Gjødselpumpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Traktordriven gjødselpumpe.

Gjødselpumpe er ei jordbruksmaskin som vert nytta for å pumpa gylle, som er ei blanding av møkk og vatn. Slike pumper blir nytta for å fylla tankspreiarer, men òg for å røra rundt i gylla. Den vanlegaste pumpetypen er sentrifugalpumpee, men eksentersnekkepumper og vakumpumper har òg vore nytta[1]. Dei kan vera drivna av ein elektrisk motor, som oftast ein asynkronmotor, eller frå kraftuttaket på ein traktor. Sjølve pumpa vert ofte senka ned i gjødsla og driven via ein lang aksling[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.