Aladdin Sane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aladdin Sane
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 13. april 1973
Innspelt Trident Studios og RCA Studios i London, og Nashville i Tennessee, 6. oktober 1972 til 24. januar 1973
Sjanger Glamrock, hardrock
Lengd 40:47
Selskap RCA Records
Produsent Ken Scott og David Bowie
David Bowie-kronologi
The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
(1972)
Aladdin Sane Pin Ups
(1973)
Singlar frå Aladdin Sane
  1. «The Jean Genie»
    Utgjeve: 24. november 1972
  2. «Drive-In Saturday»
    Utgjeve: 6. april 1973
  3. «Time»
    Utgjeve: 13. april 1973
  4. «Let's Spend the Night Together»
    Utgjeve: Juli 1973

Aladdin Sane er det sjette albumet til David Bowie, gjeven ut av RCA Records i 1973. Det var oppfølgjaren til gjennombrotet hans, The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, og det første albumet Bowie skreiv og gav ut som skikkeleg rockestjerne.

Mange kritikarar meiner at det inneheld nokre av dei beste songane hans, men meiningar om den heilheitlege kvaliteten er ofte delte. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray kalla albumet «merkeleg utilfredsstillande, og langt dårlegare enn summen av delane»,[1] medan Bowie-biografen Nicholas Pegg skildra det som «eit av dei mest påtrengande, uimotståelege og viktige» utgjevingane hans.[2] Rolling Stone-meldinga av Ben Gerson meinte det var «mindre manisk enn The Man Who Sold The World og mindre intimt enn Hunky Dory, utan åtaka av tvil på seg sjølv.»[3] Det var eit av seks Bowie-album som finst på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene (på 277. plass) og vart rangert på 77. plass på lista til Pitchfork Media over dei 100 beste albuma i 1970-åra.

«Ziggy goes to America»[endre | endre wikiteksten]

Namnet på albumet er eit ordspel på «A Lad Insane» («ein galen fyr»). Ein tidleg variant var «Love Aladdin Vein», som Bowie delvis droppa sidan det kunne knytast til narkotikamisbruk.[4] Sjølv om Aladdin Sane teknisk sett var ein ny «Bowie-karakter», var Aladdin Sane i røynda ei utvikling av Ziggy Stardust i utsjånad og person, som ein kan sjå på plateomslaget og på konsertane til Bowie i 1973, som kulminerte med at Ziggy «trekte seg attende» ved Hammersmith Odeon i juli dette året. Det var ikkje noko tematisk heilskap på dette albumet, slik det var på føregjengaren.[5]

Bowie sjølv har skildra Aladdin Sane så enkelt som «Ziggy goes to America» («Ziggy dreg til Amerika»), og dei fleste av songane er observasjonar han skreiv under turneen i USA i 1972 - som er årsaka til at stadnamna følgjer kvar songtittel på plateomslaget.[1] Biografen Christopher Sandford meiner at albumet viste at Bowie var «både rysta av og fiksert på Amerika».[6] Dei blanda kjenslene sa Bowie kom av «at eg ønskte å stå på scenen og framføre songane mine, men eg ønskte ikkj å vere på dei bussane med alle desse rare folka... Så Aladdin Sane var delt i midten.»[7] Denne «schizofrenien», som Bowie skildra det, kom til syne i sminken på plateomslaget, der lynet representerer den delte kjensla, og seinare fortalte han vener at «den galne fyren» i tittelen på albumet var inspirert av halvbroren Terry, som faktisk var diagnostisert som schizofren.[7][8][9] Bowie sjølv kom på ideen om å ha eit lyn måla i andletet, men sa at tåra var ideen til Brian Duffy: «Han sette den på etterpå, berre sette den inn der. Eg syns det var heller søtt.»[10]

Produksjon og stil[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Aladdin Sane vart spelt inn i Trident Studios i London frå desember 1972 til januar 1973, mellom dei to delane av den amerikanske Ziggy Stardust-turneen. Eit ønske om å gje ut albumet så raskt som mogeleg gjorde at vokalen på den Rolling Stones-påverka «Watch That Man» og munnspelet på «Cracked Actor» drukna i miksen.[1][11] Bowie og produsent Ken Scott har tidlegare motsagt dette om «Watch That Man» og hevda at ein ny miks dei lagde med vokalen tydlegare framme, som føreslått av Mainman-managementet og RCA Records, var dårlegare enn originalen som til slutt vart gjeven ut.[11][12]

