Trevor Bolder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trevor Bolder

Bolder i Milano, 9. november 2008
Foto: Marie Luisa Spagnuolo
Fødd9. juni 1950
Kingston upon Hull i England
FødestadKingston upon Hull
Død21. mai 2013 (62 år)
DødsstadLondon
OpphavStorbritannia
Aktiv1963 til i dag
SjangerHardrock, progressiv rock, glamrock, heavy metal, R&B
InstrumentBass, trompet, vokal
Kjende instrumentD'Alegria Defender TB signature bass
Tilknytte artistarThe Rats, David Bowie, The Spiders from Mars, Uriah Heep, Wishbone Ash, Cybernauts
PlateselskapRCA
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Trevor Bolder (9. juni 195021. mai 2013) er ein engelsk bassist, musikar, låtskrivar og produsent. Han er mest kjend for tida si i Uriah Heep og The Spiders from Mars, som ein periode var backingbandet til David Bowie. Han har òg spelt med mange andre musikarar sidan tidleg i 1970-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bolder var aktiv i det lokale R&B-miljøet på midten av 1960-talet. Han vart først kjend med The Rats, der Mick Ronson spelte sologitar. Gjennombrotet hans kom i 1971 då han erstatta Tony Visconti i bandet til David Bowie, som snart skulle verte kjend som The Spiders from Mars. Bolder spelte bass (og stundom trompet) på album aHunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972), Aladdin Sane (1973) og Pin Ups (1973).[1][2]

I 1976 vart Bolder med i Uriah Heep, og erstatta John Wetton. Han var forholdsvis kort tid i bandet, men medverka på albuma Firefly, Innocent Victim, Fallen Angel og Conquest. Då bandet braut opp på byrjinga av 1980-åra vart Bolder med i Wishbone Ash, tilfeldigvis erstatta han igjen John Wetton, og spelte på albumet deira Twin Barrels Burning i 1982. I 1982 vart han igjen med i Uriah Heep, og spelte på Head First-turneen (sjølv om Bob Daisley speler på albumet) og alle albuma deira sidan.[2]

I tillegg til å spele bass, produserte òg Bolder albumet til Heep frå 1991, Different World.[3] Han song solo på «Fear Of Falling», ein av songane han hadde skrive for Sea Of Light i 1995.

Han er framleis medlem av Uriah Heep,[2] og har òg spelt med Cybernauts.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med David Bowie[endre | endre wikiteksten]

Med Cybernauts[endre | endre wikiteksten]

  • Cybernauts Live

Med Dana Gillespie[endre | endre wikiteksten]

  • Weren't Born a Man

Med Ken Hensley[endre | endre wikiteksten]

  • Free Spirit
  • From Time to Time

Med Mick Ronson[endre | endre wikiteksten]

Med The Spiders From Mars[endre | endre wikiteksten]

  • Spiders From Mars (1976)

Med Uriah Heep[endre | endre wikiteksten]

Med Wishbone Ash[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Biography». nndb.com. Henta 30. april 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Hill, Gary. «Trevor Bolder». Allmusic. Henta 30. april 2011. 
  3. 3,0 3,1 «Allmusic ((( Trevor Bolder > Credits )))».