Lotte Reiniger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lotte Reiniger

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 2. juni 1899
Berlin-Charlottenburg
Død

19. juni 1981 (82 år)
Dettenhausen

Yrke filmregissør, animatør, silhuettkunstnar, manusforfattar, regissør
Språk tysk
Medlem av Institute for Cultural Discovery
Ektefelle Carl Koch
Lotte Reiniger på Commons

Charlotte «Lotte» Reiniger (2. juni 189919. juni 1981) var ein tysk-engelsk silhuettkunstnar, animasjonsfilmskapar og bokillustratør. Arbeida hennar tilhøyrer tradisjonen med detaljerte silhuettar, som vart moderne i Europa på 1700-talet, og skuggespel som har opphavet sitt i Asia. Ho tok silhuettkunsten og skuggespeltradisjonen med over til filmen, og vart ein pionér innanfor silhuett-animasjonsfilm. Teknikken ho nytta i sine meir enn 60 silhuettfilmar, i hovudsak kortfilmar, var stop motion.

Hennar mest kjende film, Die Abenteuer des Prinzen Achmed (norsk Prins Achmeds eventyr) frå 1926, blir rekna som den eldste eksisterande lengre animasjonsfilmen. Han vart vist 11 år før Walt Disney-filmen Snehvit og de sju dvergene, som ofte blir nemnd som den første.

På dei aller fleste filmane arbeidde ho saman med ektemannen, Carl Koch, som var produsenten og filmfotografen hennar. Dei arbeidde først i Berlin, men då nazistane kom til makta i Tyskland i 1930-åra, forlét ekteparet landet og arbeidde i Paris, Roma og London, der ho budde størstedelen av det vaksne livet sitt. Ho vart britisk statsborgar i 1962.

Reiniger hadde ein nesten 65 år lang karriere innanfor silhuettfilm. Dei første silhuettane for film klipte ho i 1916, til tekstplakatane i Paul Wegener sin film Rübezahls Hochzeit. Den aller siste silhuettfilmen, Düsselchen und die vier Jahreszeiten, vart til i 1980, eit år før ho døydde.

I samband med filmarbeidet sitt utvikla ho ein forløpar for multiplankameraet, som gjorde det mogleg å laga ein illusjon av djupne i filmane. Multiplankameraet vart seinare utvikla og brukt i tradisjonell animasjon av andre filmskaparar. Walt Disney patenterte eit slikt kamera i 1940.

I tillegg til å vera ein pionér innan animasjonsfilm, har Reiniger hatt stor betydning for utviklinga av skuggeteater i Europa.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Lotte Reiniger vart fødd i 1899 i den tyske byen Charlottenburg, som i dag ligg innanfor bydelen Charlottenburg-Wilmersdorf i Berlin.[note 1] Ho var einaste barn av Eleonore, som var av fransk hugenottslekt og Karl Reiniger, som var bankmann. Ho har sjølv skildra den unge Lotte som ein entusiastisk jentunge som berre kunne gjera éin ting bra: å klippa silhuettar.[1]

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Eit av K.W. Diefenbachs silhuett-postkort frå 1892
Arthur Rackhams «Cinderella» (1919)

«Scherenschnitte», klipping av dekorasjonar og figurar av papp og papir, har lange tradisjonar i Tyskland, og var ein vanleg aktivitet i skulen då Lotte Reiniger var barn.[2] Ho oppdaga tidleg at ho hadde eit eige talent for å klippa presise silhuett-portrett og -figurar, men ho var ikkje tilfreds med urørlege pappfigurar, så då ho var 12 år gammal bygde ho sitt eige primitive skuggeteater. Der kunne ho røra figurane og visa førestillingar for vener og familie.[note 2] Ho opptredde òg med silhuettfigurar i eit par skuleførestellingar.[3] Fleire kjelder oppgjev at Reiniger var inspirert av at ho som barn hadde opplevd «ombres chinoises» (fransk for kinesiske skuggar), den europeiske versjonen av kinesisk skuggeteater, som har vore på moten med visse mellomrom, men ho har sjølv nekta for dette. Ho kjende ikkje til at det var nokre kinesiske skuggeteater i Berlin under oppveksten hennar: «Nei, det var skuggeteaterdokker i museum, men eg så dei faktisk ikkje før langt seinare. Det er ikkje sant at eg var påverka av kinesisk skuggeteater».[4]

I tillegg til barndomen sin silhuettklipp, vart Reiniger i oppveksten inspirert av art nouveau-kunstnaren Karl Wilhelm Diefenbach sin postkortserie basert på hans frise Per Aspera Ad Astra.[5][6] Originalane var måla med tusj, eller svart blekk, men uttryket kunne overførast Reinigers presise klippemetode.

Då ho var ung vart ho svært interessert i kino og film, først den franske filmpioneren Georges Méliès sine filmar, på grunn av spesialeffektane han brukte, deretter i filmane skodespelaren og regissøren Paul Wegener skapte.[7]

Ei interesse som følgde henne gjennom livet, var eventyr og eventyrforteljing, og eventyr frå Tusen og ei natt og frå Grimm-brørnevar utgangspunkt for mange av filmane hennar.[8]

Etterkvart vart òg opera, ballett og musikk, spesielt Mozarts musikk, viktige inspirasjonskjelder.[9] Etter at ho flytta til Storbritannia for godt i 1949, fekk ho fleire kortfilmoppdrag fra både BBC og Telecasting America. Dette var filmar for barn, der ho, i biletform, siterte direkte frå den engelske silhuettkunstnaren Arthur Rackham sine Fairy Books.[10]

1916–1922: Teaterskole og tidlege animasjonsforsøk[endre | endre wikiteksten]

I påska 1916 høyrde ho Paul Wegener halda forelesinga «Neue Kinoziele» (norsk 'nye kinomål'), om dei fantastiske moglegheitene innan animasjonsfilmen. Forelesinga gjorde sterkt inntrykk på henne. Ho har seinare skrive at dette foredraget avgjorde framtida hennar.[11] Ho ville læra meir av denne mannen. Ho overtalte foreldra sine til å la ho gå på teaterskolen som var knytt til Das deutsche Theater i Berlin, teateret der Max Reinhardt var sjef, og der Wegener var tilsett. Ho var elev ved teaterskolen i 1916–1917. Medan ho var der, fekk ho òg prøva seg som statist. I pausane klipte ho silhuettportrett av dei ulike skodespelarane. Silhuettane vekte oppsikt og beundring, og vart utgjevne i ein eiga bok, Schauspieler Silhouetten i 1916 eller 1917.[note 3] Wegener vart òg oppmerksam på henne. Han lét henne vera statist i nokon av filmane sine, og etter kort tid fekk ho klippa silhuettar til tekstplakatane i Wegener sin spelefilm Rübezahls Hochzeit, som han regisserte saman med Rochus Gliese.[1] Reiniger samarbeidde med Gliese om fleire filmar gjennom karrieren, realfilmar med silhuettsekvensar og spesialeffekter.

I 1918 fekk ho klippa animasjonsfigurar til Wegeners spelefilm Der Rattenfänger von Hameln (norsk 'Rottefangaren frå Hameln'), og i 1919 hjelpte han henne å få innpass ved Institut für Kulturforschung (norsk: Institutt for kulturforsking), eit eksperimentelt animasjons- og kortfilmstudio leidde av filmskaparen Hans Cürlis. Reiniger fortalde seinare at Wegener hadde sagt: «For guds skuld, hjelp meg å bli kvitt denne galne silhuett-jenta. Ho lagar svært gode silhuettar som roper etter animasjon! Kan de ikkje la henne laga ein film med desse silhuettane, på same måte som ein lagar teiknefilmer.»[12]

Lotte Reiniger ved animasjonsbordet i 1922
Foto: N.N./Agentur Primrose Film Productions

Ved Institut für Kulturforschung møtte ho avantgarde-kunstnarar, som Berthold Bartosch og kunsthistorikaren Carl Koch, som ho gifta seg med i 1921, og som vart den viktigaste kreative medarbeidaren hennar.[13] Den første tida arbeidde ho saman med Bartosch på nokre undervisingsfilmar om geografi, for å læra animasjonsteknikken. Seinare fekk ho ansvaret for fleire filmar sjølv.[14] På denne tida var animasjonsfilm heilt nytt, men interesserte filmskaparar byrja å sjå på teknikken både i Europa, Japan og USA.[15]

Reiniger var i hovudsak sjølvlært som animasjonskunstnar. Ho hadde heller inga formell kunstutdanning. Ho hadde teke nokre kveldstimar ved ein privat kunstskole, men følte ikkje ho lærte det ho hadde bruk for i silhuettkunst og animasjonsfilmar der.[3] Ho meinte det viktigaste var å utvikla ein slag «profilfantasi». Anatomien til figurane måtte transformerast til å sjåast og rørast i profil.