Aladdin Sane hadde ein tøffare rockestil enn forgjengaren,[11] særleg på songar som «Panic in Detroit» (bygd rundt ein Bo Diddley-rytme) og Bowie sin halsbrekkande versjon av Stones sin «Let's Spend the Night Together».[1] Albumet var òg kjend for at Bowie utforska uvanlege stilartar som avantgarde jazztittelsporet og Bertolt Brecht-aktig kabaret på «Time», sistnemnde er kjend for tekstlinja «Time ... falls wanking to the floor». Begge songane var dominerte av pianoet til Mike Garson,[11] som òg er tydeleg på balladen «Lady Grinning Soul», inspirert av songaren Claudia Linnear.[1]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

To hit singlar på albumet vart gjevne ut før sjølve albumet kom ut. Det var «The Jean Genie», ein tung R&B-song med tekst laust basert på Iggy Pop[13] , og «Drive-In Saturday», ein doo wop-melodi som omhandlar ei framtid der folk må lære å ha sex på nytt ved å sjå gamle pornofilmar.[1] «Time» vart seinare gjeve ut på singel i USA og Japan, og «Let’s Spend the Night Together» i USA og Europa. I 1974 gav Lulu ut ei utgåve av «Watch That Man» som b-sida til singelen «The Man Who Sold the World», som begge var produsert av Bowie og Mick Garson.

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
AllMusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[14]
Blender 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[15]
Mojo 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[16]
PopMatters [17]
Q 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[18]
Robert Christgau B+[19]
Rolling Stone (positiv)[3]
The Rolling Stone Album Guide 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[20]
Spin Alternative Record Guide 7/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[21]
Pitchfork Media 9.0/10[22]


Med eit førehandssal på 100 000 kopiar,[11] debuterte Aladdin Sane på toppen av den britiske albumlista og nådde 17. plass i USA, noko som var det mest suksessrike albumet Bowie hadde hatt i begge landa til då. I Noreg nådde albumet 11. plass. Det er estimert at albumet har seld 4,6 millionar kopiar verda over, eit av dei mestseljande albuma til Bowie.[23]

Albumet vart generelt hylla av kritikarane, som var enno meir entusiastiske i USA enn i Storbritannia.[13] Rolling Stone skreiv om «dei utfordrande melodiane til Bowie, dei vågale tekstane, meisterlege arrangementa (med Mick Ronson) og produksjonen (med Ken Scott)»,[3] medan Billboard kalla det ein kombinasjon av «rå energi med eksplosiv rock». I den britiske musikkpressa hevda enkelte kritikarar at Bowie selde seg ut og magasinet Let it Rock meinte at albumet var meir stil enn innhald, og meinte at «han hadde ingenting å sei og alt å sei med det».[13]

Bowie spelte alle songane, bortsett frå «Lady Grinning Soul», på turneane sine i 1972–1973, og mange av dei på Diamond Dogs-turnéen i 1974. Konsertversjonar av alle songane bortsett frå «The Prettiest Star» og «Lady Grinning Soul» har vore gjeve ut på forskjellige konsertalbum som Ziggy Stardust - The Motion Picture, David Live og Aladdin Sane - 30th Anniversary. «The Jean Genie» er den einaste songen på albumet som Bowie har spelt på konsertar gjennom heile karrieren. I 1979 spelte Bowie inn ei ny utgåve av songen «Panic In Detroit», men denne vart først gjeve ut som bonusspor på CD-utgåva av Scary Monsters (and Super Creeps) i 1990.

Den belgiske amatørastronomen ved MIRA Public Observatory skapte eit «Bowie-stjerneteikn» på himmelen i ein hyllest til David Bowie i januar 2016. Biletet syner det ikoniske lynet på omslaget til Aladdin Sane ved hjelp av stjernene Sigma Librae, Spica, Zeta Centauri, SAO 204132, Sigma Octantis,[24] SAO 241641 og Beta Trianguli Australis som var nær Mars då Bowie døydde.[25][26][27][28]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Watch That Man»   4:25
2. «Aladdin Sane (1913-1938-197?)»   5:06
3. «Drive-In Saturday»   4:29
4. «Panic in Detroit»   4:25
5. «Cracked Actor»   2:56
Side to
# Tittel Lengd
6. «Time»   5:09
7. «The Prettiest Star»   3:26
8. «Let's Spend the Night Together» (Mick Jagger, Keith Richards) 3:03
9. «The Jean Genie»   4:02
10. «Lady Grinning Soul»   3:46

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Aladdin Sane har vore nymastra fire gonger. Første gong var i 1990 av Rykodisc/EMI, medan Virgin Records gav ut ei utgåve i 1999 med betre digitallyd. I 2003 kom det ei 30th Anniversary Edition med ein ekstra bonus-CD. I 2013 kom 40th Anniversary Edition med nymastra lyd av Ray Staff i AIR Studios i London.[29]

Albumet kom på CD for første gong i 1984.

