Hyæna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hyæna
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Utgjeve 8. juni 1984
Innspelt 1983–1984
Studio Angel Studios, Eel Pie Studios, Power Plant (London), Europa Film (Stockholm)
Sjanger
Lengd 44:15
Selskap
Produsent
Siouxsie and the Banshees-kronologi
A Kiss in the Dreamhouse
(1982)
Hyæna Tinderbox
(1986)
Siouxsie Sioux-kronologi
Feast
The Creatures
(1983)
Hyæna Tinderbox
(1986)
Singlar frå Hyæna
  1. «Dear Prudence»
    Utgjeve: 23. september 1983
  2. «Swimming Horses»
    Utgjeve: 16. mars 1984
  3. «Dazzle»
    Utgjeve: 25. mai 1984

Hyæna er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i 1984. Opningssporet, «Dazzle», vart framført med strykarar frå London Symphonic Orchestra, eit 27 mann stort orkester kalla «Chandos Players»;[1] og var basert på ein melodi som Siouxsie Sioux hadde komponert på piano.[2] Hyæna er det einaste studioalbumet der gitaristen Robert Smith frå The Cure komponerte og spelte inn musikk med Siouxsie and the Banshees.

I USA var Hyæna det første Banshees-albumet som kom ut på Geffen Records, samstundes som dei gav ut resten av katalogen til bandet på ny. Før dette vart «Dear Prudence» den største hitten deira i Storbritannia med ein tredjeplass i september 1983.[3] Songen var meint å vere berre ein singel i Europa, men då han vart gjeven ut i Nord-Amerika i mai 1984, vart han til slutt gjeven ut på den amerikanske utgåva av albumet. Hyæna var det første Siouxsie and the Banshees-albumet som gjekk inn på Billboard 200 i USA.[4]

Hyæna kom ut på CD i ei ommastra og utvida utgåve i 2009. Ei 180-grams vinylutgåve kom ut i desember 2018.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[5]
Melody Makerpositiv[6]
The Quietussærs positiv[7]

Albumet fekk stort sett god kritikk då det kom ut. Melody Maker skreiv: «Delar av det er så forvirrande sytelaust at det ikkje er mogeleg å ikkje gje Robert Smith æra som talismanen - mangelen hans på respekt ser ut til å gjennomsyre alt her. 'Take Me Back' er The Banshees som morar seg som ein primitiv jazzcombo full på Vår Herres vin. På 'Belladonna' gjer den flytande gitaren til Smith Sioux avslappa nok til at ho droppar eit par masker og avslører sårbarheita si. Når sirena syng 'daylight devours your unguarded hours', fokuserer ho så intenst på sin eigen situasjon at det ikkje kan vere tilfeldig. 'Dazzle' er òg naivt vågal: Røysta til Siouxsie, innrama aleine mot strykarane. Det kunne våre Cats av Lloyd Webber eller noko av Vaughn Williams. Du kan bli imponert, avvikla og fortapt i dette'».[6]

I ei seinare melding for AllMusic gav Stephen Cook Hyæna 4,5 av fem stjerner og skreiv: «Hovudvekta her er på lagdelte arrangement og popmelodiar forkledd som kunstproduksjonar ('Dazzle'); smakfulle blåsarar og klaverparti som utvidar den gitardominerte stilen deira og gjev Siouxsie eit luftig og draumande bakteppe, der ho kan syne songtalenet sitt».[5] Då albumet kom ut på ny skreiv The Quietus: «Det var det mest eksperimentelle albumet deira. Ein kan sterkt merke Smith på den disiplinerte utføringa av den storslåtte 'Dazzle' eller den sterkt forførande 'Swimming Horses'. Men dei verkelege skattane er grave djupt ned på albumet. Den lyserigske Spaghetti Western-stilen på 'Bring Me The Head of the Preacher Man' er stemningsskapande i utføringa, medan den tette, episke 'Blow the House Down' syner Smith som på uutsletteleg vis markerer seg på sporet med noko av den beste gitarspelinga si».[7]

James Dean Bradfield i Manic Street Preachers hyra produsenten Hedges fordi han likte så godt lyden på den første singelen «Swimming Horses». Bradfield sa: «Swimming Horses' av The Banshees – for ei fantastisk plate det er! [...] Eg hugsar eg tenkte 'Du bryr deg verkeleg om den plata. Eg skal jakte på den plata.»[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Siouxsie Sioux, utanom der andre er nemnde; all_musikk er komponert av Siouxsie and the Banshees.

Side ein
Nr.TittelTekstLengd
1.«Dazzle» 5:30
2.«We Hunger» 3:31
3.«Take Me Back» 3:03
4.«Belladonna»Steven Severin4:30
5.«Swimming Horses» 4:06
Side to
Nr.TittelTekstLengd
6.«Bring Me the Head of the Preacher Man»Severin4:37
7.«Running Town» 4:04
8.«Pointing Bone»Severin3:49
9.«Blow the House Down» 6:59
Nord-amerikansk versjon
Nr.TittelTekstLengd
1.«Dazzle»  
2.«We Hunger»  
3.«Take Me Back»  
4.«Belladonna»  
5.«Swimming Horses»  
6.«Dear Prudence»Lennon–McCartney 
7.«Bring Me the Head of the Preacher Man»  
8.«Running Town»  
9.«Pointing Bone»  
10.«Blow the House Down»  
Bonusspor på 2009-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Dear Prudence» 
11.«Dazzle» (12" Glamour mix) 
12.«Baby Piano (Part 1)» 
13.«Baby Piano (Part 2)» 

Dei to instrumentalspora «Baby Piano» er høvesvis ein kort pianodemo av «Dazzle» og strykarane som akkompagnerer albumversjonen av songen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

  • Robin Canter – blåseinstrument
  • The Chandos Players – strykarar
Teknisk
  • Mike Hedges – produsent og lydteknikar
  • David Kemp – assisterande lydteknikar
  • Frank Barretta – assisterande lydteknikar
  • Siouxsie and the Banshees – produsentar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billy Chainsaw. «Phase Three Issues Three & Four». The Siouxsie and the Banshees File [Official magazine]. 1984.
  2. Billy Chainsaw. «Phase Three Issue Two». The Siouxsie and the Banshees File [Official magazine]. 1984.
  3. Brian Johns (1989). Entranced: the Siouxsie and the Banshees story. Omnibus Press. ISBN 0-7119-1773-6.
  4. «Awards Billboard Siouxsie and the Banshees». AllMusic. Arkivert frå originalen 23. oktober 2011. Henta 12. august 2020. 
  5. 5,0 5,1 Stephen Cook. «Hyaena – Siouxsie and the Banshees». AllMusic. Henta 13. august 2020. 
  6. 6,0 6,1 Steve Sutherland. «Pedigree Chums [Hyæna review]». Melody Maker (9. juni 1984). 
  7. 7,0 7,1 Marszalek, Julian (10. april 2009). «Siouxsie & the Banshees reissues: A kiss in the Dreamhouse, Nocturne, Hyaena, Tinderbox». The Quietus. Henta 25. august 2020. 
  8. Price, Simon (2. juni 2016). «And If You Need An Explanation: Manic Street Preachers interviewed». The Quietus. Henta 25. august 2020.