Karlstadforhandlingane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Karlstadforhandlingane 2)
Sveriges og Noregs delegatar i Karlstad 23. september 1905 under Karlstadkonvensjonen om unionoppløysinga. Ståande frå venstre: (1) sekretær Johannes Hellner, (2) Hjalmar Hammarskjöld, (3) Karl Staaff, (4) sekretær Carl Berg, (5) Benjamin Vogt og (6) Andreas Urbye. Sitjande frå venstre: (1) Fredrik Wachtmeister, (2) Christian Lundeberg, (3) Christian Michelsen, (4) Carl Berner og (5) Jørgen Løvland.

Karlstadforhandlingane (òg kalla Karlstadkonvensjonen eller Karlstad-forliket) var forhandlingar mellom Noreg og Sverige i Karlstad andsynes oppløysinga av unionen mellom dei to landa i 1905. Sjølve forhandlingane pågikk frå 31. august til 23. september.

Utgangspunktet var at den norske regjeringa allereie hadde fått vedteke ei oppløysing av unionen i Stortinget, medan Sveriges regjering ikkje godkjende oppløysinga, i og med at ho hevda at vedtaket ikkje var lovleg fatta, og at ei oppløysing av unionen kravde eit gjensidig vedtak i begge land.

Den utløysande årsaka til unionoppløysinga frå norsk side var ei usemje om konsulatvesenet. Noreg hadde utvikla seg til eit dominerande shipping- og handelsland, og hadde i motsetnad til Sverige eit større behov for konsulære tenester for handel på andre sida av Atlanterhavet. Konsulatvesenet vart ein hemsko for unionen, og dei siste 20 åra var konsulatsaka den dominerande symbolsaka i den politiske konflikten mellom dei to landa.

Etter forhandlingar og trussel om krig i 1895, vart det etter kvart eit mildare klima frå og med 1902, men det tok slutt i november 1904. Landa sette hardt mot hardt, og den 7. juni 1905 avsette Stortinget Oscar II og oppheva unionen på eit juridisk grunnlag som uniontilhengarane oppfatta som eit brot på gjeldande forfatning. Sverige godkjende ikkje oppløysinga og kom med motkrav, blant dei ei folkerøysting om oppløysinga og oppklaring av ei rekkje punkt. Desse skulle takast opp ved ein felles konvensjon.

Karlstadforhandlingane varte frå 31. august til 23. september 1905, då konvensjonen vart underteikna av representantane for dei to landa. Som kompromiss vart forhandlingane lagt til den svenske byen Karlstad, som var omtrent like langt frå begge hovudstadene. Det var fem hovudpunkt som vart tekne opp: Grensefestningar og nøytral sone, transittrafikk, reinbeite, vassdrag og tvistemålsavgjerd. Av desse punkta var det diskusjonane om grensefestningane og den nøytrale sona som fekk mest merksemd.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Statsminister Erik Gustaf Boström var lite samarbeidsvillig med dei norske styresmaktene.

Noreg og Sverige hadde i unionstida felles utenriksdepartement i Stockholm, og dette var ansvarleg for konsulatvesenet. Grunnlova hadde gjeve Noreg rett til eige konsulatvesen, men dei fleste konsulane og visekonsulane i dei områda der Noreg hadde interesser, var ofte lokale og ikkje norske. Behovet for å fornya konsulane og for å få modernisert konsulatvesenet melde seg. Problemet var at medan Noreg hadde eit frihandelssystem, hadde Sverige ein meir proteksjonistisk politikk.

Noreg hadde behov for konsular som arbeidde for norsk eksport, medan Sverige hadde andre krav. Noreg hadde den tredje største handelsflåten i verda og den raskaste veksande dampskipsflåten i verda. Noreg bidrog med dobbelt så mykje til konsulatvesenet, og det var ikkje uproblematisk at dette låg under eit utanriksdepartement som ikkje stod konstitusjonelt til ansvar for Stortinget. Det var òg få norske konsular i både Nord- og Sør-Amerika, der norsk skipsfart hadde mange marknader.[1] I 1895 bestemte Venstre seg for «Knyttnevepolitikken», dvs. å pressa gjennom eit norsk konsulatvesen, men då Sverige truga med krig, vart saka lagt død.[2]

Utanriksminister Alfred Lagerheim fekk ikkje tilstrekkeleg støtte for kompromissvilja si i Riksdagen og kom i konflikt med statsminister Boström.

Valet i 1903 vart vunne av Samlingspartiet, ein koalisjon mellom moderne Høgre og det liberale høgreside-Venstre leide av Francis Hagerup. Dei vann valet på løftet om forhandlingar om eige norsk konsulatvesen.[1] Ein av grunnene til det var at Alfred Lagerheim hadde teke over som utanriksminister i 1899, og at han var kjend som ein meir kompromissviljug politikar i drøftingane av konsulatsaka. Likevel vart problema mellom Lagerheim og dei meir konservative kreftene store, og han og statsminister Erik Gustaf Boström gav ulike signal til nordmennene i forhandlingspolitikken, der Boström sine signal var langt meir forsiktige og lite ettergjevande. I november 1904 vart det ein diskusjon i statsrådet i Sverige, der både Lagerheim og Boström foreslo å gå av. Det vart til at Lagerheim leverte inn avskjedssøknad.[3]

Avgangen til Lagerheim tydde òg nederlag for den kompromissviljuge linja. Statsminister Boström la fram seks punkt eit eventuelt norsk konsulatvesen måtte overhalda etter avgangen til Lagerheim:[4]

  • Konsulatstyret skal, innan ei konsulstilling blir fylt, kunngjera utanriksministeren alle naudsynte opplysningar som gjeld kandidaten.
  • I diploma til norske konsular skal alltid tittelen til kongen oppførast slik at Sverige vert nemnt føre Noreg.
  • Konsulatstyret må ikkje gje ein konsul noko forskrift som står i strid med UD-ministeren si avgjerd.
  • Viss utanriksministeren finn ut at ein konsul opptrer slik at det kan verka forstyrrande på det gode tilhøvet mellom dei sameinte rika, har han å melda dette i ministerielt statsråd.
  • Konsulane kan suspenderast av vedkomande gesandtskap... og kan ikkje innsetjast utan etter innstilling frå kongen eller UD-ministeren.
  • I visse landa skal det felles konsulatvesenet bestå inntil vidare.

Desse krava vart frå norsk presse set på som så strenge at dei vart kalla «lydrikepunkta».[5] Det vart gjort forsøk på forhandlingar med dette som basis, men avstanden vart for stor, og forhandlingane stranda i februar 1905.