I motsetnad til Reiniger, meinte den amerikanske kollegaen hennar Walt Disney at kunstutdanning var viktig, og alle animasjonskunstnarane hans fekk kunstundervisning, organisert av filmstudioet. Disney meinte den beste måten dei kunne forbetra handverket sitt på, var ved å kopiera og overføra kunstverk til teikningar og teiknefilm.[16]

Den første sjølvstendige filmen til Reiniger ved instituttet var Das Ornament des verliebten Herzens (Ornamentet til det forelska hjartet) i 1919. Dette var ein kortfilm om to kjærastar og eit ornament som reflekterte kjenslene deira. Slike korte animasjonsfilmar vart viste før hovudfilmen under kinoførestillingar. Filmen, som berre var fem minutt lang, fekk svært god mottaking. Suksessen gjorde at Reiniger fekk mange nye samband og høve innanfor animasjonsindustrien.[17]

Ho klipte og regisserte seks kortfilmar dei neste fire åra. Ektemannen produserte og fotograferte alle, og instituttet stod som produksjonsselskap.

Sjølv om Reiniger fekk god kritikk for filmane sine, gav dei lite inntekter, og i 1922 måtte instituttet slutta å produsera animasjonsfilmar.

Reklamefilmar

I tillegg til kortfilmane samarbeidde ho og ektemannen om nokre få reklamefilmar, som var betre betalt, blant anna Das Geheimnis der Marquisine (norsk 'Løyndommen til markisa'), ein to minutt lang film. Filmen viser korleis ei ung adelskvinne (markise) oppnår ven hud med Nivea hudkrem og såpe. Silhuettane i filmen er kvite mot svart bakgrunn.[18]

Reklamefilmane vart produsert av Julius Pinschewer sitt selskap Werbefilm GmbH. Pinschewer var sjølv ein av dei fyrste animasjonskunstnarane i Tyskland, og det var mykje på grunn av han at animasjonsfilmar fekk merksemd i Weimar-tida.[19]

1923–1926: Die Abenteuer des Prinzen Achmed[endre | endre wikiteksten]

Frå Die Abenteuer des Prinzen Achmed med etterfarga bakgrunn (Lotte Reiniger/Primrose Productions)

I 1923 vart Reiniger kontakta av bankmannen Louis Hagen. Han hadde sett nokon av kortfilmane hennar, og tilbaud å finansiera ein heilaftens silhuettfilm. Reiniger er sitert med følgjande utsegn: «Vi måtte tenkja oss om to gonger. Dette var noko ein aldri hadde høyrt om. Animasjonsfilmar skulle helst få folk til å brøla av latter, og ingen hadde tort å underhalda eit publikum med dei i meir enn ti minutt. Alle vi snakka med i bransjen om forslaget, var sjokkerte».[17] Reiniger tok likevel utfordringa. Hagen ynskte ikkje at filmen skulle produserast ved instituttet, så han innreia eit atelier for henne og medarbeidarane hennar på toppen av sin eigen garasje. Ho fekk frie hender, og resultatet vart Die Abenteuer des Prinzen Achmed, ferdigstilt i 1926, etter tre års arbeid. Handlinga var samansett av historier frå Tusen og ei natt. Den heilaftens animasjonsfilmen til Reiniger vart til heile 11 år før Walt Disney-filmen Snow White and the Seven Dwarfs hadde verdspremiere i 1937.

Den eldste kjende animasjonsfilmen er argentinske El Apóstol frå 1917, men denne filmen, som varte litt over ein time, er forlengst tapt. Det er dessutan usikkert om dette var ein spelefilm.[20] Die Abenteuer des Prinzen Achmed er dermed den eldste animasjonslangfilmen som enno eksisterer, om enn i ein restaurert versjon.[21]

Då Prinz Achmed-filmen var ferdig i 1926, var det vanskeleg å få vist han offentleg. Han var annleis enn alle andre filmar på same tid, og kinoane i Berlin ville ikkje visa dhaen. Reiniger og medarbeiderne sørgde då for å leiga eit lokale, Volksbühne, for å få vist filmen offentleg. Deretter vart han vist i Paris, der han vart ein suksess. Meldaren i tidsskriftet Forward skreiv at filmen var eit mirakel. Omsider kunne han visast i Berlin, og deretter i utlandet. I USA vart han vist offentleg først i 1942, etter problem med rettigheitsavklaringar.[22]

1927–1929: Doktor Dolittle og andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

På grunn av suksessen med filmen om prins Achmed, kunne Reiniger produsera ein ny langfilm: Doktor Dolittle und seine Tiare (norsk 'Doktor Dolittle og dyra hans') i 1928. Denne filmen var basert på barneboka The Story of Doctor Dolittle av den engelske forfattaren Hugh Lofting.[note 4] Filmen bestod opphavleg av tre kortare filmar, som vart sett saman til éin. Han fortel om den gode doktoren Dolittle som reiser til Afrika for å hjelpa og lækja sjuke dyr. Filmmusikken vart spesielt komponert av Kurt Weill, Paul Hindemith og Paul Dessau.[23]

Eit år seinare var Reiniger medregissør på sin første realfilm med Rochus Gliese, Die Jagd nach dem Glück (norsk 'Jakta på lukka'), ei historie om ein teatertrupp som viser skuggeteater. Jean Renoir og Berthold Bartosch spelte i filmen, som inneheldt ei 20 minutt lang silhuett-førestilling klipt og animert av Reiniger. Filmen vart di verre ferdig akkurat då lydfilmen kom til Tyskland, og ferdigstillinga vart difor utsett til 1930, slik at fleire skodespelarar kunne leggja på stemmar. Resultatet vart skuffande.[23]

Reiniger freista å få realisert ein tredje animert langfilm, inspirert av Colette (libretto) og Maurice Ravel sin opera L'enfant et les sortilèges (1925), men klarte verken å få rettane til å bruka musikken eller librettoen. Det fanst i tillegg ei uventa mengd andre rettigheitshavarar. Då Ravel døydde i 1937 vart frigjevinga endå meir komplisert, og Reiniger gav etterkvart opp heile prosjektet, til trass for at ho hadde utforma delar av filmen og animert enkelte scener for å overtyda rettigheitshavarane og potensielle sponsorar.[23]

Detta var hennar siste forsøk på å gjera helaftens animasjonsfilmar.

Reiniger var vorte kjend med Bertolt Brecht under arbeidet med Die Abenteuer des Prinzen Achmed. Ho klipte silhuettar som viste scener frå operaen hans Tolvskillingsoperaen til premieren for stykket i Theater am Schiffbauerdamm i 1928. Silhuettane vart stilte ut i teateret. På same måte som Wegener og andre filmregissørar hadde integrert silhuettsekvensar av Reiniger i sine filmar, ynskte Brecht å skriva eit teaterstykke der Reiniger skulle ha ein animasjonssekvens. Stykket skulle heita Die Kaffeesackschmeisser. På grunn av stadig vanskelegare politiske tilhøve i Tyskland, vart ikkje stykket skrive ferdig.[24]

1930–1948: Naziregime, krig og pengemangel[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1930–1932 skapte Reiniger tre korte musikkfilmar: Zehn Minuten Mozart, Harlekin og Sissi. Ho utarbeidde òg utkast til to filmar som ikkje vart realiserte: Faust og Lohengrin.[25]

I 1933 reiste ho til Paris, der mannen hennar arbeidde saman med Jean Renoir på filmen Madame Bovary.

