Ziggy Stardust - The Motion Picture
| Ziggy Stardust: The Motion Picture Konsertalbum av David Bowie | ||
| Utgjeve | Oktober 1983 1. april 2003 ((nyutgjeving) | |
| Innspelt | 3. juli 1973 | |
| Spelestad | Hammersmith Odeon i London | |
| Sjanger | ||
| Lengd | 69:31 83:33 (2003-utgåva) | |
| Selskap | RCA | |
| Produsent |
| |
| David Bowie-kronologi | ||
|---|---|---|
| Golden Years (1983) |
Ziggy Stardust: The Motion Picture | Fame and Fashion (1984) |
| David Bowie-konsertalbum-kronologi | ||
| Stage (1978) |
Ziggy Stardust: The Motion Picture | Santa Monica '72 (1994) |
| Singlar frå Ziggy Stardust: The Motion Picture | ||
|
||
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
| The Encyclopedia of Popular Music | |
| MusicHound | 3/5[3] |
| Pitchfork Media | 7.6/10[4] |
Ziggy Stardust: The Motion Picture er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i oktober 1983 samstundes med filmen med same namn. Musikken vart spelt inn under Ziggy Stardust-turneen i Hammersmith Odeon i London den 3. juli 1973, men albumet vart ikkje gjeven ut av RCA Records før 1983. Før dette hadde albumet eksistert som piratopptaket His Masters Voice – Bowie and the Spiders From Mars' Last Stand.[5]
Albumet dokumenterer den siste konserten Bowie spelt som Ziggy Stardust-rolla. Like før den siste songen annonserer han «ikkje berre er dette den siste konserten på turneen, men det er den siste konserten me gjer nokon gong. Tusen takk». Mange i publikum trudde det var Bowie sjølv som gav seg.[6]
Produksjon og utgjeving
[endre | endre wikiteksten]D. A. Pennebaker filma konserten og RCA spelte han inn for å gje det ut som eit konsertalbum. Prosjektet vart derimot lagt på hylla av forskjellige årsaker. Mellom anna gjekk det rykte om at Bowie sjølv ønskte å forlate Ziggy, og at kvaliteten på opptaka var dårleg.[7] Dei tenkte seg at RCA truleg ville gje ut materialet før eller seinare, så Bowie og produsent Tony Visconti miksa innspelingane i 1981. Denne miksen har fått mykje kritikk, sjølv om Visconti kalla det «meir ein redningsjobb enn eit kunstnarverk» med tanke på tilstanden til råmaterialet.[8]
Albumet kom til slutt ut i oktober 1983 som ein dobbel-LP. På grunn av plassmangel på LP-formatet, vart fleire songar tekne bort, forkorta eller skyfla om på. «White Light/White Heat» vart gjeven ut på singel i november.
Nyutgjevingar
[endre | endre wikiteksten]Ziggy Stardust: The Motion Picture har vorte gjeven ut på CD to gonger. Den første var 7. august 1983 av Rykodisc og den andre i april 2003 av EMI/Virgin som 30th Anniversary 2CD Set, med ekstra songar, introduksjonar, sceneprat og den komplette versjonen av «The Width of a Circle». «Changes» vart òg sett inn på rett plass i høve til slik konserten vart spelt etterfølgd av «Moonage Daydream».