I og med Lagerheim sin avgang, motvilja Boström hadde til å samarbeide og dei manglande resultata av forhandlingane hadde òg regjeringa Hagerup spelt ut si rolle. Den 21. februar 1905 utnemnde Stortinget ein «Specialkomité» med medlemmar frå alle partia (Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet) som skulle utarbeida ei innstilling om ei ordning av konsulatvesenet.[6]

Den generelle kjensla var at når svenskane ikkje ynskte samarbeid, fekk Noreg ta affære, og to medlemmar av regjeringa Hagerup, Christian Michelsen og Jakob Schøning, gjekk av. Dette tvang heile regjeringa Hagerup til å gå av den 11. mars.[7] Christian Michelsens samlingsregjering tok over med Michelsen som statsminister. Han heldt fram med konsulatsaka, og etter kvart vart det Boström som gjekk av. Ny statsminister, etter at alle tidlegare kandidatar hadde sagt nei, vart Johan Ramstedt.[8] Grunnen til at mange takka nei til statsministerstillinga, kan ha vore at dei forstod alvoret i situasjonen, og at den sitjande ministeren ville bli hugsa som den som mista Noreg.

Unionoppløysinga frå svensk side[endre | endre wikiteksten]

Christian Michelsen hadde ein del uortodokse løysingar på problemet med konsulatsaka og unionen med Sverige.

Den 10. mai 1905 leverte Stortinget sin spesialkomité for Konsulatsaka ei einstemmige innstilling om å følgja den «korte lovlinje», det vil seia den politiske retninga som kravde norsk konsulatvesen trass i at det var eit felles utenriksministerium. Loven skulle tre i kraft frå 1. april 1906. Stortinget vedtok lova i Odelstinget og Lagtinget den 18. og 23. mai. Detta vart oversendt kong Oscar II på Stockholms slott den 27. mai.[9] Oscar II, som nettopp hadde kome seg etter sjukdom, nekta å sanksjonera. Noregs regjering hadde mottrekket klart, og hadde med seg regjeringa Michelsens resignasjon. Oscar II svara følgjande:

«Da det er mig klart, at nogen anden Regjering ikke kan dannes, så bifalder jeg ikke Staatsraadenes Afskedsansøkninger»

Reaksjonen frå norsk hald måtte komme via Stortinget, då det å svara frå regjeringshald ville vera å underkjenna sin eigen avskil. Reaksjonen frå Stortinget, den 7. juni, var òg avgjerande. Stortingspresident Carl Berner las opp følgjande førebudde utsegn:

«Da Statsraadets samtlige Medlemmer har nedlagt sine Embeder, da Hans Majestæt Kongen har erklæret sig ude af Stand til at skaffe Landet en ny Regjering, og da den konstituionelle Kongemagt saaledes er traadt ud af Virksomhed, bemyndiger Stortinget Medlemmerne af det idag aftraadte Statsraad til indtil videre som den Norske Regjering at udöve den Kongen tillagte Myndighed i Overensstemmelse med Norges Riges Grundlov og gjældende Love – med de Ændringer, som nödvendiggjøres derved, at Foreningen med Sverige under én Konge er oplöst som Fölge af, at Kongen har Ophört at fungere som norsk Konge.»[10]

Det juridiske grunnlag for denne utsegna er ikkje uproblematisk, noko Oscar II peika på i svaret sitt den 10. juni, der han viste at det ikkje er nokon samanheng mellom det at regjeringa tok avskil, uvilja hans til å akseptera det og den norske konklusjonen at han dermed ikkje har utført pliktene sine som monark av Noreg.[11] I tillegg var det ikkje juridisk mogleg for Noreg å oppheva Riksakten av 1815 utan Sveriges godkjenning.[12][13] Mot dette kunne det hevdast at handlinga var i tråd med Venstre si kontrasignaturlære frå 1890-talet, og at funksjonen til kongen som regjeringsdannar var av avgjerande tyding, og når ein konge ikkje fylte denne funksjonen, var det at han ikkje danna ei ny regjering ein faktisk abdikasjon.[14]

Deretter delte svenske og norske styresmakter seg i synet på unionen. Svenskane meinte at unionen de jure ikkje var oppløyst, og anerkjende ikkje oppløysinga. Nordmennene meinte at den de facto var det, og at dei var sjølvstendige. Frå svensk side vart det nedsett eit særskilt utval med utgangspunkt i Riksdagen som skulle utarbeida dei svenske vilkåra for ei oppløysing av unionen. Michelsen-regjeringa tok opp postane sine som det sjølvstendige Noreg si regjering.

Johan Ramstedt tok over som statsminister i Sverige etter Boström. Han hadde hatt jobb som utanriksminister mellom Lagerheim og Gyldenstolpe

Ramstedt hadde saman med kronprins Gustav planar om å gje nordmennene som tilbod å fratre unionen mot at Stortinget ikkje oppløyste unionen. Då dette skjedde den 7. juni, handla det om å få avgrensa skadane. Unionoppløysinga skapte sinne i Sverige, ikkje så mykje fordi det kom, men måten det kom på.[15]

Ramstedt sin kommentar var: «Genom denna revolutionära åtgärd har stortinget ej blot utan Konungens medverkan än även utan all hänsyn till Sverige egenmäktig fattat beslut angående upphävande av et unionsförhållande som existerar på grund av ömsedlig lagfäst överenskommelse mellan de båda rikena och ej kan utan ömsesidigt medgivande brytas». Ramstedt la til at Noreg si avgjerd «på det djupaste kränker Sveriges rätt».

Likevel hadde eit særskilt utval med utspring i Riksdagen, «Hemliga utskottet», leidd av Christian Lundeberg, avslått alternativet Ramstedt foreslo.[16] Utvalet brukte så juli månad til å utarbeida dei svenske vilkåra for oppløysinga av unionen.

Den 25. juli gav dei innstillinga si, at Sverige skulle gå i forhandlingar med Noreg om unionoppløysing. Blant krava var folkerøysting frå Noregs side, og demilitarisert sone på begge sider av grensa, noko som tydde at alle moderne festningar på norsk side, Ørje-forta, Urskog fort og moderne påbygg på Kongsvinger festning og Fredriksten festning, måtte avviklast.[17]

Forslaget gjekk gjennom i Riksdagen den 28. juli. Dette medførte at Ramstedts regjering vart tvunge til å gå av. Den 3. august gjekk Ramstedt av. Ny regjering vart leidd av Lundeberg, med Ramstedt som justisråd. Det å velje Christian Lundeberg som regjeringssjef var eit viktig val. Lundeberg hadde vore ein av dei sterkaste kritikarane av samarbeidsmetoden til utanriksminister Lagerheim.[18]

Folkerøysting og førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Vitsetekning i Vikingen om ei tenkt telegramveksling mellom Michelsen og Bjørnstjerne Bjørnson. Teikninga vart så populær at fleire trudde i lang tid at historia var sann, og Bjørnson måtte sjølv dementera ho.[19]

Noreg aksepterte kravet om folkerøysting og forhandlingar, sjølv om folkerøystinga vart igangsett av Stortinget før kravet offisielt kom, men etter at det var presentert for Riksdagen. Folkerøystinga 13. august viste nok ein gong skilnaden mellom norsk og svensk innstilling. Svenskane bad om folkerøysting for oppløysing av unionen, medan folkerøystinga i Noreg handla om godkjennelse av «den stedfundne Opløsning af Unionen». Resultatet vart uansett eit overveldande «Ja».

