O Baby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
O Baby
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet The Rapture
B-side
  • B Side Ourselves
  • Swimming Horses (Live)
  • All Tomorrow's Parties (Live)
Utgjeve 28. desember 1994
Innspelt 1994
Sjanger
Lengd 3:19
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Siouxsie and the Banshees
Produsent John Cale
Siouxsie and the Banshees-kronologi
«Face to Face»
(1992)
O Baby «Stargazer»
(1995)
Siouxsie Sioux-kronologi
«Interlude»
Morrissey & Siouxsie
(1994)
O Baby «Stargazer»
(1995)


«O Baby» er ein song skriven og spelt inn av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han vart produsert av John Cale og gjeven ut som den første singelen frå det 11. og siste studioalbumet deira, The Rapture.[1] Melody Maker skreiv: «O Baby er ein flott opptakt til Rapture» og er «herleg pop».[2]

Songen skil seg musikalsk og tekstmessig frå nesten alle andre Siouxsie and the Banshees-songar. Det er ein livleg kjærleikssong med ein hoppande rytme, lett rytme og streit, lystig tekst av Siouxsie Sioux.

B-sida til singelen, «B Side Ourselves», vart framført på alle konsertane på turneen deira i 1995. Dei ekstra spora var akustiske konsertversjonar av «Swimming Horses» og «All Tomorrow's Parties» (av The Velvet Underground), begge spelte inn i desember 1991 på ein konsert for radiostasjonen KROQ.

«O Baby» var den siste Siouxsie and the Banshees-singelen som nådde topp 40 i heimlandet, med ein 34. plass på UK Singles Chart.[3] Det var òg den siste songen deira på den amerikanske Modern Rock Tracks-lista, der han nådde 21. plassen.[4] Songen vart ein overraskande hit på radio i Europa,[5] og toppa den polske singellista i tre veker.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

UK 7"-singel

  1. «O Baby»
  2. «B Side Ourselves»

UK CD singel 1

  1. «O Baby»
  2. «B Side Ourselves»
  3. «O Baby (Manhattan Mix)»

UK CD singel 2

  1. «O Baby»
  2. «Swimming Horses (Live)» (akustisk live version recorded at KROQ Radio on 21. desember 1991)
  3. «All Tomorrow's Parties (Live)» (akustisk live version recorded at KROQ Radio on 21. desember 1991)

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1995) Plassering
Polen 1
European Hit Radio 22
UK Singles Chart 34
US Modern Rock Tracks 21

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mark Paytress (2003). Siouxsie & the Banshees: The Authorised Biography. Sanctuary. ISBN 1-86074-375-7. 
  2. Unsworth, Cathi. «Baby, Come back». Melody Maker (14. januar 1995). 
  3. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 28. august 2020. 
  4. «Siouxsie and the Banshees - Awards». Allmusic. Henta 28. august 2020. 
  5. Tilli, Robbert (11. februar 1995). «EHR Finally Melts For Mythical Ice Queen Siouxsie» (PDF). Music & Media: 11. Henta 28. august 2020. 
  6. Kops, Pieter (4. februar 1995). «Airplay Action» (PDF). Music & Media: 49. Henta 28. august 2020. 
    «EHR Top 40 Charts Airplay» (PDF). Music & Media: 33. 18. februar 1995. Henta 28. august 2020.