Bonusplate på 2003-utgåva[endre | endre wikiteksten]

  1. «John, I'm Only Dancing (Sax version)» – 2:45
  2. «The Jean Genie (Original single mix)» – 4:07
  3. «Time (Single edit)» – 3:43
  4. «All the Young Dudes» (mono) – 4:12
  5. «Changes» Konsertugåve frå Boston Music Hall, 1. oktober 1972 – 3:20
  6. «The Supermen» Konsertugåve frå Boston Music Hall, 1. oktober 1972 – 2:42
  7. «Life on Mars?» Konsertugåve frå Boston Music Hall, 1. oktober 1972 – 3:25
  8. «John, I'm Only Dancing» Konsertugåve frå Boston Music Hall, 1. oktober 1972 – 2:40
  9. «The Jean Genie» Konsertutgåve frå Santa Monica Civic Auditorium 20. oktober 1972 – 4:10
  10. «Drive-In Saturday» Konsertutgåve frå Cleveland Public Auditorium, 25. november 1972 – 4:53

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produkskjon[endre | endre wikiteksten]

  • David Bowie – produsent, arrangement
  • Ken Scott – produsent, lydteknikar
  • Mick Moran – lydteknikar
  • Mick Ronson – arrangement

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Australian Kent Music Report Albums Chart[30] 7
Canadian RPM Albums Chart[31] 20
Nederland[32] 4
Frankrike - SNEP[33] 3
Italia[34] 8
Japan - Oricon[35] 41
Noreg[36] 11
Sverige - Kvällstoppen[37] 5
UK Albums Chart[38] 1
US Billboard 200[39] 17

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Frankrike[40] 39
Italia[34] 32
UK Albums Chart[41] 2

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé
Frankrike (SNEP)[42] Gold
Storbritannia (BPI)[43] Gold
USA (RIAA)[44] Gold

Andre songar frå denne tida[endre | endre wikiteksten]

The Beatles-songar[endre | endre wikiteksten]

På seinsommaren 1972d, då Bowie var i ferd med å bli popstjerne, byrja han å spele «This Boy» av The Beatles under konsertane sine. «This Boy» var Beatles sitt forsøk på ein 50-tals doo-wop-song. Bowie song songen stort sett aleine, medan Ronson stundom song harmonivokal.