Sjølve røysteprosessen var ikkje ukontroversiell. Fleire stadar låg det ikkje Nei-stemmer, og andre stadar låg det blanke ark der ein måtte skriva «Nei» sjølv. Det var òg eit tungt ja-miljø, og vanskeleg å røysta nei. Sidan røystinga gjaldt den «stedfunde» oppløysinga, og ikkje gjaldt ei røysting om unionoppløysing, og sidan den heller ikkje var ein kommentar til framgangsmåten 7. juni, var det heller ikkje like stort engasjement blant dei som meinte at framgangsmåten var feil.[20]

Den 21. august handsama Stortinget forslaget til regjeringa om å be Sverige medverka til unionoppløysinga ved å oppheva Riksakta. Det bad òg om fullmakt til å forhandla om vilkåra. Med 11 motrøyster frå dei radikale delane av den politiske venstresida fekk regjeringa godkjent vedtaket. Sverige svara raskt med å foreslå forhandlingar mellom fire representantar for kvart land, av dei minst to statsrådar. Karlstad vart foreslått fordi byen låg midtveges mellom dei to hovudstadene.

Unionen sett utanfrå[endre | endre wikiteksten]

Stormaktene var ikkje særleg opptekne av uniontilhøvet mellom Noreg og Sverige. Men ei unionoppløysing hadde stor tyding i fleire samanhengar. Dei viktigaste spørsmålet var i kva grad Austersjøen skulle vera «ope» eller «lukka», Noregs framtidige styresett og eventuelle dynastiske samband ved enno monarki. Noregs kystlinje var òg relevant for flåtekappløpet mellom Storbritannia og Tyskland.[21] Reaksjonane var klårt sterkast frå britisk og tysk hald, medan Frankrike og til dels Russland var mindre involvert.

I november 1855 hadde Novembertraktaten vorte inngått. Han gjekk i hovudsak ut på at Storbritannia og Frankrike ville støtte Sverige og Noreg mot eit kvart russisk angrep mot at dobbeltmonarkiet ikkje gav bort landområde til Russland. Ei unionoppløysing ville setja denne avtalen til side, i og med at han var berekna på Noreg og Sverige saman, og ikkje på dei to landa som sjølvstendige.

Engelske reaksjonar[endre | endre wikiteksten]

Den britiske utanriksministeren Lord Lansdowne var godt orientert om situasjonen i Noreg og Sverige.

Frå januar 1905 var Storbritannias minister i Sverige og Noreg sir James Rennell Rodd. Rodd sette seg godt inn i situasjonen, og valde å vitja Noreg allereie i februar 1905. Detta var uvanleg for Storbritannia sine representantar, som stort sett heldt til i Stockholm.[22] Rodd sjølv oppfatta situasjonen som alvorleg etter å ha vitja Noreg i februar, der han blant anna snakka med statsminister Hagerup. På den andre side opplevde han ikkje «lydrikepunkta» til Boström som heilt urimelege.[23] Rodd skal ha gjort framlegg om ein «golden bridge», eit kollegialt samarbeid i utenriksministeriet til Hagerup.[24] Rodd samtalte òg med kronprins Gustav i høve kronprinsen til tur til Kristiania som delvis overlappa med Rodd sin tur.

Parallelt med den vanlege diplomatiske kommunikasjonen, hadde helten frå ferda med «Fram», Fridtjof Nansen, påverka folkeopinionen i Storbritannia gjennom avisartiklar der dei fleste vart publisert i mars månad. Han hadde òg møtt utanriksminister Lansdowne uoffisielt i og med at han ikkje hadde noko offisielt mandat. Lord Lansdowne rapporterte til Rodd om ei svært lang innføring i problema mellom Noreg og Sverige frå Nansen si side, og problema var i hovudsak argument som var godt kjent for Lansdowne.[25]

Rodd følgde godt med på utviklinga frå Noreg, og tok opp både interne og eksterne problem i samband med unionoppløysinga. Han hadde òg nemnt at svenskane skulle kunne satsa på Sven Hedin, som naut stor respekt i Storbritannia, som ei svensk motvekt mot Nansen. Rodd fekk heile tida god tilbakemelding frå utanriksminister Lansdowne.

Fritz Wedel Jarlsberg nytta seg av dei diplomatiske kunnskapane sine for Noregs sak, men det er uklart i kor stor grad han påverka situasjonen.

Fram til Karlstadkonvensjonen handla det i stor grad frå diplomatisk side å halda oversyn over situasjonen og å be Noreg om tolmod og Sverige om å ikkje trekkja ut tida. Likevel hadde Fritz Wedel Jarlsberg lansert dei to hovudkandidatane frå norsk side til å ta over trona etter Oscar II. Dei to framlegga var Prins Carl av Sverige og Prins Carl av Danmark, det førstnevnde av høflighiet, det sistnemnde av omsyn til Prins Carl av Danmarks dynastiske samband med Storbritannias monark, fordi han var gift med Edward VII si yngste dotter.[26] Wedel Jarlsberg skremde med faren for republikk eller intervensjon frå ei anna stormakt i tronfølgjarspørsmålet.

Wilhelm II av Tyskland var engasjert i den norske tronfølgja, og tok ei aktiv rolle i juni og juli 1905.

Tyske reaksjonar[endre | endre wikiteksten]

Den tyske ministeren i Noreg og Sverige i 1905, grev Casimir von Leyden, hadde lita tru på kronprins Gustavs ferd «til fiendeland» i februar 1905.[27] Han var i tillegg skeptisk til den norske saka. Han meinte at forhandlingar om konsulatvesen ikkje burde ha funne stad, at «lydrikepunkta» ikkje var urimelege, og at nordmennene aldri var særleg interessert i ei løysing som gjekk ut på at unionen bestod.[28] Likevel var han ikkje fjern for Noregs krav, og meinte at dei hadde vist stor intelligens, energi og djervskap.[29] Svenskane hadde utvist likesæle og det svenske kongehuset hadde handsama Noreg stemoderlig ifølgje von Leyden.

Då Michelsen-regjeringa tok over, var von Leyden mest overraska over samansettinga av ministrar, som han meinte gav klåre indikasjonar om at regjeringa ikkje kom til å samarbeida, og ville få ei kort levetid utover konsulatsaka. Då Tyskland ikkje vart konfrontert om Novembertraktaten, fokuserte heller von Leyden på generelle observasjonar om unionoppløysinga, der han langt på veg skulda svenskane for å ha vore gammaldagse og å ikkje ha teke situasjonen på alvor.

