Gotta Serve Somebody

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gotta Serve Somebody
Singel av Bob Dylan
frå albumet Slow Train Coming
B-side Trouble in Mind
Utgjeve 20. august 1979
Innspelt 4. mai 1979
Studio Muscle Shoals Sound Studios
Sjanger Rock, gospel
Lengd 5:25
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Jerry Wexler
Barry Beckett
Bob Dylan-kronologi
«Changing of the Guards»
(1978)
Gotta Serve Somebody «Precious Angel»
(1979)


«Gotta Serve Somebody» er ein song av Bob Dylan frå studioalbumet Slow Train Coming i 1979.[1] Han vann Grammyprisen for beste rockesong av ein mann i 1979.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn i mai det året i Muscle Shoals Sound Studios i Sheffield i Alabama. B-sida til singelen var «Trouble in Mind», ein song Dylan spelte inn for albumet, men som aldri kom med på den endelege utgåva.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Sidan dette var den første utgjevinga til Dylan i «gospelperioden» hans vart «Gotta Serve Somebody» møtt med delt kritikk. John Lennon kritiserte songen og gav ut ein parodi kalla «Serve Yourself».[3][4] Uansett van singelen Grammyprisen for beste rockesong av ein mann i 1979.[2] Dette er den siste hitten Dylan fekk på Hot 100 i USA då han nådde 24. plassen og låg på lista i 12 veker.[5][6] I 2016 rangerte Rolling Stone songen på 43. plassen på lista si over dei 100 beste Bob Dylan-songane.[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt inn av Mavis Staples, Etta James, Willie Nelson, Nichole Nordeman, Booker T. & the M.G.'s og forskjellige bluesartistar som Tommy Castro.

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Songen var med i filmen The Ultimate Gift, i ein episode av The Sopranos, og i ein episode av serien Billions.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gotta Serve Somebody | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com (på engelsk). Henta 1. desember 2018. 
  2. 2,0 2,1 «1979 - The 22nd Annual Grammy Awards - Grammy.com». Grammy.com. Henta 1. desember 2018. 
  3. «Remembering Bob Dylan and John Lennon's Wild '66 Limo Ride». Rolling Stone. Henta 1. desember 2018. 
  4. «John Lennon – Serve Yourself Acetate». recordmecca.com (på engelsk). Henta 1. desember 2018. 
  5. «Readers' Poll: The 10 Worst Bob Dylan Songs». rollingstone.com. Henta 1. desember 2018. 
  6. «Bob Dylan Gotta Serve Somebody Chart History». Billboard. Henta 1. desember 2018. 
  7. «100 Greatest Bob Dylan Songs». Rolling Stone. Henta 1. desember 2018.