Ved sida av frie produksjonar som Carmen-parodien (1933) og Papageno (1935), gjorde ho òg oppdragsfilmar for dei tyske styresmaktene. Das gestohlene Hertz (1934) , utvikla i samarbeid med Arbeitsgemeinschaft für Hausmusik, skulle fremja utøving av musikk i heimen. Das rollende Rad frå same år framstilte historia om hjulet, frå oppfinninga til nasjonalsosialistenes prestisjeprosjektet, motorvegnettet Reichsautobahn.[26]

Lotte Reiniger i atelieret i Abbey Arts Centre, London
Foto: N.N./Agentur Primrose Film Productions

1935: Reiniger og Koch forlèt Tyskland

På grunn av den aukande innverknaden frå det nasjonalsosialistiske partiet NSDAP bestemte Reiniger og Koch seg for å emigrera.[27] Fleire av vennene deira flykta frå Tyskland. Det var vanskeleg å finna arbeid, og Reiniger ynskte ikkje å halda til tida med reklame- og propagandafilmar for nazistane, så ho og ektemannen reiste til Storbritannia i 1936.[26] Same haust vart ho engasjert av det nye produksjonsselskapet Facts and Fantasies til å laga ein film basert på eit dikt av A.A. Milne: The King's breakfast (norsk 'Frukosten til kongen'). Dette var ein lydfilm der to songarar song sjølve diktet til musikk av H. Fraser-Simon. Eigaren av Facts and Fantasies, Thorold Dickinson, var ein kjenning av Reiniger. Han engasjerte henne for ein film til, Dream Circus, men selskapet fekk økonomiske problem og filmen vart aldri ferdigstilt.[28]

Dei første åra i England heldt Reiniger fleire foredrag, og det vart halde filmvisingar og utstillingar med materiale frå arbeidet hennar i fleire byar, blant anna i Bristol, Liverpool og i Victoria and Albert Museum i London.

andre verdskrigen starta, var Reiniger og Koch hos filmmakeren Luchino Visconti i Roma, og samarbeidde med han og Jean Renoir. Reiniger fekk eit oppdrag frå selskapet Scalera Film i Roma berre ei vekes tid etter at ho kom til byen i september 1939, ein film basert på Donizetti-operaen L'Elisir d'Amore. Ifølgje Alfred Happ hadde filmen première i mai 1940, ifølgje andre kjelder vart han aldri distribuert.[29]

Reiniger og Koch vart buande hos Visconti til 1944, då dei flytta attende til Berlin for å ta hand om den sjuke mora til Reiniger.[30] Reiniger ynskte ikkje å arbeida med film i Tyskland på denne tida, fordi alle filmar måtte godkjennast av det nasjonale filminstituttet, men dei trong inntekter, og medan Koch fekk eit oppdrag for Universum Film, byrja Reiniger i 1944 på silhuettfilmen Die goldene Gans ('Den gyldne gåsa'), det einaste oppdraget ho tok for dei nazistiske styresmaktene under krigen. Koch arbeidde òg denne gongen saman med henne, til han vart utkommandert til dei tyske styrkane i februar 1945. Ho heldt fram arbeidet med filmen òg under slaget om Berlin, og etter at Den raude hæren hadde teke over byen. Etter at Tyskland kapitulerte i mai 1945, kom Koch tilbake, og dei arbeidde vidare med Die goldene Gans i rundt to år til, før han var ferdig i 1947.[31]

Etter at krigen var over, arbeidde Reiniger ei tid som scenograf ved Theater am Schiffbauerdamm. Sidan ho ikkje såg noka framtid som filmskapar i Tyskland, reiste ekteparet endå ein gong til England.

1949–1978: Londontida[endre | endre wikiteksten]

I 1949 kom dei til London. For at tyskarar skulle kunna bu i Storbritannia etter krigen, måtte dei ha visum. For å få visum for meir enn ein kort periode, måtte dei ha inntektsgivande arbeid, og for å få arbeid måtte dei ha arbeidsløyve. Dei fekk mellombels opphaldsløyve, og gjorde nokre småprosjekt for kjende, mellom anna for John Grierson og hans General Post Office Film Unit (seinare Crown Film Unit): reklamefilmar (Reiniger) og dokumentar-animasjonsfilmar om geografiske emne (Koch).[23] Alt såg ut til å vera i orden, då innanriksministeren i september 1949 informerte dei om at opphaldsløyvet ikkje ville bli fornya. Dei fekk beskjed om å forlata landet i løpet av månaden, kanskje fordi Koch hadde søkt om løyve til å ta på seg frilansarbeid for amerikansk TV. Éin dag etter at visuma gjekk ut, fekk dei likevel forlenga opphaldsløyvet, men med forbod mot å ta på seg frilansarbeid. Reiniger fekk eit oppdrag frå London Ministry of Health: Mary's birthday (1951), ein 30 minutt lang opplysningsfilm om bakteriar. Dette var den første silhuettfilmen der ho eksperimenterte med svarte figurar og farga bakgrunn, ein teknikk ho brukte i fleire eventyrfilmar seinare.[32]

1950-åra var dei mest produktive for Reiniger. Frå 1951 budde og arbeidde ho og mannen i Abbey Arts Centre, ein kunstnarkoloni nær London.[33]

Lotte Reiniger i London
Foto: N.N./Agentur Primrose Film Productions

BBC TV ville ha fleire barnefilmar av Reiniger. Ho og mannen hadde enno ikkje fast opphaldsløyve, men på grunn av BBC-oppdraget fekk dei igjen fornya løyvet i 1952.[34]

I 1953 grunnla Reiniger og Koch filmproduksjonsselskapet Primrose Productions saman med Louis Hagen junior, son av finansmannen som finansierte langfilmen om prins Achmed. Selskapet skulle konsentrera seg om å produsera silhuettfilmar for TV. Like etter at Primrose var etablert, vart Reiniger kontakta av Richard Kaplan, ein amerikansk TV- og filmprodusent, som ville ha eventyrfilmar av henne for eit amerikansk publikum, og bad ekteparet flytta til USA. Dette var uaktuelt, dei hadde tyske pass, og var redde for å mista opphaldsløyva i Storbritannia. Det såg dermed ut til at Reinigers filmar ikkje ville visast i USA, men Louis Hagen fekk Kaplan med som ein tredje partnar i Primrose Productions, og eventyrfilmane vart produserte av det utvida selskapet.[35]

Dei to neste åra produserte selskapet meir enn 13 silhuett-kortfilmar, basert på eventyra til Grimms-brørne, for BBC TV og Telecasting America.[30] Mange av desse filmane fekk farga bakgrunn, for å tilfredsstilla Kaplan og den amerikanske marknaden, men Reiniger klarte å overtala produsentane til å la ho animera Thumbelina i svart/kvitt, sidan dette, etter hennar meining, stimulerte fantasien meir.[36]

Etter ei tid vart det ei usemje mellom Louis Hagen junior og Lotte Reiniger. Ho og mannen etablerte difor sitt eige produksjonsselskap: Fantasia Productions LTD. Dei utvikla og produserte fleire filmar for dette selskapet, blant anna Helen la Belle og The abduction from the Seraglio. Fantasia Productions bar seg ikkje økonomisk. Det vart nedlagt etter få år, og Reiniger og Koch gjekk vidare til andre prosjekt.[37]

I desember 1962 vart Lotte Reiniger og Carl Koch britiske statsborgarar.[38]

Den siste filmen av Reiner og Koch var ein ny versjon av Oskepott, til julepantomimen i Coventry Theatre i 1963. Carl Koch døydde same året, og Reiniger, som gjennom tapet av ektemannen òg mista samarbeidspartnaren, produsenten og inspirasjonen sin, selde animasjonsbordet sitt til Düsseldorf filmmuseum. Det vart ikkje fleire silhuettfilmar frå hennar hand på 12 år, før Aucassin and Nicolette i Canada i 1975.