Tyskland si rolle var i hovudsak å observera. Fridtjof Nansen hadde berre i eit kort tilfelle konsentrert seg om Tyskland, og då han korkje fekk møta keisaren eller dei næraste rådgjevarane personleg, valde han å avlysa forsøket på å påverka tysk diplomati, og gjekk heller via britiske aviser til tyske aviser.[30] Fråveret av aktivitet frå Nansen og Wedel Jarlsberg si side, sistnemnde var òg berre kort innom Tyskland, gjorde at tyskarane stort sett stolte på rapportar frå von Leyden.

Wilhelm II var svært godt informert om utviklinga, og las kommuniké med interesse. Då trona vart ledig, såg på Wilhelm II det som uheldig at den ville gjevast til svigersonen til Edward VII, og han prøvde å igangsetja eit kandidatur for den danske prinsen Carls onkel, Valdemar av Danmark, som eit betre alternativ. Valdemar var bror av enkekeiserinne Dagmar av Russland. Wilhelm II tok opp dette med Nikolaj II av Russland ved Björkö, der ein vidare plan om tettare tysk-russisk samarbeid vart diskutert. Wilhelm IIs argument var sterkt anti-engelske og kritiske til Edward VII.[31] Likevel tok ingen av regjeringane til dei to stormaktene avtalene til keisarane, så det vart lite ut av dette besøket. Kort tid etter Björkö-møtet slo Wilhelm II seg til ro med Carl av Danmark som Noregs nye konge. I høve til Wedel Jarlsberg sine oppmodingar om å pressa Sverige til å godta Carl, heldt Tyskland seg svært lite interessert. Dette var delvis fordi Tysklands sendebod var godt informert, og fordi verken Wedel Jarlsberg eller Nansen hadde konsentrert seg om å appellera til Tyskland.

Forhandlingar og mobilisering[endre | endre wikiteksten]

Den svenske statsministeren Christian Lundeberg.

Forhandlingane vart lagt til losjehuset til Frimurerlosjen i Karlstad. Valet av by var todelt. For det første var det eit kompromiss etter at Sveriges regjering hadde foreslått Stockholm og nordmennene foreslo å veksla mellom Stockholm og Kristiania.[32] For det andre var Karlstad vald spesifikt i Riksakten av 1815 som «Samlingsstad for begge Rigers Komitear».[33]

Frå norsk side stilte statsminister Christian Michelsen, utanriksminister Jørgen Løvland, stortingspresident Carl Berner og statsråd Benjamin Vogt. Alle desse var utnemnd av regjeringa. Løvland vart av ikkje-norske kjelder omtalt som statsminister, då han var Noregs statsminister i Sverige. Frå svensk side stilte Christian Lundeberg, utanriksminister Fredrik Wachtmeister, kyrkjeminister Hjalmar Hammarskjöld og statsråd Karl Staaff. Staaff var det liberale alibi som spelte ei viktig rolle i den fredlige oppløysinga av unionen.[34] Wachtmeister var mindre konservativ enn Lundeberg og dessutan ein dugeleg debattant.[35] Hammarskjöld hadde arbeidd i justiskomiteen og var folkerettslig ekspert.[36]

Bakgrunnen for forhandlingane var problematiske. Noreg hadde allereie erklært unionen som oppløyst i folkerøystinga, og regjeringa si forhandlingsviljuge linje vart tolka som ei svekking av saka.[37] I tillegg var den norske militære styrken mindre enn den svenske. For svenskane var det uklart korleis stormaktene ville reagera, men det er sannsŧnleg at dei ikkje ville ha vore særleg nøgd med ei krigsløysing.[38] I tillegg ville ein krig over forhandlingane vore i seinaste laget. Ifølgje Gustaf Axel Berg var det vanskeleg å tenkja seg ei meir passande krigsårsak enn handlinga til Stortinget den 7. juni, og då vart september i seinaste laget.[39]

Forhandlingane stod om fem hovudpunkt:[40]

  1. tvistemålsavgjerd ved voldgift
  2. nøytral sone, nedlegging av festningar og anna
  3. retten til flyttsamane til reinbeite og anna
  4. transittrafikken
  5. felles innsjøar og vassdrag.

I tillegg kom nokre hummerrike undervassskjer ved Iddefjorden, som vart handsama som eige punkt.

Krava var framstilt av den svenske Riksdagen, som då hadde tilsidesett regjeringa Ramstedt, med unntak av skilsdomstraktaten. Dei norske delegatane hadde ingen motkrav ut over skilsdom.[41]

Punktet om tvistemålsavgjerd ved skilsdom gjekk rett igjennom som generelt punkt, og vart handsama og godkjent i dei enkelte sakene bortsett frå punkt to.

Klaraälven er detsvenske framhaldet av Trysilelva, og vart eit symbol på diskusjonar om vassdragspolitikk.

Transittrafikken var særleg orientert rundt malmtransport mellom Kiruna og Narvik og papirtransport i omtrent same retning. Det vart avgjort at det ikkje skulle vera nokre tollsatsar på transport av varer brukt av statsbanane i dei to landa med unntak av innanrikstoll og avgifter. Her vart malmen sett bort frå. Etter norsk krav vart det innført ei tidavegrensning til 1926 på avtala.[42]

Punktet om felles innsjøar og vassdrag var i hovudsak eit spørsmål om Trysilelva/Klaraälven, og til ein viss grad andre vassdrag som byrja i eitt land og rann ut i eit anna. Det var eit svensk krav om det ikkje var tillate å påverka elva si vassføring, det vil seia å byggja vasskraftverk, i elver som gjekk på begge sider av grensa. Begge partar var samde om dette punktet òg.[43]

Punkta om retten til flyttsamane til beita var ikkje heilt uproblematisk, då den norske regjeringa opplevde skaden som reinflokkane til samane gjorde som så stor at det vanskeleggjorde livet for fastbuande bønder i både Troms og Finnmark. Dei svenske forhandlarane ville ha fri ferdsel.

Grensefestningane[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste temaet til forhandlingane var krava om nedlegging av norske festningar. Det var semje landa imellom om ei nøytral sone, sjølv om det ikkje var avklart kva for område denne skulle omfatta.[44] Tre av dei fire festningane, Ørje befestninger, Urskog fort og Fredriksten festning, låg innanfor den nøytrale sona, og Kongsvinger festning tangerte den. Nedlegginga av dei moderne forta og tilbygga var mest av symbolsk tyding, fordi dei ikkje ville hatt stor militær tyding mot eit angrep frå aust.[45] Den svenske oppfatninga var òg den at dei ikkje var så viktige, då det å gjera eit gjennombrot éin stad ville uskadeleggjera alle innan kort tid, då det ikkje var store forsvaret bakfrå. Fleire norske generalar var òg bekymra over at desse festningane ville binda opp for mange militære frå andre posisjonar.[46] Det låg likevel ein god del symbolikk, både i dei nye forta og i dei gamle festningane.

