Kaleidoscope av Siouxsie and the Banshees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kaleidoscope
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Utgjeve 1. august 1980
Innspelt 1980
Studio Coach (Monmouth), Surrey (Leatherhead), Polydor, (London)
Sjanger
Lengd 40:44
Selskap Polydor
PVC (USA)
Geffen (1984 USA)
Produsent Nigel Gray
Siouxsie and the Banshees
Siouxsie and the Banshees-kronologi
Join Hands
(1979)
Kaleidoscope Juju
(1981)


Singlar frå Kaleidoscope
  1. «Happy House»
    Utgjeve: 7. mars 1980
  2. «Christine»
    Utgjeve: 30. mai 1980

Kaleidoscope er det tredje studioalbumet til det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i 1980 av plateselskapet Polydor. John McKay og Kenny Morris var ute av bandet og vart erstatta av dei to nye musikarane Budgie på trommer og John McGeoch på gitar, og med dette endra bandet musikalsk retning og gav ut eit mykje meir fargerikt album. «Det var nesten eit anna band», sa Siouxsie.[1]

Før albumet kom ut kom dei to singlane «Happy House» og «Christine». I Storbritannia vart Kaleidoscope raskt det mest suksessrike albumet deira til då og nådde femteplassen på albumlista.

Bakgrunn og musikk[endre | endre wikiteksten]

Etter at McKay og Morris slutta, omgrupperte bandet seg og endra musikalsk retning. I motsetnad til dei tidlegare albuma nytta The Banshees synthesizer og trommemaskin for første gongen. Dei eksperimenterte særskild med elektronisk musikk på eit par av spora: den minimalistiske electro-dance-songen «Red Light» og den atmosfæriske, synth-baserte «Lunar Camel». Albumet inneheld òg det som kan skildrast som ein ballade, «Desert Kisses». Kaleidoscope markerte debuten til gitaristen gitaristen John McGeoch og den nye trommeslagaren Budgie. Siouxsie såg det som «ei ny byrjing».[2] Det vart spelt inn demoar av songane i Warner Chappell med berre ein bass og ein synthesizer spelt av Siouxsie og Steven Severin. Etter turneen deira i 1979, hadde Siouxsie fått beskjed av legen sin om å ta ein månad pause. Ho brukte denne tida på å lære seg å spele gitar og komponere musikk for første gongen.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]
Melody Makerpositiv[4]
ZigZagsærs positiv[5]

Kaleidoscope kom ut 1. august 1980 på Polydor. Albumet nådde femteplassen på UK Albums Chart, den høgaste listeplasseringa bandet fekk.[6] Ei nyutgjeving på 180-grams vinyl med ommastra lyd kom ut i desember 2018.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Kritikarane var positive til albumet. Melody Maker og Paulo Hewitt gav albumet kvalifisert ros og oppsummerte det som «eit kaleidoskop av lyd og bilete, nye former, og innhald, som glimrar føre augo dine». Hewitt peikte ut «Paradise Place» og «Skin» og kalla dei «klassiske Banshee-stykke. Hypnotiske, nådelause og påtrengande».[4] Kris Needs skreiv for ZigZag og roste det som «truleg den mest varierte, mangfaldige og eventyrlege utgjevinga deira til no», og likte godt den nye musikalske retninga deira: «Om noko får det dei to føregangarane til å verke ein smule ein-dimensjonale no. Spora dreier frå dei lettaste elektroniske bakteppa til bølgjande lydveggar så hypnotiske og mektige som noko anna dei har gjort. Men det subtile i 'Happy House' og den strålande 'Christine' er peikepinnane på hovudinnhaldet på 'Kaleidoscope'». Needs skreiv at røysta til Siouxsie «fekk ny styrke og djupne, men ho gjer no òg meir enn å syngje, og skrivinga inkluderer synth, piano og gitar».[5]

Dei to singlane frå albumet, «Happy House» og «Christine», vart kort tid etter dei om ut hylla av The Jam. Songaren Paul Weller sa at begge songane brukte «nokre uvanlege lydar», medan trommeslagaren Rick Buckler omtalte dei som «nyskapande».[7]

I ei seinare melding skreiv David Cleary for AllMusic at Kaleidoscope var ei «sterk plate» med «særskild nyskapande produksjon, med intrikate synthesizer-baserte arrangement, ein smak av psykedelia i 'Christine', romskip-synthesizer på 'Tenant'og rytmiske kameraklikk på 'Red Light'».[3]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Kaleidoscope inspirerte mange musikarar. I 1985 nemnte The Cure-frontmannen Robert Smith albumet då han skildra The Head on the Door: «Det minner meg om Kaleidoscope, ideen om å ha mange forskjellige lydar, forskjellige fargar».[8] I eit seinare TV-intervju omtalte Smith òg Kaleidoscope som ei av dei fem favorittplatene hans.[9]

I februar 2008 diskuterte Johnny Marr frå The Smiths McGeoch sine bidrag til «Happy House»: «Kva var det med 'Happy House' frå synspunktet til ein gitarist. For det første er det moderne. Det har ikkje nokre aspekt av rock and roll i seg og det høyrest framleis ut som The Banshes. Det var då eg verkeleg vart fan av John McGeoch. Det var ein ekstra bonus for meg at dei fekk ein så bra gitarist som hadde slutta i eit anna band. Det var som å få George Best på gitar».[10]

Radiohead sa i eit intervju i 2008 at dei øvde på «Happy House» før dei la ut på turné. Gitaristen Ed O'Brien sa: «Me har alltid gjort desse greiene frå ungdomen vår. Du veit, då me var tenåringar. Dei var veldig formande år, og det var desse banda òg».[11]