Mot slutten av 1960-åra vart interessa for filmane til Reiniger på nytt vekt i Tyskland. I 1969, året ho fylte 70 år, arrangerte Deutsche Kinemathek ei utstilling av arbeida hennar, og viste fleire av dei tidlege filmane hennar i løpet av ein tredagars periode. Ho vart òg invitert til å reisa på turné til fleire kommunale kinoar i Tyskland, der ho heldt foredrag og presenterte eigne filmar.[39]

Før ho filma Aucassin and Nicolette, hadde ho vist fleire skuggesellførestillinger. Nokre vart viste på skuggeteaterscener, andre vart direktefilma for barne-TV, som All creatures great and small (1969), ein serie på 26 korte førestillingar med bibelske motiv.[40]

I 1974 spelte og filma ho ein ti minutt lang skuggeteatertilstelling, Der verlorene Sohn, for det tyske bibelselskapet Das Evangelische Bibelwerk.[41]

I perioden 1974–1978 reiste ho fleire gonger til Canada og USA og heldt foredrag og leidde idéverkstader. Ho heldt òg foredrag i Noreg, Tyrkia og Frankrike.[42] Ho gjesta Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden to gonger, i 1973 og 1978.[43]

1979–1981: Dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

I 1979 viste NRK TV eit kort program med henne, der ho demonstrerte både silhuettklipping, silhuettfilmar og skuggeteater.[44]

I samband med 80-årsdagen i juni 1979 vart ho tildelt den tyske ordenen Bundesverdienstkreuz, Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstore.[45]

I september 1980 flytta ho attende til Tyskland. Der budde ho mesteparten av tida hos venner, ekteparet Helga og Alfred Happ på prestegarden i Dettenhausen, der Alfred Happ var prest. Både Helga og Afred Happ opptredde med skuggespel, og hadde òg hatt førestillingar saman med Reiniger. Den første månaden ho var hos dei vart hennar siste film til: Düsselchen und die vier Jahreszeiten (norsk 'Düsselchen og dei fire årstidene'). Denne klipte og utforma ho framfor publikum i løpet av ti dagar, under utstillinga «Licht, Träume und Schattenbilder» (norsk 'Lys, draumar og skuggebilete') i Düsseldorf Filminstitut.[46] Den to minutt lange filmen hadde ikkje urpremiere før 1. august 1981, nokre veker etter at Reiniger døydde.[47]

19. juni 1981 døydde ho, etter å ha vore sengeliggande sidan midten av mai, då ho hadde eit alvorleg slagtilfelle med påfølgjande lammingar.[48]

Lotte Reiniger og Carl Koch er gravlagde på kyrkjegarden i Dettenhausen i Tübingen. Kommunen har reist ei minnetavle ved grava, der innsatsen hennar er skildra i korte trekk.[49]

Silhuettfilmane[endre | endre wikiteksten]

Prinsippet for Reinigers «skodespelarar». Skraverte delar er av tynne blyplater, kvite deler av papp
Lotte Reiniger og medarbeidarar i arbeid ved multiplankameraet. (Ektemannen Carl Koch i stigen, Türck midt i biletet, Kardan t.h.)
Foto: N.N./Agentur Primrose Film Productions

Reiniger skreiv om både skuggeteater og «skuggefilmar» (shadow films). Ho anbefalte skuggefilmar, det vil seia filma skuggeteater, som eit kreativt medium for både amatørar og profesjonelle – og i undervising av barn og unge.[50] Ho insisterte på å kalla sine eigne filmar silhuettfilmar, ikkje skuggefilmar: «[…] I insisted on calling my films 'Silhouette Films' and not 'Shadow Films'.» Ho skreiv at hovudskilnaden på ein skugge og ein silhuett er at silhuetten, som sjølv kan kasta skugge, ikkje kan forvrengast, og at han eksisterer i seg sjølv, medan ein skugge er eit område der lyset frå ei lyskjelde ikkje kan nå direkte fordi eit objekt er i vegen.[note 5][51][52] Skuggen skiftar form og storleik etter plasseringa til objektet i høve til lyskjelda.

Multiplankamera og medarbeidarar[endre | endre wikiteksten]

Saman med sin mann og produsent, Carl Koch, utvikla Reiniger forløperen til det første multiplankameraet, meir enn ti år før Walt Disney og Ub Iwerks tok i bruk eit liknande kamera. Ho plasserte glasplater over kvarandre med ein viss avstand, for å oppnå ein djupneeffekt i den ferdige filmen. Aller øvst vart eit kamera med manuell lukkar plassert. Silhuettane og bakgrunnane som låg på glasplatene, vart opplyste frå undersida. Eit slikt kamerastativ vart seinare mykje brukt i såkalla celle-animasjon.[17]

Reiniger og Koch arbeidde som oftast åleine når dei produserte kortfilmar, men til arbeidet med langfilmen om prins Achmed utvida dei teamet med fire personar, som hadde sine roller ved multiplankameraet: Walter Ruttmann, Bertholdt Bartosch, Alexander Kardan og Walter Türck. Koch var produsent og hadde kontroll på den tekniske sidan av produksjonen, Reiniger klipte alle figurar og kulisser og animerte dei med hjelp frå Kardan og Türck. Ruttmann og Bartosch fann opp og utvikla bevegelege element som kunne brukast for flammar, vulkanar, hav i storm, og i scener der magi var viktig.[53][54]

Silhuettfigurane og «kulissene»[endre | endre wikiteksten]

Medan karakterane i realfilm i stumfilmtida måtte satsa på tydelege andletsuttrykk for å uttrykkja kjensler og føremål, var dei ansiktslause silhuettkarakterane til Reiniger avhengige av å uttrykkja seg gjennom rørsler. Sidan animasjonen føregjekk for hand, med små endringar av posisjonen til figurane frå bilete til bilete, var prosessen svært arbeidskrevjande. Ifølgje Reiniger kravde kvart sekund av ein film at ein tok 24 ulike bilete. For den rundt 65 minutt lange Die Abenteuer des Prinzen Achmed måtte det altså takast meir enn 90 000 bilete.[55]

Dei første «silhuett-skodespelarane» for film klipte Reiniger av tynne blyplater. Delane var forbundne med metalltråd. Blyplatene gav figurane nok tyngde til at dei låg i ro på glasplatene, men ho gjekk over til å byggja opp figurane med nokre delar av bly og nokre av papp, sidan denne kombinasjonen gjorde det enklare å røra figurane.[56]

I dei første filmane bevega dei svarte silhuettfigurane seg mot ein kvit bakgrunn, utan noka form for dekor, men Reiniger oppdaga tidleg at ein slik bakgrunn viste ripar og skader lettare, og gav meir «regn» på filmen enn ein bakgrunn med fargetone. Dessutan kunne ein bakgrunn med ein fargetone og/eller hus, tre og andre element vera med på å skapa ei ynskt stemning og dei rette omgivnadene for «skodespelarane».[57] I Die Abenteuer des Prinzen Achmed eksperimenterte Walter Ruttmann med sand, voks, glas og andre materialar for å få liv i kulissene.

Form og innhald[endre | endre wikiteksten]

Frå Die Abenteuer des Prinzen Achmed
Lotte Reiniger/Primrose Productions

Jeg er en svært god illustratør, jeg er egentlig bare en illustratør. Alle mine arbeider er illustrasjoner av noe.

Frå Die Abenteuer des Prinzen Achmed med etterfarget bakgrunn Lotte Reiniger/Primrose Productions

I 1920- og 1930-åra var tyske animasjonsfilmar ofte eksperimentelle og abstrakte, og filmskaparane var heldige viss dei fekk finansiert og vist dei som reklamefilmar. Reiniger og medarbeidarane eksperimenterte òg, med silhuettfigurane, bakgrunnen og animasjonsutstyret, men når det gjaldt tema i filmane, var ho ikkje særleg eksperimentell. Ho heldt seg helst til eventyr, fablar og andre forteljingar, og var meir oppteken av å fortelja ei god historie i filmane sine enn å vera tidsriktig og politisk kritisk og korrekt.