I 2003 vart musikken gjeven ut med ein Visconti-miks, som vart rekna som ei stor betring i høve til originalen.[9] Nesten heile konserten vart gjenoppretta utanom om ekstranummera «The Jean Genie/Love Me Do» og «Round and Round» i lag med Jeff Beck. At framføringa til Beck ikkje er med er sagt å vere av honorar-årsaker eller til kjensla til gitaristen. I følgje Tony Visconti passa han ikkje inn i filmen.[9]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle spor skrivne av David Bowie
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Hang on to Yourself» | 2:55 | |
| 2. | «Ziggy Stardust» | 3:09 | |
| 3. | «Watch That Man» | 4:10 | |
| 4. | «Wild Eyed Boy from Freecloud» | 3:17 | |
| 5. | «All the Young Dudes/Oh! You Pretty Things» | 3:18 | |
| 6. | «Moonage Daydream» | 6:17 | |
| 7. | «Space Oddity» | 4:49 | |
| 8. | «My Death» | Jacques Brel, Mort Shuman | 5:45 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 9. | «Cracked Actor» | 2:52 | |
| 10. | «Time» | 5:12 | |
| 11. | «Width of a Circle» | 9:35 | |
| 12. | «Changes» | 3:35 | |
| 13. | «Let's Spend the Night Together» | Mick Jagger, Keith Richards | 3:09 |
| 14. | «Suffragette City» | 3:02 | |
| 15. | «White Light/White Heat» | Lou Reed | 4:06 |
| 16. | «Rock 'n' Roll Suicide» | 4:20 |
30th Anniversary 2CD Set (2003)
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Intro (med Beethovens niande symfoni arrangert og spelt av Wendy Carlos)» | Ludwig van Beethoven | 1:05 |
| 2. | «Hang on to Yourself» | 2:55 | |
| 3. | «Ziggy Stardust» | 3:19 | |
| 4. | «Watch That Man» | 4:14 | |
| 5. | «Wild Eyed Boy from Freecloud» | 3:15 | |
| 6. | «All the Young Dudes» | 1:38 | |
| 7. | «Oh! You Pretty Things» | 1:46 | |
| 8. | «Moonage Daydream» | 6:25 | |
| 9. | «Changes» | 3:36 | |
| 10. | «Space Oddity» | 5:05 | |
| 11. | «My Death» | Brel, Shuman | 7:20 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Intro (med Vilhelm Tell-overturen)» | Gioacchino Rossini | 1:01 |
| 2. | «Cracked Actor» | 3:03 | |
| 3. | «Time» | 5:31 | |
| 4. | «The Width of a Circle» | 15:45 | |
| 5. | «Let's Spend the Night Together» | Jagger, Richards | 3:02 |
| 6. | «Suffragette City» | 4:32 | |
| 7. | «White Light/White Heat» | Reed | 4:01 |
| 8. | «Farewell Speech» | 0:39 | |
| 9. | «Rock 'n' Roll Suicide» | 5:17 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- David Bowie – gitar, vokal, saksofon, munnspel
- Mick Ronson – sologitar, bass, vokal
- Trevor Bolder – bass
- Mick Woodmansey – trommer
- Mike Garson – piano, Mellotron, orgel
- Ken Fordham – alt-, tenor- og barytonsaksofon
- John Hutchinson – rytmegitar, korvokal
- Brian Wilshaw – tenorsaksofon, fløyte
- Geoffrey MacCormack – korvokal, perkusjon
Teknisk
- David Bowie, Mike Moran – produksjon og miksing
- Ken Scott – lydteknikar
- David Bowie, Tony Visconti, Bruce Tergeson – nymiksing i 2003
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1983/84) | Plassering |
|---|---|
| Australian (Kent Music Report)[10] | 67 |
| UK Albums Chart | 17[11] |
| Billboard Pop Albums | 89[12] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ziggy Stardust - The Motion Picture» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r2481
- ↑ Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, Michigan: Visible Ink Press. s. 151. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ «David Bowie: Five Years 1969-1973 Album Review - Pitchfork». Henta 30. juli 2021.
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.116
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.191
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op Cit: s.65
- ↑ «FAQ: David Bowie» at TonyVisconti.com Arkivert 24. oktober 2006 ved Wayback Machine.
- 1 2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.320
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 283. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «UK Top 40 Hit Database». Arkivert frå originalen 19. mars 2008. Henta 15. juli 2008.
- ↑ «allmusic (((Ziggy Stardust – The Motion Picture > Charts & Awards > Billboard Albums)))».