Kongsvinger festning vart eit stridtema mellom utsendingane frå dei to landa.

Allereie den første forhandlingsdagen kommenterte Michelsen at han såg på saka om grensefestningane som ei sak om Ørje-forta og Urskog då Kongsvinger og Fredriksten var for gamle, og han spurde Lundeberg korleis Riksdagen forheldt seg til dette. Michelsen tok òg opp i kva grad grensefestningane og reinbeitespørsmålene måtte løysast endeleg i løpet av konvensjonen. Lundeberg svara ikkje på det første spørsmålet, men sa at grensefestningane og reinbeitespørsmålene måtte løysast, og at transitthandelen måtte løysast på prinsipielt nivå.[47]

Dagen etter, den 1. september, vart temaet nøyare studert. Michelsen argumenterte for at av dei fire forta, låg Kongsvinger vest for Glomma, og dermed tilhøyrde den indre festningslinja.[48] Lundeberg svara at Riksdagen ikkje hadde nokon krav om at gamle befestninger skulle rørast, men dei nye festningsverka, inkludert Hjelmkollena fôra ved Svinesund, måtte bort.[49] Løvdahl kontra med at grensefestningane var del av Glommenlinjen, forsvaret av Kristiania mot angrep frå aust.[50] Til den svarte utanriksministeren Wachtmeister at det aldri var snakk om å riva Glommenlinjen, men at dei fire grensefestningane ikkje tilhøyrde denne linja, men låg austom den.[51]

Argumenta frå begge sider om grensefestningane handla delvis om høvet for at Noreg og Sverige kunne hamna i ulike interessesfærar, sannsynlegvis underforstått svensk tyskvennlegheit og norsk engelskvennlegheit, og problemet med opne og forsvarslause grensar. I hovudsak såg den svenske delegasjonen på festningane som offensive, og nordmennene på dem som defensive.[52] Seinare på dagen viste Lundeberg til at då festningane vart diskutert i Stortinget, vart det argumentert at dei kunne brukast offensivt. Detta vart stadfesta dagen etterpå, då dåverande kaptein August Spørck, leiar for militærkomiteen, kommenterte at befestningane hadde ein offensiv karakter.[53] Etter denne stadfestinga gjekk diskusjonen inn på dei andre punkta. Grensefestningane vart først teke opp igjen den 6. septemberen. Temaet gjekk òg inn på der ein eventuell nøytral sone skulle liggja.[54] Forhandlingane heldt fram uansett fram til 7. september, då Michelsen hadde foreslått at festningane ved Hjelmkollen, Ørje og Urskog kunne rivast mot at den nøytrale sona vart demilitarisert, det vil seia at ikkje noko land fekk ha troppar der. Då vart den semja om å ta ein pause for å konferera med regjeringane og parlamenta i kvart land.[45]

Regjeringa vart i liten grad informert frå den norske delegasjonen om aktivitetane. Den 1. september fekk ho eit telegram som la vekt på kor høfleg den svenske delegasjonen var, og deretter kom det eit nytt seint på kvelden den 4. september, som vart handsama dagen etter.[55] I dette telegrammet vart det fortalt at reindrift og transitt hadde vorte teke opp, og at medan reindrift inneheldt nokre ikkje uoverkommelege problem, ville transitten verta uproblematisk.

Då delegasjonen kom attende til Kristiania, skildra Michelsen situasjonen slik:[56]

a. Grensefestningane var hovudproblemet, og det fanst ikkje noko forslag frå nokon partar. Svenskane hadde gjort sina undersøkingar grundig, og dei tok opp at «daværende formand i Militærkomiteen kaptein, nu Oberstløintnant Spørck» hadde uttalt at festningane òg hadde ein offensiv karakter. Michelsen la vekt på at forta i Kongsvinger og Fredriksten skulle rivast ifølgje svenske krav.

b. Reinbeitet hadde heller ikkje noko løysingsforslag, men Michelsen såg på det som løŧsbart så lengje det ikkje var livsviktig.

c. Transittforslaget. Svensk forslag godkjent, men var gjenstand for forbetring.

d. Vassdraga var det heller ikkje noko å utsetja på.

e. Den svenske delegasjonen var skeptisk til å ha internasjonal voldgift då dei meinte at dei ikkje ville at andre land skulle treffa aggjerder om interne saker. Uoffisielt skal Michelsen ha fått stadfesta at det likevel ikkje ville verta eit uoverkommeleg problem.

Michelsens framstilling av at Fredriksten og Kongsvinger skulle rivast rimar ikkje heilt med kva den svenske sekretæren Joh. Hellner og den norske Andreas Urbye noterte. Der låg det berre krav om at dei moderne festningane skulle rivast, og når det gjaldt Fredriksten hadde Michelsen allereie delvis gått med på dette.

Krigsfrykt[endre | endre wikiteksten]

Norske soldatar på grensevakt ved riksgrensa mot Sverige 1905.
Foto: Narve Skarpmoen

Eit anna problem var at det var tropperørsler ikkje langt frå grensa. Allereie fredag 25. august reagerte medlemmar av Stortinget på at dei svenske rekruttane, anslagsvis 60 000, ikkje hadde vorte heimsendt frå øving, og at dette kunne tolkast som ei delvis mobilisering.[57] Talet vart oppjustert til 65–70 000. Nokon av desse rapportane kunne verta spora attende til Wedel Jarlsberg, som prøvde å påverka stormaktene frå København. Detta vart tilbakevist med at desse soldatane enno var ute på den øvinga som føregjekk omtrent i dette området omtrent denne tida på året kvart år.[58]

Forklaringa var ikkje heilt godkjent. og det vart oppfatta med stor bekymring frå norsk side. Noreg valde likevel ikkje å mobilisera under møtet, men då det vart eit brot i forhandlingane, kom kravet endå sterkare. Det vart gjennomført ein delvis mobilisering kalla Grensevakten den 13. september.[59] Den norske journalisten S. C. Hammer rapporterte: «Om Aftenen den 13de var der mange Mennesker i Bevægelse paa Hovedstadens Gader. Overalt førtes levande Diskussioner. Tanken var vendt mod de Landsmænd, som laa ved Grænsen eller var paa Veien derhen, og mod de Sømænd, der havde den ærefulde Opgave at værne om vore Kyster».