Jeg tror mer på eventyr enn på aviser

Reiniger brukte ofte metamorfose som ein teknikk, og lét karakterane gjennomgå store forandringar når ho skulle uttrykkja kva som skjedde med dei. Dette eigna seg godt i dei filmane der ho tok utgangspunkt i eventyr.[21]

I enkelte av dei tidlege silhuettfigurane framstilte Reiniger ulike «rasar» på ein karikert måte, i tråd med fordomane som rådde på den tida. Etter krigen var haldninga ei anna, nazistane sitt fordomsfulle syn på ulike menneskegrupper gjorde at ho var redd for å gje rasemessige assosiasjonar i filmane sine. Ho brukte nokre av filmmateriala frå Prinz Achmed om att i eventyr-kortfilmar, men då klipte ho fleire nye figurar, med mindre ekstreme trekk.[58]

Reiniger føretrekte å arbeida med svart/kvitt-filmar. Fleire av dei er «tinted», farga, i ettertid. Mary's Birthday (1951) var den første der ho eksperimenterte med svarte silhuettar mot farga bakgrunn. Denne teknikken brukte ho òg for eventyrfilmane for BBC og andre filmar seinare i 1950-åra.[59]

og så kom fargefilmen, og så måtte man lage fargede bakgrunner, og det gjorde jeg, flink og flittig …

Filmane hennar var i hovudsak rekna for eit vakse publikum, gjerne med elskovsscener («fordi eg er ein så romantisk person […] og eg elskar kjærleiken»), så då ho etter krigen skulle omarbeida filmane for vising for barn, måtte fleire av scenene omarbeidast eller fjernast heilt.[60][61]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Alhambra kino i Berlin

I stumfilmens dagar var det vanleg at stemningsskapande musikk vart framført av éin eller fleire musikarar i kinosalen ved kvar framsyning. Det var varierande kva slags musikk som akkompagnerte filmen. Nokre stumfilmar vart leverte med stikkord-ark slik at eventuelle musikarar kunne velja passande musikk, som sjantiar til ein seglskutefilm, eller musikk av Modest Musorgskij til russiske scener.[62]

Reiniger var nøye med kva slags musikk som følgde filmane hennar, og overlét ikkje val av repertoar til musikarane til filmteateret. Fleire av filmane fekk originalmusikk. Eit døme er Doktor Dolittle und seine Tiere frå 1927/1928. Då filmen hadde urpremiere i Alhambra kino i Berlin 15. desember 1928, hadde Paul Dessau både komponert eigen musikk og omarbeidd komposisjonar av andre komponistar til dei tre delane filmen bestod av:

Del 1: «Die Ferd nach Afrika» (norsk: Reisa til Afrika). Musikk av Kurt Weill, omarbeidd av Dessau.

Del 2: «Die Affenbrücke – Dr. Dolittle in Gefahr» (norsk: Apebroen – dr. Dolittle i fare). Musikk av Paul Dessau.

Del 3: «Die Affenkrankheit – in der Höhle des Löwen» (norsk: Apesjukdommen – i løvas hòle). Ein strykekvartett av Paul Hindemith, omarbeidd av Dessau.

Som ouverture vart det spelt musikk av Igor Stravinskij. Paul Dessau dirigerte sjølv Alhambra-Kino-Orchester ved urpremieren, noko han fekk strålande kritikk for i tidsskriftet Lichtbild-Bühne.[63]

Då lydfilmen kom, arbeidde Koch og Reiniger ofte med musikk som lydspor, og synkroniserte rørslene til silhuettane med musikken.[17] Reiniger har sjølv uttalt at ho alltid brukte same teknikk, men stadig freista å perfeksjonera figurane. Opphavleg var ho mest oppteken av å fortelja ei historie, men då lydfilmen kom lét ho filmane utvikla seg i retning ballett til musikk. Den første av desse «musikkfilmane» var Zehn Minuten Mozart (norsk: Ti minutt Mozart) i 1930, ein silhuettfilm med musikk av Reinigers yndlingskomponist. Ho hadde idé, regi og animasjon, og Carl Koch var medarbeidar. Musikken dei brukte var frå Eine kleine Nachtmusik og Così fan tutte. Musikkarrangementet var ved Wolfgang Zeller, som òg hadde spesialkomponert musikk til Die Abenteuer des Prinzen Achmed.

Omtale[endre | endre wikiteksten]

Walter Ruttmann: Lichtspiel Opus I (1921)

I Weimartida (1918–1933) var Berlin staden for eksperimentering. Silhuettklipping vart sett på som eit tradisjonelt, feminint og gammaldags handverk, og sjølv om Reiniger var nyskapande i filmane sine, er ornamentikk og dekorasjon to ord som er vorte brukt om hennar unst. Samtidige avantgardistar, som Reiniger kjende og delvis arbeidde saman med, var generelt svært positive til filmane hennar. Mange av desse kunstnarane grunnla og slutta seg til ulike kunstnariske grupperingar og retningar, som ekspresjonisme, konstruktivisme, Neue Sachlichkeit, dada og surrealisme. Dette gav kunstnarane høve til å visa verka sine i gruppeutstillingar og -arrangement, og i offenteigheiten vart dei assosierte med kulturen og haldningane til gruppa. Reiniger sympatiserte med fleire av haldningane, men ho ville vera uavhengig og arbeida med silhuettfilmane sine utan å knyta seg til nokre av gruppene.

Filmane hennar vart omtalte som dekorativ, enkel historieforteljing – kunst for si eiga skuld – og ho vart difor ignorert av mange samtidige filmvitarar. Eit feministisk argument er at ho er vorten oversedd på grunn av kjønn, sidan det er gjort langt fleire studium av filmar frå mannlege filmskaparar frå 1920-åra. Ei viktigare årsak til at desse vart meir omtalte, er at dei arbeidde med langt meir eksperimentelle filmar enn ho, til dels heilt abstrakte.[64]

Samfunnsmedvitet til Reiniger[endre | endre wikiteksten]

Reiniger var éi av få kvinner blant dei tyske filmskaparane. Ho var ei moderne kvinne og tok eigne val, men ho omtalte seg aldri som feminist.[65]

Då ho ein gong i 1923 vart spurd av medarbeidaren Walter Ruttmann om eventyrfilmen dei arbeidde med hadde noko med samtida å gjera, svara ho : «Ikkje noko, og kvifor skulla han det? Eg er her, eg lever i 1923, eg har høve til å laga denne filmen, så naturlegvis gjer eg det. Dét er alt han har å gjera med året 1923».[66]

Denne anekdoten er vorte tolka som eit uttrykk for at filmane til Reiniger berre var barnefilmar utan djupare meining, og at ho sjølv ikkje hadde noko politisk medvit og samvit. Filmhistorikaren William Moritz tilbakeviste begge desse påstandane. Ikkje berre omgav ho seg stort sett med venner som var kommunistar og sosialistar, ho trudde nok på ideane deira til at ho ikkje orka å leva i Nazi-Tyskland.[23]

Reiniger snakka ikkje mykje om ideane sine, om meininga med dei ulike filmane sine, eller tanken bak enkeltscener og karakterar, men ho var klar over å leggja inn utviklande og tankevekkande idear i filmane, som ofte vart sett av barn og unge. Det finst døme på dette i fleire av filmane.[23]

I 1920-åra var rettar for kvinner og homofile del av dagsordenen til sosialistane, og Reiniger behandla òg desse temaa, dels med humor, i filmane. I Carmen-parodien hennar vart Carmen framstilt som ei sterk kvinne, som var sjølvstendig, røykte (kvinners rett til å røykja var eit feministkrav på den tida) og dominerte helten, don José. Han vart framstilt som ein forfengeleg fyr med nasen i sky, som snubla i sitt eige sverd.[23]

