of the New Establishment [album review]». Sounds. 
  29. Lamacq, Steve (22. juli 1989). CD Siouxsie and the Banshees. NME. 
  30. Heylin 2006, s. 552.
  31. Reynolds, Simon (2005). Rip It Up and Start Again: Postpunk 1978–1984. Faber and Faber. This side of the Banshees emerged on 1979's Join Hands with «Icon» and the protracted 'cover version' of «The Lords Prayer» – songs that etched the template for goth as a modern pagan cult tapping into atavistic pre-Christian urges. [...] Combine Join Hands and Juju and you have roughly 70 per cent of goth's sound and lyrical themes. 
  32. «Siouxsie and the Banshees: The Scream». The Mojo Collection. Canongate Books. 2007. s. 413. ISBN 184767643X. Henta 13. august 2020. The funereal follow-up, Join Hands (1979), inspired a host of gothic impersonators, none of whom matched the banshees' run of singles, [...]" 
  33. Corbijn, Anton. Control - [The «Love will tear us Apart» scene]. Momentum Pictures. 2008. B000VRVTCA
  34. Pulver, Sarah (September 2005). «LCD Soundsystem». Thrasher. Arkivert frå originalen 22. januar 2009. Henta 13. august 2020. 
  35. «The Janice Long Show with Morrissey». The Janice Long Show. 21. oktober 2008. BBC Radio 2. 
  36. Power, Ed (17. oktober 2015). «Johnny Marr: 'I'm often asked to tell my story». independent.ie. Henta 12. august 2020.