Det vart òg snakk om troppeflŧtingar i Sverige, og at det var stadig fleire soldatar i nærleiken av Narvik. Noreg hadde ingen forsvarsstyrkar der, og dersom Sverige samstundes angreip mot Kristiania, ville det vanskeleggjort det norske forsvaret av begge områda.[60] Den norske frykta for krig var stor nok til at det den 13. september vart utsend ordre om delvis mobilisering frå norsk side.[58] Dermed låg det grensevakter ved grensa til Sverige då forhandlingane vart tekne opp att. Talet på mobiliserte norske soldatar var omtrent 23 000. På svensk side var det ein stad mellom 50 000 og 70 000 soldatar tilgjengeleg, og ein stor del av den svenske marinen vart flytta frå Göteborg til Strömstad, rett ved den norske marinen. Regjeringa og Stortinget gav dermed forhandlingsdelegasjonen rett til å gå med på å fjerna til og med dei historiske grensefestningane, så lenge ein nøytral sone vart oppretthalde. Michelsen nytta høvet til å bryta løftet om å halda forhandlingane løynlege, og fortalde Nansen og Wedel Jarlsberg om at svenskane kravde fjerning av òg dei historiske festningane.[61]

Stormaktene si intervenering[endre | endre wikiteksten]

Statue over den fredelege unionoppløysinga i Karlstad.

Storbritannia sin minister i København, Alan Johnstone, arrangerte eit møte i København med Wedel Jarlsberg, Nansen, den danske utanriksministeren Frederik Raben-Levetzau og den tyske chargé d’affaires , prins Reuss. Der vart troppeforflyttingane og påståtte krav om at det frå svensk hald var eit ønskje om å riva ikkje berre dei moderne, men òg dei historiske delane av festningane ved Kongsvinger og Fredriksten, målbore. Johnstone sende fleire rapportar om troppeforflytning frå svensk hald til utanriksminister Lansdowne.[62]

Rodd åtvara mot å høyra på Wedel Jarlsberg, «viss varsel inntil no ikkje har vist seg truverdige», og Lansdowne avskreiv Wedel som «ei svært usikker kjelde».[63][64] I dette tilfellet var det likevel Michelsen som stod bak ryktet. Wedel Jarlsberg valde òg å ta affære, og sende eit brev til kong Edward VII den 9. septemberen. I brevet stod det eit ønske om garanti frå Danmark mot «disturbance at sea», det vil seia angrep frå Sverige dersom Carl vart vald til konge av Noreg.[65] Omtrent samstundes drog Nansen til England for å be om eit møte med den britiske utanriksministeren. Lansdowne var på ferie i Irland då Nansen den 12. septemberen oppsøkte utanriksdepartementet, og kong Edward VII bad han møta Nansen på sommarstaden. Til dette svara Lansdowne at dersom kongen meinte det var så viktig, drog han heller til London.

På tysk side var det heile meir eller mindre forstått. Då Reuss rapporterte om troppeforflyttingane som Wedel Jarlsberg snakka om, vart Felix von Müller, Casimir von Leydens etterfølgjar som tysk sendemann i Stockholm, kontakta. På spørsmål om intervenering, rådde mot han det. Han forklarte at den såkalla mobiliseringen frå svensk side var vanlege øvingar, og at dei ikkje var mobilisert. Han forklarte òg at minstekravet til svenskane berre gjaldt dei nye, og ikkje dei gamle delane av Kongsvinger og Fredriksten.[66][67] Dermed vart Tyskland passive gjennom heile konflikten.

Forhandlingane held fram[endre | endre wikiteksten]

Sveriges og Noregs delegatar i Frimurarelogen i Karlstad. Frå venstre: Karl Staaff (Sverige), Fredrik Wachtmeister (Sverige), sekretær Berg, Hjalmar Hammarskjöld (Sverige), Christian Lundeberg (Sverige), sekretær Hellner, Christian Michelsen (Noreg), Jørgen Løvland (Noreg), Benjamin Vogt (Noreg), Carl Berner (Noreg), sekretær Andreas Urbye
Signaturane på Karlstadforliket. Utenriksdepartementets arkiv. Riksarkivet.

Forhandlingane i Karlstad vart tekne opp att 13. september. Michelsen hadde fått godkjenning frå norsk side til å riva alle festningar mot å få ei nøytral sone. Sidan svenskane kravde riving av dei moderne festningane, var altså forhandlingsposisjonen i overkant defensiv. Bakgrunnen for dette kan ha vore at Michelsen ville stå fram som om han hadde vunne ein seiar i staden for å imøtegå dei svenske krava. Allereie den 13. september sende Michelsen eit telegram der han peika på at han hadde «Ved underhandlingerne i dag sögt reidde Kongsvinger og det gamle Fredriksteen. Intet resultat i dag.»[68]

Forhandlingane var for det meste separate norske og svenske forhandlingar der dei møttest eit par gonger. Den 17. september og den 21.–23. september var det samankomst, resten av tida var det privat. Di verre var ikkje alle desse møta med sekretærar. Detaljar rundt reinbeite, transittrafikk og vassdrag vart teke opp, men allereie den 17. september telegraferte Lundeberg til Kong Oscar II at det var «Preliminär enighet vunnen äfven i lappfrågan och vattendragen. Utgången af trafikfrågan ännu oviss.»[69]

Mesteparten av tida var det likevel grensefestningane som vart diskutert. Trass i at det var teke med militære ekspertar, er det usikkert i kor stor grad desse vart brukt. Kaptein i generalstaben Jockum Åkerman kommenterte i notata sine for den 19. september at dette var første gong nokre militære fekk nokon som helst opplysning om kva ein hadde vorte samde om kva gjaldt forta.[70] Forhandlingane vart ei tautrekking om alle krava, og den norske delegasjonen gjekk etter kvart med på deaktivere tre moderne fort, men meinte at Kongsvinger burde sparast.

Etter nokre dagar vart Sverige og Noreg samde om at dei moderne tilbygga ved alle fire forta/festningane skulle fjernast, men samstundes at det skulle dannast ein demilitarisert, og ikkje berre nøytral, sona. Detta var eit kompromiss begge land såg ut til å leva godt med. I den løynlege separatavtalen til avtale om nøytral sone, nedlegging av festningane med meir vart Fredriksten spesifikt omtalt, men Kongsvinger vart ikkje det. Festningane vart ikkje skildra som rivne, men det vart detaljert skildra alt som skulle verta fjerna frå dei.[71] Dermed ville dei historiske delane til Kongsvinger festning bestå.