Reiniger hadde fleire homofile vener i film- og teatermiljøet i Berlin og såg korleis dei vart stigmatiserte. Då ho førebudde Die Abenteuer des Prinzen Achmed, las ho eit essay om kor viktige og naturlege homofile tilhøve var i verda til prins Achmed. Ho la difor inn ei scene der keisaren kyssar ein mann. Ho ville at scena skulle koma heilt naturleg i filmen, slik at barn som såg han ville oppfatta det som ei naturleg hending, og verken sjokkerast eller skamfulle. Scena vart kutta, angiveleg fordi filmen vart for lang, men Moritz hevdar det òg var fordi mannlege distributørar frykta for dette homofile innslaget.[23]

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Utdrag av filmen Der Stern von Betlehem (1921)
    • 1918 – Der Rattenfänger von Hameln (norsk: Rottefangeren fra Hameln). Realfilm, regissert av Paul Wegener. Reiniger klippet silhuetter til tekstplakatene, og rottefigurer (silhuetter) av tre
    • 1919 – Das Ornament des verliebsten Herzens (norsk: Det forelskede hjertes ornament). Reinigers første silhuett-kortfilm
    • 1920 – Der verlorene Schatten (norsk: Den tapte skyggen). Realfilm, regissert av Rochus Gliese. Reiniger skapte en animasjonssekvens der en musiker ikke har noen skygge, men når han spilte på sin fiolin, beveget skyggen av fiolinen seg på veggen
    • 1921 – Der Stern von Bethlehem
    • 1921 – Der fliegende Koffer. Kortfilm basert på H.C. Andersens eventyr
    • 1922 – Das Geheimnis der Marquise. Reklamefilm
    • 1922 – Dornröschen (norsk: Tornerose). Reklamefilm
    • 1922 – Aschenputtel (norsk: Askepott). Etter Brødrene Grimms eventyr
    • 1926 – Die Abenteuer des Prinzen Achmed (norsk: Prins Achmeds eventyr). 90 minutters silhuett-langfilm, basert på historier fra Tusen og én natt.
    • 1928 – Doktor Dolittle und seine Tiere (norsk: Doktor Dolittle (Dyregod) og dyrene hans). 65 minutters spillefilm, satt sammen av tre filmer, etter Hugh Loftings bok. Filmmusikk av Paul Dessau, Kurt Weill og Paul Hindemith. Musikk av Igor Stravinskij ble brukt som ouverture.
    • 1930 – Die Jagd nach dem Glück (norsk: Jakten på lykken). Realfilm regissert av Rochus Gliese og Reiniger. Filmen inneholder en 20-minutters silhuettfilmsekvens. Med stemmeskuespillere.
    • 1933 – Carmen. Basert på George Bizets opera Carmen
    • 1934 – The Stolen Heart
    • 1935 – Galathea (norsk: Galateia). Etter den klassiske fabelen
    • 1935 – Papageno. Scener frå Mozart sin opera Tryllefløyten
    • 1937 – The Tocher (norsk: Medgiften. «Tocher» er skotsk for medgift). Reklamefilm for the General Post Office
    • 1944 – Die goldene Gans (norsk: Gåsa som la gullegg). Etter Brødrene Grimms eventyr. Filmen ble aldri ferdigstilt
    • 1951 – Mary's Birthday (norsk: Marys fødselsdag)
    • 1953 – The Magic Horse (norsk: Den magiske hesten)
    • 1953 – Aladdin. Mye av materialet i denne filmen, og i The Magic Horse, ser ut til å være tatt fra Die Abenteuer des Prinzen Achmed[67]
    • 1954 – Thumbelina (norsk: Tommelise). Etter H.C. Andersens eventyr
    • 1955 – Hansel and Gretel (norsk: Hans og Grete). Etter Brødrene Grimms eventyr
    • 1955 – Jack and the Beanstalk (norsk: Jack og bønnestengelen). Etter Brødrene Grimms eventyr
    • 1956 – The Star of Bethlehem (norsk: Stjernen over Bethlehem)
    • 1961 – The Frog Prince (norsk: Froskeprinsen). Farger både på figurer og bakgrunner
    • 1975 – Aucassin and Nicolette. Produsert av the National Film Board of Canada. Svarte figurer, fargede bakgrunner
    • 1979 – The Rose and the Ring. Etter W.M. Thackerys fortelling. I farger

Fleire av Lotte Reinigers filmar er, heilt eller delvis, tilgjengeleg på internett, blant anna på YouTube.

Innverknad på andre filmkunstnarar[endre | endre wikiteksten]

Reiniger danna ikkje «skule», til dét var teknikken hennar for spesiell og tidkrevjande, men fleire filmkunstnarar har vore inspirerte av silhuettfilmane hennar og brukt same uttrykksform i scener av filmar og TV-seriar:

I Disneys Fantasia vert Reiniger si uttrykksform nytta i ein sekvens der Mikke Mus opptrer i same scene som dei levande musikarane.[17]

Den franske animatøren Michel Ocelot byrja med silhuettanimasjon i TV-serien Cinés i 1989. I silhuettfilmen Princes et princesses brukte han fleire av teknikkane Reiniger skapte og utvikla.

Utklippsanimasjon i Reiniger-stil vart brukt under rulletekstene i filmen Lemony Snicket's A Series of Unfortunate Events frå 2004.[68]

I Harry Potter-filmen Harry Potter og dødstalismanene - del 1 frå 2010, brukte animatøren Ben Hibon Reinigers animasjonsstil i kortfilmen The Tale of the Three Brothers.[69]

Reiniger sin filmstil var inspirasjonen bak episoden «The Answer» i animasjonsserien Steven Universe.

Skuggespel[endre | endre wikiteksten]

Indiske skuggeteaterfigurar med vertikale styrestenge
Karagiozis, tradisjonell gresk skuggeteaterfigur

Reiniger si interesse for skuggespel heldt seg heile livet. Nokre av bidraga hennar i andre sine filmar var skuggespel, blant anna i G.W. Pabsts Don Quixote (1933) og i Jean Renoirs La Marseillaise (1938).[70]

Så lenge ho hadde økonomi og høve, gjekk all tida hennar til silhuettfilmar, men ho var stadig interessert i å utvikla seg som silhuett- og skyggespelkunstnar, og i 1936 vitja ho Hellas for å sjå tradisjonelt skuggeteater, Karagiozis-teater.[71] Dei nazistiske styresmaktene i Tyskland hevda hardnakka at silhuett- og skuggeteater ikkje var passande underhaldning, og var negative til Reiniger sin kunst. Ho trong ny inspirasjon for å halda motet oppe, og denne fann ho i Hellas. Karagiozis-teateret, den kjende dokkeføraren Mollas og det begeistra, stort sett vaksne, publikummet gav ho nytt mot.[72] Ho tok òg praktisk lærdom med seg heim; måten dokkeføraren sine stenger var feste til figurane på, horisontalt med ei løkke av lêr, så figurane kunne snu seg. Reiniger hadde vore van med å styra skuggefigurane med vertikale stenger, slik ein gjer i fleire tradisjonelle asiatiske skuggeteaterformer, men i ei bok frå 1970 skrev ho at ho no var vorten heilt «avhengig» av å spela med horisontale stenger.[73]

I 1943 hadde ho møtt Elsbeth Schulz, som hadde eit profesjonelt skuggeteater. I 1945 møttest dei igjen, og etablerte skuggeteateret Berliner Schattenspiele. Reiniger klipte figurar, kulisser og andre dekorasjonar, og dei hadde førestillingar saman, blant anna fleire etter Grimm-brørne sine eventyr. Reiniger forlét Berliner Schattenspiele etter få år, og arbeidde ei tid som scenograf ved Theater am Schiffbauerdam.[74]

Det var vanskeleg å få arbeid nok i Tyskland, og i 1949 flytta Reiniger og Koch til London, der ho fekk samarbeida med dokkespelarane Jan Bussell og Ann Hogarth. Dei viste skuggespel i pausane under marionetteførestillingane sine. Reiniger klipte nok ein gong figurar, og viste korleis dei kunne framføra skuggespel, med utgangspunkt i Oscar Wildes The Happy prince. Skuggespel-førestillingane av – og med – Reiniger, Bussell og Hogarth vart òg viste på BBC TV.[75] Deretter fekk ho nye oppdrag med eventyr-skuggespel for BBC TV: Jorinde and Joringel, The Frog Prince, Good King Wenceslas, Cinderella med fleire.[76]

Etter at ektemannen døydde i desember 1963, gjekk Reiniger over til berre å arbeida med skuggeteater. Koch hadde vore ein så viktig støtte og samarbeidspartnar under animasjonsfilminga at ho ikkje orka tanken på å halda fram å arbeida med film utan han.[77]

I 1969 hadde ho premiere i London på Santa Claus’ Mistake, eit skuggespel for stor scene.

