Time av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Time (fleirtyding).
Time
Singel av David Bowie
frå albumet Aladdin Sane
B-side «The Prettiest Star»
Utgjeve 13. april 1973[1] (US)
Innspelt Trident Studios, London
ca. 15-24. januar 1973
Sjanger Glamrock, avantgarde jazz
Lengd 3:38 (singel)
5:14 (album)
Selskap RCA
0007 (US)
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi
«Drive-In Saturday»
(1973)
Time «Let's Spend the Night Together»
(1973)


«Time» er ein song av den britiske musikkartisten David Bowie på albumet Aladdin Sane frå 1973. Songen vart skriven i New Orleans i november 1972 under den amerikanske delen av Ziggy Stardust-turnéen. Ei kortare utgåve vart gjeve ut som singel i staden for «Drive-In Saturday» i USA og Japan.[2]

Produksjon og stil[endre | endre wikiteksten]

Under den første amerikanske turneen sin hadde Bowie skrive skarpe, vrange rockelåtar som «The Jean Genie», «Cracked Actor» og «Watch That Man». Men då han kom attende til Storbritannia i desember 1972 hadde noko endra seg.[3] Dei siste songane han skreiv for Aladdin Sane var flytande, pianobaserte stemningsstykke, som tittelsporet, «Lady Grinning Soul» og «Time». Somme biografar hevda at Bowie fann livet som fersk rockestjerne valdsamt irriterande og strikturerande, og byrja derfor å skrive «kunstsongar» for å bryte ut av avgrensingane til rock and roll. Det er mogeleg, men meir truleg er det at Bowie vart inspirert av den nye pianisten sin, Mike Garson, som kunne spele kva stil som helst og som hadde ei intuitiv kjensle for akkompagnement.[3] I motsetnad til den andre store pianisten Bowie hadde nytta til då, Rick Wakeman, som berre hadde spelt med Bowie i studio, byrja Garson først å spele konsertar med Bowie. Så Bowie vart godt kjend med stilen til Garson. Dei to spelte stundom i hotellbarar etter konsertane sine på standardar som «My Funny Valentine» og etter kort tid byrja han å skrive musikk for Garson, slik han hadde gjort for Mick Ronson.[3]

Songen har vore skildra som «burlesk»[4] og samanlikna med kabaretmusikken til Jacques Brel og Bertolt Brecht/Kurt Weill.[5] Pianisten Mike Garson har fortalt at han brukte ein gammal stride piano-stil frå 1920-talet, og blanda han med avantgarde jazz og kabaretmusikk, og songen vart med det veldig europeisk.[6] Produsenten Ken Scott fann på at Bowie skulle puste rett inn mikrofonen under pausen i musikken, like før gitarist Mick Ronson går inn i den kakafoniske gitarsoloen sin.[6]

Den mest kjende tekstlinja i songen er «Time - he flexes like a whore / Falls wanking to the floor»; RCA lét tekstlinja vere på den amerikanske utgåva av singelen, sidan dei ikkje kjende til dette britiske uttrykket «wanking» for masturbasjon.[7] Då Bowie spelte songen på eit amerikansk fjernsynsshow i august 1973, The 1980 Floor Show, skifta han derimot linja til «Falls swanking to the floor».[8] Derimot fjerna RCA linja «In quaaludes and red wine» frå singelen, medan Bowie song denne på fjernsynsshowet. Uttrykket «Billy Dolls» refererer til Billy Murcia, trommeslagar for New York Dolls.[5][9]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Som albumet har songen «Time» fått delte kritikkar. Biografen David Buckley kallar den fulle albumversjonen for «fem minuttar med galen perfeksjon» og teksten «poetisk og konsis»,[6] medan NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray har skildra teksten som «spent og uferdig», og konkluderte at «med så svak tekst, høyrest den altfor melodramatiske musikken noko absurd ut».[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Time» (Bowie) – 3:38
  2. «The Prettiest Star» (Bowie) – 3:27

Den japanske utgåva hadde «Panic in Detroit» som b-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart spelt på farvelkonserten i Hammersmith Odeon i London, 3. juli 1973, seinare gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture.
  • Ein konsertversjon frå The 1980 Floor Show 20. oktober 1973 vart gjeven ut på samleplata RarestOneBowie i 1994.
  • Songen vart spelt på Diamond Dogs-turnéen i 1973, og gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av David Live i 1990. Den nymastra utgåva av David Live frå 2004 hadde songen med i den opphavlege rekkjefølgja av konserten.
  • Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen kom ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.
  • Eit konsertopptak frå Glass Spider-turneen spelt inn i Montreal Olympic Stadium den 30. august 1987 vart gjeve ut som spor 11 på den andre plata av den avgrensa trippelplata som kom i 2007.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen finst på den japanske samleplata The Best of David Bowie.
  • Den redigerte singelutgåva vart gjeven ut på bonusplata til Aladdin Sane - 30th Anniversary Edition i 2003.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Aladdin Sane (1973)». The Ziggy Stardust Companion. Henta 4. mai 2011. 
  2. Aladdin Sane at The Ziggy Stardust Companion
  3. 3,0 3,1 3,2 Chris O’Leary. «Time». Pushing Ahead of the Dame. Henta 3. februar 2016. 
  4. Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: s.29
  5. 5,0 5,1 Ben Gerson (19. juli 1973). Rolling Stone anmelding av Aladdin Sane
  6. 6,0 6,1 6,2 David Buckley (1999) Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.185-187
  7. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.218
  8. "Time" på The Ziggy Stardust Companion
  9. 9,0 9,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.54-55

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]