Kva gjaldt reinbeite, så hadde Noreg, med trussel om å stenga grensa i bakhand, fått til ei avtale som vart ei moderert utgåve av det kravet svenskane hadde og eit nærare det norske forslag, at ein skulle halda fram som tidlegare fram til ei ny avtale vart inngått i 1917.[72]

Karlstad-avtala 1905[73]
Konvensjon om Varigheit Innhald Unntak
Voldgift 10 år Framtidige tvistar Tvistar om «rigernes uafhængighed, integritet eller vitale interesser»
Den nøytrale sone Uoppseieleg Demilitarisert sone, nedlegging av grensefestningane Ikkje gjeldande i krig med tredje makt; Militær jarnbanetransport; Fredriksten og Kongsvinger.
Reinbeite 1908-1917 Svensk reinbeiterett i Troms og Finnmark Fastbuande og aksjeselskap
Transitt 30 år Godstransport Ofotbanen
Vassdrag 50 år Inngrep i fellesvassdrag

Konvensjonen om den nøytrale sone tredde ut av kraft 27. januar 1993 då «Konvensjon angaande neutral zone, befæstningers nedleggelse m.m.» vart oppheva.[74] Dermed var det ikkje lenger folkerettslige avgrensingar når det gjeld å ha militære styrkar langs det norsk-svenske riksgrensa.[75]

Reaksjonar og følgjer[endre | endre wikiteksten]

Georg Stang var ein ivrig forsvarar av grensefestningane.

Stortinget handsama avtala laurdag 7. oktober og måndag 9. oktober. Trass i Stortinget sitt sjenerøse omdefinering av krav, var ikkje alle medlemmane nøgt med resultatet. Ei lita gruppering, i hovudsak på venstresida, meinte at regjeringa ikkje hadde vore rakrygga, og at det var betre å gå til krig enn å akseptera vilkåra for fred, altså å riva grensefestningane. Det var særleg Johan Castberg, Alfred Eriksen og Wollert Konow (Hedmark) som var imot dette. Dei vart kalla «karlstadstormerne».[76] Castberg såg på det å riva festningane som det å merka landet som ei underlegen nasjon, og Konow meinte at han heller ville halda på unionen enn å gå med på dei svenske vilkåra.

Avtala vart godteken med 101 stemmar mot 16.[77] I realiteten hadde Stortinget neppe noko val. Løvland skildra at han under forhandlingane hadde set på klokka for å setja fast «klokkeslettet, naar bruddet maatte ventes». Det var òg halde som sannsŧnleg at dette ville ha medført krig.[35]

Den svenske Riksdagen følgde etter 13. oktober. Få dagar seinare vedtok Riksdagen å anerkjenna Noreg som uavhengig stat og oppheva Riksakten. Unionoppløysinga vart endeleg stadfesta då kong Oscar II 26. oktober underskreiv dokumenta som anerkjende Noreg som uavhengig stat, og same dag abdiserte som norsk konge. Statsrettslig sett vart unionen oppløyst 26. oktober, og ikkje 7. juni. Same dag avslo Oscar dessutan den norske førespurnaden om å la ein av sønene verta norsk konge. Dermed gjenstod det berre å formelt tilby Carl av Danmark trona.

Stormaktene sitt direkte press på Noreg og Sverige for å finna ei hurtig løysing på problemet er uklart, og det fanst berre oppfordringar til rimelege, ikkje hurtige, løysingar på forhandlingane. Det er likevel mogleg at Sverige og Noreg følte eit press. Det er likevel få teikn som tyder på at press frå stormaktene var hovudårsaka til at handsamingane gjekk fort.

Etter den svenske anerkjenninga var alle hindringer rydda av vegen for anerkjenning frå og diplomatiske samband med andre statar, og dei første sendemennene kom til Kristiania allereie ved månadsskiftet. Det vart Russland som vart det første landet etter Sverige som anerkjende Noreg som sjølvstendig, tett følgt av Storbritannia. Russlands motivasjon var delvis å unngå ein anti-russisk stemning i Noreg[78]

Dramatisering av Karlstadforhandlingene[endre | endre wikiteksten]

Den svenske filmen Mot nya tider frå 1939 av regissør Sigurd Wallén skildrar utviklinga i forhandlingane.[79][80]

Operaen Karlstad 1905 av Kjell Habbestad vart urframført i Moss kyrkje den 18. oktober 2016.[81]