Andre medium og kunstarter[endre | endre wikiteksten]

I 1919 lllustrerte Reiniger boka Venus in Seide (norsk Venus i silke) av Gustav Hochstette, med klipte silhuettar.[78] Seinare illustrerte ho fleire bøker, og klipte silhuett-illustrasjonar til tidsskriftet Atlantis. Ho formgav òg logoen for the National Deaf Children's Society.

Reiniger var ein talentfull akvarellmålar og teiknar. I tillegg til at ho teikna forklarande illustrasjonar i si eiga bok Shadow theatres and shadow films, illustrerte ho nokre få andre bøkar: King Arthur and Hi sitt Knights of the Round Table av Roger Lancelyn Green i 1953; Ballet stories for young people av Gladys Davidson i 1959 og More balla stories for young people av same forfattar i 1961.

Ho var aktiv og kreativ heilt til det siste, til trass for at helsa svikta. Då ho var 81 år og budde hos sina gamle vener, familien Happ i Dettenhausen, vart ho spurt av den evangeliske kyrkjesamskipnaden om ho kunne skriva ei lita bok med eigne tekster og silhuettillustrasjonar for dem. Den skulle seljast til inntekt for renovering av den lokale kyrkja. Ho påtok seg oppdraget, valde å bruka H.C. Andersens eventyr Den vesle havfrue som utgangspunkt, og i november 1980 var boka ferdig og kunne presenterast.[79]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1936 – Nominert til prisen Mussolini Cup for beste utanlandske film under Veneziabiennalen.[80]
  • 1955 – Venetian Silver Dolphin Award for filmen The Gallant Little Tailor (norsk 'Den tapre vesle skreddaren') under Veneziabiennalen. Filmen vart òg nominert til ein pris ved Edinburgh Film Festival i 1955.[81]
  • 1966 – Utnemnd til æresmedlem av Union Internationale dei la Marionette (UNIMA) på UNIMA-kongressen i München 5. juni.[82]
  • 1972 – Filmband in Gold, for sin eineståande innsats for tysk film.[80]
  • 1979 – På 80-årsdagen sin vart ho tildelt medaljen Bundesverdienstkreuz.[30]
  • 1976 – Reiniger mottok ein spesialpris under Ottawa International Animation Festival for sitt eineståande bidrag til animasjonskunsten, og som ein heider for sin nyaste film Aucassin and Nicolette.[83]
  • 1980 – Den 22. American Film Festival i New York vigde heile åpningsdagen til Lotte Reinigers arbeidar. Det vart vist filmar av og om ho, og det vart arrangert ein paneldebatt med menneske som hadde kjent ho, arbeidd med ho, eller var påverka av ho.[84]
  • 1995 – Die Abenteuer des Prinzen Achmed vart dette året vald som ein av dei 100 viktigaste tyske filmar gjennom tidene. Lista var basert på ein spørreundersøkelse blant fagfolk, utført av Deutscher Kinematheksverbund.[85]
  • 2003 – Die Abenteuer des Prinzen Achmed kom, som einaste tyske film, med på lista «100 Best Full-Length Animated Film sin of All Time». Lista var sett opp av Online Critics Society.[86]
  • 2012 – 13th International Computer Graphics Conference, VIEW Conference, vigd ein del av konferansen til å visa fleire av dei Reiniger-filmane som er basert på eventyr av brørne Grimm.[87]
  • Alfred Happ oppgjev i sin biografi at Reiniger mottok æreslønn, «Ehrensold», som anerkjend kunstnar, av den britiske dronninga.[45]

Arven etter Lotte Reiniger[endre | endre wikiteksten]

Mykje av Reinigers originalmaterial finst i Stadtmuseum Tübingen, som i 2008 opna ei permanent utstilling om ho og ennark unst: Die Welt in Licht und Schatten: Scherenschnitt, Schattentheater, Silhouettenfilm (norsk: Verda i lys og skugge: sakseklipp, skuggeteater, silhuettfilm).[88] Filmmuseum Düsseldorf har òg mykje materiale knytet til Reinigers arbeid, blant anna hennar animasjonsbord.[89] Reiniger donerte fleire gjenstandar frå den perioden ho budde i England til BFI National Archive. Der finst silhuettfigurar, bakgrunnsskjermar og andre gjenstandar frå hennar arbeid og filmar, og arkivet konserverer og digitaliserer (per 2017) heile samlinga og gjer fleire av filmane tilgjengeleg på DVD og Blu-ray.[90]