Bobby Gillespie frå Primal Scream var inspirert av både «Happy House» og «Christine» fordi dei var popsongar med mørke tema.[12]

Kaleidoscope vart òg hylla av songaren i Suede, Brett Anderson.[13] Andy Bell i Erasure har nemnt det som ein av favorittane hans :«Det meir kommersielle Siouxsie var opp i mi gate - og som alle mine favoritt-tenåringsangst-album, lærte eg alle songane utan att og baklengs».[14]

The Weeknd sampla og nytta refrenget på «Happy House» på songen hans «House of Balloons/Glass Table Girls» i 2011.[15]

Kulturreferansar[endre | endre wikiteksten]

I filmen Notes on a Scandal frå 2006, kan ein sjå omslaget på Kaleidoscope i ein av scenane. Rollefiguren spelt av Cate Blanchett sa til kjærasten at det var favorittalbumet hennar.[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Siouxsie og Steven Severin (tekstar av Siouxsie), utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Happy House»3:53
2.«Tenant»3:43
3.«Trophy» (Sioux/Severin/John McGeoch)3:20
4.«Hybrid»5:33
5.«Clockface»1:55
6.«Lunar Camel»3:03
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Christine» (tekst av Severin)3:01
8.«Desert Kisses»4:16
9.«Red Light» (tekst av Severin)3:23
10.«Paradise Place»4:36
11.«Skin»3:50
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLengd
12.«Christine» (demo)1:59
13.«Eve White/Eve Black» (demo)1:57
14.«Arabia (Lunar Camel)» (demo)2:52
15.«Sitting Room» (ikkje tidlegare utgjeven)1:22
16.«Paradise Place» (demo)2:27
17.«Desert Kisses» (demo)4:22
18.«Hybrid» (demo)5:42
19.«Happy House» (demo)5:25
20.«Israel» (7"-singel A-side)5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie and the Banshees

  • Siouxsie Sioux – vokal, akustisk (spor 2) and elektrisk gitar (spor 10), synthesizer (spor 6), fingercymbal (spor 8), kamera (spor 9), melodica (spor 11), produsent
  • Steven Severin – bassgitar (spor 1-8, 10-11), elektrisk gitar (spor 2), vokal, piano (spor 5), synthesizer (spor 9), elektrisk sitar (spor 2), produsent
  • Budgie – trommer (spor 1-5, 7-11), munnspel (spor 1), bassgitar (spor 2), perkusjon, produsent
  • John McGeoch – gitar (spor 1, 3, 4, 7, 8), saksofon (spor 4), Farfisa orgel (spor 7), sitar (spor 8), strykar-synth (spor 8), produsent

Andre medverkande

  • Steve Jones – sologitar på «Clockface», «Paradise Place» og «Skin»
  • The Sirens (bestod av Severin, McGeoch, Budgie) - korvokal på «Desert Kisses»

Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Goddard, Simon. Mozipedia: The Encyclopaedia of Morrissey and the Smiths [Sioux, Siouxsie entry]. Ebury Press. s. 393. 
  2. «The Banshees and other Creatures». BBC2 television. 1 hour documentary. Broadcast September 1998
  3. 3,0 3,1 Cleary, David. «Kaleidoscope – Siouxsie and the Banshees». AllMusic. AllRovi. Henta 2. september 2012. 
  4. 4,0 4,1 Hewitt, Paulo (26. juli 1980). «Siouxsie's Sketches». Melody Maker. Henta 2. september 2012.  (krev abonnement)
  5. 5,0 5,1 Needs, Kris (August 1980), «Siouxsie and the Banshees «Kaleidoscope» [album review]», zigZag (104) 
  6. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 12. august 2020. 
  7. «Desert Islands Disc: The Jam List Their Current Favourite Records». Flexipop (1). 1980. Henta 6. desember 2014. 
    «Desert Islands Disc: The Jam List Their Current Favourite Records». Flexipop (1). 1980. Henta 6. desember 2014. 
  8. Sutherland, Steve (17. august 1985). «A Suitable Case for Treatment». Melody Maker. 
  9. »The Cure on 4C+" Robert Smith interview. Canal plus. 11. desember 1985. Henta 7. juni 2015 on youtube. Excerpt about Siouxsie and the Banshees from 15:24
  10. «Spellbound: The John McGeoch Story BBC 6 MUSIC». YouTube. 14. juni 2012. Henta 14. august 2020. 
  11. «Radiohead Ed O'Brien interview on 94/9 radio, San Diego radio». citizeninsane.eu. 11. januar 2008. Arkivert frå originalen 18. september 2016. Henta 12. august 2020. We've kind of been rehearsing Happy House - Siouxsie & the banshees. 
    Ryan Dombal (28. mars 2008). «Radiohead interview». Pitchfork. Henta 14. august 2020. In rehearsals yesterday, Thom, Ed and I were running through a Siouxsie and the Banshees cover called «Happy House». 
  12. Seymour, Corey (24. mars 2016). «Primal Scream's Bobbie Gillespie on His High-profiles Collaborations». vogue.com. Henta 1. november 2016. 
  13. «Some Current Fascinations». brettanderson.co.uk. Arkivert frå originalen 20. juli 2011. Henta 12. august 2020. 
  14. «Erasure's Andy Bell Selects 13 Favourite Records». quietus.com. 26. april 2011. Henta 5. mars 2015. 
  15. Neyland, Nick.«The Weeknd’s House Of Balloons» Arkivert 2012-07-23 ved Wayback Machine.. Pitchfork. 2011-03-28.
  16. Wilonsky, Robert (4. januar 2007). «Notes on a Scandal». westword.com. Henta 5. mars 2015.