Fotnotar og referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt: Selvstendighet og union : fra middelalderen til 1905. Kapitlet «Separate handels- og sjøfartstraktater», side 343-355. (Norsk utenrikspolitikks historie, bind 1), Universitetsforlaget, 1995. ISBN 82-00-22393-0
  2. Konsulatsaken - Store norske leksikon (udatert),henta 25. juli 2012
  3. Alfred Lagerheim[daud lenkje] - Kent Zetterberg i Svenskt Biografisk Lexikon , del XXII : Königsmarck - Lilja, under redaktion av Erik Grill och Birgitta Lager - Kromnow. Stockholm 1977 - 1979. Norstedts tryckeri Stockholm 1979.henta 16. januar 2013
  4. Lydrikepunktene Arkivert 2009-05-24 ved Wayback Machine. - Stovnerporten,henta 16. januar 2013
  5. Jugglery with words - hovedoppgave i historie, Andreas Kolle, november 2004
  6. Salomonsens Konversationsleksikon (Sal. Konv.), 2. utgave Bind XVIII, side 209-210
  7. Sal. Konv. B XVIII, s. 210
  8. Side 17-24, Arne Wåhlstrand: «1905 års ministärkriser», Uppsala och Stockholm, Uppsala 1941
  9. Siste statsråd med kong Oscar II Arkivverket, udatert 1905
  10. 7. juni-erklæringen Arkivert 2015-02-08 ved Wayback Machine., Riksarkivet, Arkivverket,henta 8. februar 2015.
  11. 24. Kong Oscars protestskrivelse af 10de juni 1905 - Nasjonalbiblioteket, udatert,henta 25. juli 2012
  12. 1905 - Unionsoppløsningen sett fra Holtet Hageby Arkivert 2015-10-03 ved Wayback Machine. - Velhaven, Holtet Hageby Vel.Udatert, henta 25. juli 2012
  13. 7. juni-vedtaket var i strid med folkeretten - Frede Castberg, 7. juni 1955, henta 28. januar 2013
  14. Side 425 ff, Rolf Danielsen: «På moderasjonens grunn», Historisk Tidsskrift bind 81, nr. 4/2002.
  15. Evert Vedung «Unionsdebatten 1905 - en argumentationsanalys», licenciatavhandling 3. juni 1966 Uppsala, henta 1. februar 2013
  16. Almanack för alla. Stockholm: Norstedt. 1912
  17. Sal. Konv. B. XVIII, side 210
  18. Sal. Konv., B. XVI, side 80
  19. Øystein Sørensen: Apokryft om å holde kjeft Arkivert 12. februar 2015 på Wayback Machine., Aftenposten 5. mai 1997, henta 21. januar 2013
  20. Gjestekommentar: Eidsvolds endelikt av J.K. Baltzersen, 28. august 2005, henta 25. juli 2012
  21. Karlstad-forhandlingene: de praktisk-økonomiske spørsmålene - side 23, Roald Berg: Norge på egen hånd, bind to av Norsk utenrikspolitikks historie, Universitetsforlaget, Oslo, 1995
  22. Depeche fra Rodd til utenriksminister Lord Landsowne 18. februar 1905, Foreign Offices filer, 63/650, Public Records Office, Kew Gardens
  23. Chapter III Stockholm 1905 Social and diplomatic memoirs, Sir James Rennell Rodd
  24. Francis Hagerup: Dagbok ført i 1905 av statsminister Francis Hagerup, side 14. Utgitt av H. Falch Myckland, Aschehoug, 1951.
  25. National Archives, Foreign Office 73, 652 Lansdowne til Rodd, 29. mars 1905. I sitt private kommuniké til Rodd var Lansdowne langt mer brutal mot Nansen, og beskriver Nansens «harang» som et rent oppgulp av ting han har sagt før.
  26. Kolle, side 56-58
  27. Auswärtiges Amt/Politisches Archiv, R11283 von Leyden til Bülow 12. februar 1905, nr. 25
  28. von Leyden til Bülow 12. februar 1905, nr. 25
  29. von Leyden til Bülow 12. februar 1905, nr. 25. Adressat, sannsynlegvis Wilhelm II, ga to strekar i margen ved dette utsegnet.
  30. Tanja Hammerstad: Svensk og norsk diplomati og propagandavirksomhet i Storbritannia i tiden rundt unionsoppløsningen i 1905, s 30. Hovudoppgåve, Universitetet i Oslo, 2002.
  31. Side 455-460 i Die Grosse Politik der Europäischen Kabinette 1871-1914: Sammlung der Diplomatischen Akten des Auswärtiges Amtes, Deutsche Verlagsgesellschaft für Politik und Geschichte, Berlin, 1925
  32. Gerhard Munthe: Karlstad 1905, Selskapet til vitenskapens fremme, småskrifter nr. 8, Eide forlag, Bergen 1954
  33. Side 193, Grunnloven vår: 1814 til 1993: tekstutgave - Tønnes Andenæs, Mads Andenæs, Oslo : Universitetsforlaget, 1993
  34. Karl Staaf[daud lenkje] - Jarl Torbacke i Svenskt Biografisk Lexikon , bind XXXIII : Königsmarck - Lilja, under redaktion av Erik Grill och Birgitta Lager - Kromnow. Stockholm 2007 - 2011. Norstedts tryckeri Stockholm 1979. henta 27. januar 2013
  35. 35,0 35,1 Christian Lundeberg[daud lenkje] - Arne Wåhlstrand i Svensk Biografisk Lexikon, bind XIV, Stockholm 1982-1984. henta 27. januar 2013
  36. K Hjalmar L. Hammarskjöld[daud lenkje] - Nils Herlitz i Svenskt Biografisk Lexikon , bind XVIII. Stockholm 1969 - 1971. Norstedts tryckeri Stockholm. henta 27. januar 2013
  37. Munthe, side 12
  38. Europa, unionskrisen og krigsfaren - side 36-37, Roald Berg: Norge på egen hånd, bind to av Norsk utenrikspolitikks historie, Universitetsforlaget, Oslo, 1995
  39. Munthe, side 13
  40. Karlstadforhandlingene - Store norske leksikon, henta 24. desember 2012
  41. Side 13-14, Karlstad 1905, Småskrifter (Selskapet til vitenskapenes fremme) nummer 8, Eide, Bergen, 1954
  42. Karlstad-forhandlingene: de praktisk-økonomiske spørsmålene - side 29-30, Roald Berg: Norge på egen hånd, bind to av Norsk utenrikspolitikks historie, Universitetsforlaget, Oslo, 1995
  43. Berg, side 30
  44. Karta ofver den föreslagna neutrala zonen - Nasjonalbiblioteket
  45. 45,0 45,1 Berg, side 34
  46. Munthe, s. 14--15
  47. Side 88-89, Arne Wåhlstrand: «Karlstadkonferensen 1905: protokoll och aktstycken», Almqvist och Wiksell, Uppsala, 1953
  48. Side 28-29, Arne Wåhlstrand: «Karlstadkonferensen 1905: protokoll och aktstycken», Almqvist och Wiksell, Uppsala, 1953
  49. Side 31 og 93, Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken, Uppsala och Stockholm, Uppsala 1953.
  50. Side 94 Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken, Uppsala och Stockholm, Uppsala 1953.
  51. Side 95-96 Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken
  52. Side 32-34 og 94-99, Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken, Uppsala och Stockholm, Uppsala 1953.
  53. Side 105 og 107, Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken, Uppsala ooch Stockholm, Uppsala 1953.
  54. Side 145 ff, Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken, Uppsala ooch Stockholm, Uppsala 1953.
  55. Bothner, side 214
  56. Bothner, side 220
  57. Bothner, side 206
  58. 58,0 58,1 Krig?, Arkivverket (udatert), henta 26. juli 2012
  59. Grensevakten 1905, Arkivverket (udatert), henta 25. desember 2012
  60. Bothner, side 233-34
  61. Berg, side 35
  62. National Archives, FO 211/252
  63. «whose forecasts have not hitherto been altogether justified by results», originalt engelsk sitat
  64. «a very unsafe guide», originalt engelsk sitat, Kolle, side 104
  65. , side 323-324, Sidney Lee: «King Edward VII - A Biography», Volume II, Macmillan & co., London, 1927
  66. Sude 89, Sune Jungar: Ryssland och den svensk-norska unionens upplösning, Åbo Akademi, Åbo, 1969
  67. Auswärtiges Amt, Politisches Archiv R8353 von Müller-Auswärtiges Amt (telegram), 12. september 1905, nr. 80
  68. Side 223, Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken
  69. Side 214, Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken
  70. Side 196, Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken
  71. Side 21-22, Arne Wåhlstrand: Karlstadkonferensen 1905 Protokoll och Aktstykken
  72. Berg, side 30-32
  73. Etter Roald Berg, side 41
  74. lovdata Avtale mellom Norge og Sverige om opphevelse av Konvensjonen angående nøytral sone, befestningers nedleggelse m.m. av 26-10-1905
  75. NOU 2009: 20 Ny grenselov 4.10.4 Landegrensen for øvrig
  76. Karlstadforhandlingene - 1905-basen, Nasjonalbiblioteket
  77. Berg, side 40-41
  78. side 70-73: Pertti Luntinen: The Baltic question 1903-1908, Suomalainen Tiedeneakatemia, Helsinki 1975
  79. imdb.com Mot nya tider
  80. Svensk Filmdatabas Mot nya tider (1939)
  81. http://operatilfolket.no/konserter/oslo-operafestival-karlstad-1905/

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

(Artikkelen er ei omsett og litt forkorta utgåva av artikkelen på bokmål.)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]