2. juni 2016 markerte Google 117-årsdagen for Reinigers fødsel, med ein Google Doodle.[91][92]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. Alfred Happ, vennen og biografen til Reiniger, skreiv at ho var innført i Berlin Charlottenburg fødselsregister, nr. 569/1899 med namna Charlotte Eleonore Elisabeth Reiniger, men at dette var einaste gongen alle desse namna var bruket». Happ (2004, s. 7)
  2. Fleire kjelder seier at ho var berre seks år gammal då ho laga sitt fyrste skuggeteater, men i Happ (2004), s. 9, er ho sitert med at ho hadde bygd eit skuggeteater allereie då ho var 12 år. Happ var ein nær venn av Reiniger.
  3. Denne boka, eller heftet, er omtalt i fleire kjelder, men ingen bibliografiske opplysingar er oppgitt.
  4. Same bok var utgangspunkt for Thorbjørn Egner si bok om doktor Dyregod
  5. I Warner (2012), s. 390, skriver forfatteren at Reiniger kalte filmene sine «shadow films». Det er ikke riktig, ifølge publikasjoner av Reiniger selv. Hun kalte dem «silhouette films». Reiniger (1970), s. 11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lotte Reiniger sitert i Bendazzi (1994), s. 31
  2. «Geschichte des Scherenschnitts - Deutscher Scherenschnittverein e.V.» (på tysk). Henta 13. mars 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Lotte Reiniger Recording» (på engelsk). USC Hugh M. Hefner Moving Image Archive. 1976. Henta 5. mars 2018. 
  4. Lotte Reiniger sitert på engelsk i Grace (2017), s. 183: «No, there were puppets in museums, which I actually didn't see until much later. It's not really true that I was influenced by Chinese shadow theatre».
  5. Happ (2004), s. 9
  6. «per aspera ad astra». Arkivert frå originalen 28. mars 2019. Henta 19. mars 2019. 
  7. Hutchinson, Pamela (2. juni 2016). «Lotte Reiniger: animated film pioneer and standard-bearer for women». The Guardian. 
  8. Grace (2017), s. 9
  9. «Ich bin ballett-, film- und theaterbesessen und habe einen Mozart-Fimmel». Sitert på nettstedet http://www.lottereiniger.de/lotte_reiniger/portrait.php
  10. Warner (2012), s. 400
  11. Reiniger sitert i Happ (2004), s. 10
  12. Reiniger sitert i Bendazzi (1999), s. 31
  13. Schönfeld (2006), s. 174
  14. Bendazzi (2015), s. 60
  15. Grace (2017), location 257 i Kindle-versjonen
  16. Grace (2017), loc. 487 (Kindle-versjon)
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 «Stranger Magic». Sight & Sound – via JSTOR.  (årstal, utgåve ukjende)
  18. womenfilmpioneersproject (6. juli 2016). «Das Geheimnis der Marquise (1921/1922)». Henta 7. april 2018. 
  19. Grace (2017), Location 450 i Kindle-versjonen
  20. Bendazzi (1994), s. 50
  21. 21,0 21,1 Osmond, Andrew (Februar 2009). «Paper, scissors». Sight and sound 19 (2): 87, 2 – via British Film Institute. 
  22. Evans (2011), s. 111 og s. 115
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 23,5 23,6 23,7 Moritz, William (1996). «Lotte Reiniger». Henta 2. juni 2016. 
  24. Happ (2004), s. 33
  25. Happ (2004), s. 182
  26. 26,0 26,1 Goergen, s. 4
  27. Moritz (1996)
  28. Happ (2004), s. 56
  29. Happ (2004), s. 61
  30. 30,0 30,1 30,2 «Reiniger, Lotte (1899–1981) Biography» (på engelsk). Henta 2018e-02-28. 
  31. Happ (2004), s. 66
  32. Happ (2004), s. 75
  33. Schönfeld (2006), s. 175
  34. Grace (2017), s. 151
  35. Happ (2004), s. 81
  36. Grace (2017), s. 154
  37. Grace (2017), s. 162
  38. Happ (2004), s. 91
  39. Happ (2004), s. 105
  40. Happ (2004), s. 185
  41. Strobel, Christel. «Lotte Reiniger - Der verlorene Sohn - (The Lost Son, 1974)». Henta 8. april 2018. 
  42. Happ (2004), s. 186
  43. «Arkiv: 1970-1979 | Henie Onstad Kunstsenter» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 21. april 2018. Henta 21. april 2018. 
  44. «NRK TV - Se Med saks og papir» (på norsk). Henta 21. april 2018. 
  45. 45,0 45,1 Happ (2004), s. 108
  46. Düsseldorf Filminstitut fekk i 1989 etablert eit eige filmmuseum, Filmmuseum Düsseldorf
  47. Strobel, Christel. «Lotte Reiniger - Weitere Kurzfilme - (Auswahl)». Henta 25. mars 2018. 
  48. Happ (2004), s. 111
  49. «Dettenhausen ehrt Lotte Reiniger mit einer Tafel am Grab». Schwäbisches Tagblatt online (på tysk). 
  50. Reiniger (1970), flere steder
  51. Reiniger (1970), s. 11
  52. Reiniger (1970), s. 13
  53. Reiniger sitert i Pidhajny Milestone pressemateriale, 2001
  54. Grace (2017), location 1356 i Kindle-versjonen
  55. Speed, Louise (2003). «The Adventures of prince Achmed». Marvels & Tales (Wayne State University Press) 17 (1): 181–183. 
  56. Reiniger (1970), s. 95
  57. Reiniger (1970), s. 103
  58. Warner (2012), s. 401–402
  59. Happ (2004), s. 76
  60. "weil ich so eine romantisch veranlagte Person bin ... und: Ich liebe die Liebe" Reiniger sitert i Goergen
  61. kilde, kanskje G. fra nettsted
  62. Kramer, Fritzi (7. april 2013). «About Silent Movies: The music of the silent film» (på engelsk). Henta 1. mai 2019. 
  63. «Lotte Reiniger - Doktor Dolittle und seine Tiere - (1927/1928)». Henta 1. mai 2019. 
  64. Grace (2017), location 1172 i Kindle-versjonen
  65. Grace (2017), location 4091 i Kindle-versjonen
  66. Samtalen mellom Ruttmann og Reiniger er gjengitt slik i Moritz (1996): «“Lotte, why are you making a fairy tale film like this?” “I don’t know either”, she replied. “What has it got to do with the year 1923?” he pursued. “Nothing at all. And why should it? I’m here, living in the year 1923, and I have the chance to make this film, so naturally I’m going to do it. That’s all it has to do with the year 1923.” “That doesn’t seem right to me”, he insisted.»
  67. Moritz (1996 A)
  68. Stables, Kate. «Lemony Snicket's A Series of Unfortunate Events». Sight and sound 15 (8): 89 – via British Film Institute. 
  69. Warner (2012), s. 394
  70. Guerin & Mebold (2016), s. 2
  71. Happ (2004), s. 131
  72. Happ (2004), s. 55
  73. «I became an addict of playing with horizontal rods and have tried my hand with it ever since». Reiniger (1970), s. 30
  74. Happ (2004), s. 67–68
  75. Happ (2004), s. 79
  76. Happ (2004), s. 80
  77. Grace (2017), s. 183
  78. Happ (2004), s. 180
  79. Sitert fra intervju med Lotte Reiniger i Schwäbisches Tagesblatt 1980 i Happ (2004), s. 110
  80. 80,0 80,1 «Lotte Reiniger». Henta 21. april 2018. 
  81. Grace (2017), s. 158
  82. Happ (2004), s. 102–103
  83. «Ottawa International Animation Festival» (på engelsk). Henta 26. mars 2018. 
  84. Happ (2004), s. 109
  85. «Die wichtigsten deutschen Filme - Chronologische Übersicht | filmportal.de» (på tysk). Henta 31. mars 2018. 
  86. «OFCS Top 100: Top 100 Animated Features – Online Film Critics Society» (på engelsk). Henta 31. mars 2018. 
  87. http://www.giovannigentile.net, Giovanni Gentile,. «Tribute to Lotte Reiniger | VIEW Conference 2012 | Digital Cinema, Virtual Reality, Computer Graphics, Stereoscopic 3D, Video Games, 3D Animation & Visual Effects» (på engelsk). Arkivert frå originalen 20. april 2018. Henta 19. april 2018. 
  88. «Lotte Reiniger - Stadtmuseum Tübingen» (på tysk). Henta 18. mars 2018. 
  89. Düsseldorf, Landeshauptstadt. «Das Filmmuseum - Landeshauptstadt Düsseldorf» (på tysk). Henta 18. mars 2018. 
  90. «Lotte Reiniger and The Star of Bethlehem». British Film Institute (på engelsk). 
  91. «New Google Doodle Celebrates German Animator Lotte Reiniger». TIME. Henta 2. juni 2016. 
  92. «Lotte Reiniger's 117th birthday». Google. Henta 2. juni 2016. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bendazzi, Giannalberto (2015) Animation : a world history. Routledge. ISBN 978-1138943070.
  • Bendazzi, Giannalberto; Taraboletti-Segre, Anna (oversetter) (1994). Cartoons : one hundred years of cinema animation. John Libbey. ISBN 0861964454
  • Evans, Noel K. Wolfgram (2011). «Lotte Reiniger: Shadowplayer». Animators of film and television. Jefferson, North Carolina: McFarland & Co. s. 111–118. ISBN 9780786448326
  • Goergen, Jeanpaul (red.). «Lotte Reiniger: "Ich glaube mehr an Märchen als an Zeitungen" - Eine kurze Biografie in Selbstzeugnissen, zusammengestellt von Jeanpaul Goergen». Henta 24. april 2019. 
  • Grace, Whitney (2017). Lotte Reiniger: Pioneer of Film Animation. McFarland. ISBN 978-1476662060
  • Guerin, Frances; Mebold, Anke (6. juli 2016). «Lotte Reiniger». Women Film Pioneers Project (på engelsk) – via Center for Digital Research and Scholarship. 
  • Happ, Alfred (2004). Lotte Reiniger 1899–1981 : Schöpferin einer neuen Silhouettenkunst. Tübingen: Kulturamt. ISBN 3910090567.  [Per 2018 den mest omfattende og grundigst kildebelagte biografien over Lotte Reiniger]
  • Moritz, William (1996). «Some Critical Perspectives on Lotte Reiniger». Animation Journal (på engelsk): 40–51. 
  • Reiniger, Lotte (1936). «Moving silhouettes». Film Art: 14–18. 
  • Reiniger, Lotte (1936). «Scissors make films». Monthly Film Bulletin (på engelsk): 13–15. 
  • Reiniger, Lotte (1970). Shadow Theatres and Shadow Films (engelsk). B.T. Batsford/Watson-Guptill Publications. 
  • Schönfeld, Christiane (2006). Practicing Modernity: Female Creativity in the Weimar Republic (engelsk). Königshausen & Neumann. ISBN 978-3826032417
  • Warner, Marina (2012). Stranger Magic : charmed states & the Arabian Nights (engelsk). Vintage. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lotte Reiniger