Dazzle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dazzle
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Hyæna
B-side

«I Promise», «Throw Them to the Lions»

Utgjeve 25. mai 1984
Innspelt 1984
Sjanger Post-punk, kunstrock
Lengd 5:30
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Susan Ballion, Peter Edward Clarke, Robert Smith og Steven Severin
Produsent
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
«Swimming Horses»
(1984)
Dazzle «Overground»
(1984)


«Dazzle» er ein song av det engelske post-punk-bandet Siouxsie and the Banshees. Songen kom ut 25. mai 1984 på Polydor Records som den andre singelen frå det sjette studioalbumet deira, Hyæna.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Songen byrjar med ei gradvis inntoning med strykarar og går over til å bli ein tromme-driven, majestetisk song. Teksten «swallowing diamonds/A cutting throat» kom frå den siste scenen i Marathon Man der Laurence Olivier putter diamantar i munnen sin.[1] Vokalen til Siouxsie er framheva av kraftig klang-effektar.

Strykeseksjonen som opnar stykket heitte opphavleg «Baby Piano», og ein demoversjon både på piano og på strykarar kom ut som bonusspor på 2009-utgåva av Hyæna. Strykarane var arrangerte av Martin McCarrick, som vart offisielt medlem i The Banshees i 1987.[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Dazzle» kom ut i ei kortare og noko endra radioutgåve den 25. mai 1984 på Polydor Records som den andre singelen frå plata. Han nådde 33. plassen på UK Singles Chart og var den 11. topp 40-hitten til Siouxsie and the Banshees i Storbritannia.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unsworth, Cathi (17. oktober 1992). «Through the Past, Darkly». Melody Maker. 
  2. «Siouxsie Interview 1988». Tele 5. September 1988. Henta 28. desember 12019.
  3. Johns, Brian (1989). Entranced: The Siouxsie and the Banshees Story. Omnibus Press. s. 94. ISBN 0-7119-1773-6.