Ole Olsen Evenstad (1766–1833)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Olsen Evenstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. september 1766
Stor-Elvdal kommune
Død

20. februar 1833 (66 år)

Yrke bonde, politikar, lensmann
Språk norsk
Far Ole Olsen Evenstad (1739–1806)
Ole Olsen Evenstad (1766–1833) på Commons

Ole Olsen Evenstad (23. september 176620. februar 1833) var ein norsk lensmann, gardbrukar, eidsvollsmann og stortingsmann frå Storelvdal.

Evenstad vart våren 1783 lensmann i heimbygda etter far sin, knapt 17 år gammal. Denne stillinga hadde han heilt til han døydde. I 1803 overtok han farsgarden, storgarden Evenstad. Kring om 1800 stifta han, og styrte, Enighets fabrik. Dette var eit patriotisk tiltak for Åmot, som noko tid dreiv eit ull- og bomullsspinneri. Han var elles med i forlikskommisjonen frå 1824.

Minnebauta over Evenstad nær Stor-Elvdal kyrkje

I 1814 var Evenstad utsending frå Hedmark til riksforsamlingaEidsvoll. I avrøystingane fylgde han sjølvstendepartiet. Innvald også på Stortinget 1824, han var då medlem av komiteen om kjøpstad på Oplandene og komiteen om berg- og skogvesenet. Ein samnemnd bror, Ole Olsen Evenstad, vart vald til stortingsrepresentant for 1833, men møtte grunna sjukdom ikkje.

Han døydde på Evenstad i 1833.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]