Sommaren etter spelte Bowie i Storbritannia som Ziggy Stardust. På somme av dei siste konsertane til Ziggy, vart «The Jean Genie» strekt ut til over ti minuttar, og ofte glei songen over i «Love Me Do». På den siste konserten til Ziggy Stardust, let Bowie publikum synge refrenget, før han gjekk attende til sin eigen song.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Aladdin Sane» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2011.
  • Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: pp. 52-56
  • David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: pp. 182-189
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Carr, Roy (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. ss. 52–56. ISBN 0-380-77966-8. 
  2. Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn Ltd. ss. 281–283. ISBN 1-903111-73-0. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Gerson, Ben (19 July 1973). «Aladdin Sane». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/aladdin-sane-19730719. Henta 21 March 2011. 
  4. Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn Ltd. ss. 20–21. ISBN 1-903111-73-0. 
  5. Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: s.29
  6. Christopher Sandford (1996, 1997). Loving the Alien: s.109
  7. 7,0 7,1 Pegg, Nicholas (2006). The Complete David Bowie (4th ed.). London: Reynolds & Hearn Ltd. pp. 286. ISBN 1-905287-15-1.
  8. Pegg, 2006, pp.19 and 286.
  9. Seventies' Greatest Album Covers: Aladdin Sane. Henta 4. februar 2016.
  10. Loder, Kurt (23 April 1987), «Stardust Memories», Rolling Stone Magazine (498): 74–77, 80, 82, 168, 171 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. ss. 182–189. ISBN 0-7535-0457-X. 
  12. David Bowie (2003). Aladdin Sane 30th Anniversary Edition: CD liner notes
  13. 13,0 13,1 13,2 Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn Ltd. ss. 110–111. ISBN 1-903111-73-0. 
  14. Erlewine, Stephen Thomas. «allmusic ((( Aladdin Sane > Review )))». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r2482. Henta 4. februar 2016. 
  15. «Aladdin Sane». Blender. http://www.blender.com/guide/reviews.aspx?id=3894. Henta 4. februar 2016. 
  16. Buckley, David (2013). «David Bowie: Aladdin Sane Parlophone». Mojo (Bauer Media Group) 234 (May 2013): 102. ISSN 1351-0193. Henta 3 May 2013. 
  17. Davidson, John (22 August 2003). «Aladdin Sane 30th Anniversary 2CD Edition». PopMatters. http://www.popmatters.com/music/reviews/b/bowiedavid-aladdinsane.shtml. Henta 4. februar 2016. 
  18. O'Brien, Lucy. «Review: David Bowie – Aladdin Sane (Re-release)». Q (EMAP Metro Ltd) (July 1999): 132. 
  19. Christgau, Robert. «David Bowie». Creem. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=david+bowie. Henta 4. februar 2016. 
  20. «David Bowie: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen den 30 May 2011. https://web.archive.org/web/20110530073307/http://www.rollingstone.com/music/artists/david-bowie/albumguide. Henta 13 January 2016. 
  21. Weisbard & Marks, 1995. p.55
  22. «David Bowie». Pitchfork. http://pitchfork.com/reviews/albums/21066-five-years-1969-1973/. 
  23. Dee, Johnny (7 January 2012). «David Bowie: Infomania». The Guardian. http://www.guardian.co.uk/culture/graphic/2012/jan/07/infomania-david-bowie. Henta 4. februar 2016. 
  24. Bilete på internet indikerer at det faktisk var Delta Octantis.
  25. StardustForBowie, Mira in the eye of a Cyclone...
  26. http://ddbbrussels.prezly.com/belgians-give-starman-bowie-own-constellation/conversations#conversations
  27. http://www.theguardian.com/music/2016/jan/18/david-bowie-astronomers-give-the-starman-his-own-constellation
  28. http://www.rollingstone.com/music/news/belgian-astronomers-pay-tribute-to-david-bowie-with-new-constellation-20160116
  29. «40th anniversary remaster of Aladdin Sane due in April». David Bowie Official Website. http://www.davidbowie.com/news/40th-anniversary-remaster-aladdin-sane-due-april-48686. 
  30. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  31. «Top Albums/CDs – Volume 19, No. 20» (PHP). RPM. 30 June 1973. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.4852&type=1&interval=24&PHPSESSID=ccntousk30frf6h4jsn237nm12. Henta 31 January 2014. 
  32. «dutchcharts.nl David Bowie – Aladdin Sane» (ASP). dutchcharts.nl. MegaCharts. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=David+Bowie&titel=Aladdin+Sane&cat=a. Henta 31 January 2014. 
  33. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (PHP). infodisc.fr. http://infodisc.fr/Album_B.php. Henta 31 January 2014.  Note: user must select 'David BOWIE' from drop-down.
  34. 34,0 34,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1973» (på Italian). hitparadeitalia.it. http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1973.htm. Henta 31 January 2014. 
  35. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  36. «norwegiancharts.com David Bowie – Aladdin Sane» (ASP). http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=David+Bowie&titel=Aladdin+Sane&cat=a. Henta 31 January 2014. 
  37. «Swedish Charts 1972–1975/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Maj 1973 > 15 Maj» (på Swedish). hitsallertijden.nl. http://www.hitsallertijden.nl/charts/swedish%20charts/SwedishCharts%200872-0875.pdf. Henta 31 January 2014. Note: Kvällstoppen combined sales for albums and singles in the one chart; Aladdin Sane peaked at the number-nine on the list in the 2nd week of May 1973.
  38. «David Bowie > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. http://www.officialcharts.com/artist/_/David%20Bowie/. Henta 31 January 2014. 
  39. «allmusic ((( Aladdin Sane > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r2482/charts-awards. Henta 31 August 2011. 
  40. «Les Albums (CD) de 1973 par InfoDisc» (på French) (PHP). infodisc.fr. http://www.infodisc.fr/B-CD_1973.php. Henta 31 January 2013. 
  41. «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen den 13 August 2010. https://web.archive.org/web/20071217020442/http://www.theofficialcharts.com/album_chart_history_1973.php. Henta 17 December 2007. 
  42. «French album salstrofé – Bowie D. – Aladdin Sane» (på French). InfoDisc. http://www.infodisc.fr/Certif_Album.php. Henta 31 January 2014.  Select BOWIE D. and click OK
  43. «British album salstrofé – David Bowie – Aladdin Sane». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 31 January 2014.  Enter Aladdin Sane in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  44. «American album salstrofé – David Bowie – Aladdin Sane». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Aladdin+Sane%22. Henta 31 January 2014.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


280:
 All That You Can't Leave Behind 
U2
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
279


David Bowie – Aladdin Sane

278:
 Anthology Of American Music 
Harry Smith