Hopp til innhald

James Taylor at Christmas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Taylor at Christmas
Studioalbum av James Taylor
Utgjeve 10. oktober 2006
Innspelt 2004, 2006
Sjanger Julemusikk
Lengd 45:49
Selskap Columbia
Produsent Dave Grusin, Russ Titelman, James Taylor, Charlie Paakkari
James Taylor-kronologi 
James Taylor: A Christmas Album
(2004)
James Taylor at Christmas One Man Band
(2007)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[3]

James Taylor at Christmas er det syttande studioalbumet og det andre julemusikkalbumet til den USA-amerikanske songar-låtskrivaren James Taylor, gjeve ut av Columbia Records i 2006. Det var hans siste utgiving for Columbia sidan han signerte med dei i 1977.

Albumet er i hovudsak ei nyutgiving (med ny tittel og litt endra sporliste) av James Taylor: A Christmas Album, eit album som kom i avgrensa opplag distribuert av Hallmark Cards i 2004. «Have Yourself a Merry Little Christmas», opphavleg gitt ut på Taylor-albumet October Road i 2002, og «River» var ikkje med på den opphavlege Hallmark-utgivinga. I tillegg inneheldt det originale albumet ein versjon av «Deck the Halls» som ikkje er på standardutgåva av Columbia-CD-en. (Barnes & Noble-kjeda gav likevel ut ein versjon av den nye tittelen med «Deck the Halls» inkludert som bonusspor).

Albumet vart gitt ut på nytt på UMe i 2012, med to spor i tillegg. Eit av dei, «Mon Beau Sapin» (ei fransk omsetjing av «O Christmas Tree»), er ei ny innspeling og er berre tilgjengeleg på dette albumet. Det andre sporet som er nytt i samlinga er ein versjon av George Harrison sin «Here Comes the Sun» av Taylor og cellisten Yo-Yo Ma, som opphavleg dukka opp på Ma sitt julealbum, Songs of Joy & Peace frå 2008.

Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste tradisjonelle popalbum.

2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Winter Wonderland» (med Chris Botti)Felix Bernard, Richard B. Smith3:34
2.«Go Tell It on the Mountain»Tradisjonell3:42
3.«Santa Claus Is Coming to Town»J. Fred Coots, Haven Gillespie2:57
4.«Jingle Bells»Tradisjonell3:52
5.«Baby, It's Cold Outside» (med Natalie Cole)Frank Loesser4:17
6.«River»Joni Mitchell3:33
7.«Have Yourself a Merry Little Christmas»Hugh Martin, Ralph Blane3:24
8.«The Christmas Song (Chestnuts Roasting on an Open Fire)» (med Toots Thielemans)Mel Tormé, Robert Wells3:52
9.«Some Children See Him»Wihla Hutson, Alfred Burt4:37
10.«Who Comes This Night»Dave Grusin, Sally Stevens4:11
11.«In the Bleak Midwinter»Tradisjonell4:12
12.«Auld Lang Syne»Tradisjonell3:38
2012-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Winter Wonderland» (med Chris Botti)Felix Bernard, Richard B. Smith3:34
2.«Go Tell It on the Mountain»Tradisjonell3:42
3.«Santa Claus Is Coming to Town (J. Fred Coots, Haven Gillespie 2:57
4.«Jingle Bells»Tradisjonell3:52
5.«Baby, It's Cold Outside» (med Natalie Cole)Frank Loesser4:17
6.«River»Joni Mitchell3:33
7.«Here Comes the Sun» (med Yo-Yo Ma)George Harrison2:50
8.«Have Yourself a Merry Little Christmas»Hugh Martin, Ralph Blane3:24
9.«Some Children See Him»Wihla Hutson, Alfred Burt4:37
10.«Mon Beau Sapin»Tradisjonell3:08
11.«The Christmas Song (Chestnuts Roasting on an Open Fire)» (med Toots Thielemans)Mel Tormé, Robert Wells3:52
12.«Who Comes This Night»Dave Grusin, Sally Stevens4:11
13.«In the Bleak Midwinter»Tradisjonell4:12
14.«Auld Lang Syne»Tradisjonell3:38

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]


Produksjon

  • Dave Grusin – produsent (1–5, 9–14)
  • Charlie Paakkari – produsent (6), assisterande lydteknikar
  • James Taylor – produsent (6)
  • Dave O'Donnell – produsent, innspeling og miksing (7, 10)
  • Russ Titelman – produsent (8)
  • Don Murray – innspeling og miksing miksing (1–6, 9, 11–14)
  • Doug Sax – mastering i The Mastering Lab, Hollywood, California
  • Sangwook Nam – mastering i The Mastering Lab, Hollywood, California
  • Christopher Austopchuk – kunstnarisk leiar, design
  • David Bett – kunstnarisk leiar, design
  • Timothy White – fotografi


Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2006) Plassering
US Billboard 200[4] 16
3

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2007) Plassering
US Billboard 200[5] 109