Steamroller Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steamroller Blues
Song av James Taylor
frå albumet Sweet Baby James
Utgjeve 1970
Innspelt desember 1969 i Sunset Sound
Sjanger Blues
Lengd 2:57
Selskap Warner Bros. Records
Låtskrivar(ar) James Taylor
Produsent Peter Asher

«Steamroller Blues», ofte berre kalla «Steamroller», er ein bluesparodi skriven av James Taylor. Songen kom ut på gjennombrotsalbumet hans Sweet Baby James i 1970. Songtittelen kjem frå den første linja i songen: «I'm a steamroller baby, I'm bound to roll all over you...». Songen viste ei humorfylt side ved Taylor som stundom vart overskugga av dei meir intenst personlege songane hans. Han vart ein av dei mest kjende songane til Taylor.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rockejournalisten David Browne skriv at «i Flying Machine-dagane i the Village, hadde Taylor høyrt altfor mange pretensiøse kvite bluesband og skreiv 'Steamroller' for å gjere narr av dei.»[1] Taylor og Danny Kortchmar, som begge spelte elektrisk gitarar, spelte inn songen ein kveld i Sunset Studios, og rytmeseksjonen vart lagt på seinare. Eit lite budsjett og dårlig tid gjorde at Taylor måtte spele inn songen trass i at han var kraftig forkjølt, noko ein skal kunne høyre på den endelege innspelinga.[2]

«Steamroller» kom med på det storseljande samlealbumet Greatest Hits i 1976 i ein liveversjon spelt inn i august 1975 i Universal Amphitheatre i Los Angeles. Ei anna utgåve frå 1992 kom med på albumet (LIVE) i 1993. «Steamroller» vert ofte spelt på konsertane til James Taylor.

Elvis Presley-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1970-åra spelte Elvis Presley «Steamroller Blues» på konsertane sine, og ein versjon vart framført på fjernsynsprogrammet Aloha from Hawaii i januar 1973. Denne kom ut på konsertalbumet Aloha From Hawaii: Via Satellite månaden etter, og i mars 1973 vart denne versjonen gjeven ut på singel. Singelen gjorde det ganske godt og nådde 17. plassen på den amerikanske poplista. Songen vart framført på konsertane til Presley fram til han døydde i 1977, og vart inkludert i 2007 på samlealbumet The Essential Elvis Presley.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon vart spelt inn av countrymusikaren Billy Dean i 1994 på albumet Fire in the Dark.

Isaac Hayes framførte songen i ein episode av The A-Team.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fire and Rain: The Beatles, Simon & Garfunkel, James Taylor, CSNY and the Lost Story of 1970 (2011: Boston, Da Capo Press), s. 62
  2. Browne ibid., s. 63