Turbulent Indigo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turbulent Indigo
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve 25. oktober 1994
Innspelt 1993
Sjanger Alternativ rock, folkjazz
Lengd 43:02
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell, Larry Klein
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Night Ride Home
(1991)
Turbulent Indigo Hits
(1996)


Turbulent Indigo er eit album av Joni Mitchell frå 1994 og vart eit av hennar mest kritikarroste album[1], som vann ho ein Grammypris for årets popalbum.

Albumet var hennar første tilbake på Warner Music (tidlegare WEA), etter at hennar førre album Night Ride Home, distribuert av MCA for det då nykjøpte Geffen Records (som før salet til MCA, vart distribuert via WEA).

Plateomslaget, eit sjølvportrett av Mitchell, erinspirert av den nederlandske kunstnaren Vincent van Gogh. Songen «Turbulent Indigo» nemner Van Gogh, medan songen «Magdalene Laundries» fortel soga om lidinga til irske kvinner som før vart sendt til magdalenaheimar styrt av den romersk-katolske kyrkja og måtte arbeidet i vaskeriet til heimane. Songen «Sex Kills» omhandlar fleire tema frå seint på 1900-talet, som vald, AIDS, global oppvarming og konsumerisme.

I desember 2008 hadde albumet seld 311 000 eksemplar i USA.  

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Sunny Sunday»   02:21
2. «Sex Kills»   03:56
3. «How Do You Stop» (Charlie Midnight, Dan Hartman) 04:09
4. «Turbulent Indigo»   03:34
5. «Last Chance Lost»   03:14
6. «The Magdalene Laundries»   04:02
7. «Not to Blame»   04:18
8. «Borderline»   04:48
9. «Yvette in English» (Mitchell, David Crosby) 05:16
10. «The Sire of Sorrow (Job's Sad Song)»   07:08

 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Joni Mitchell - vokal, gitar, bass
  • Jim Keltner - trommer på «Sunny Sunday»
  • Larry Klein - orgel, bass, produsent
  • Michael Landau - elktrisk gitar på 2, 3
  • Greg Leisz - Pedal Steel gitar på 7, 8
  • Seal - vokal på «How Do You Stop»
  • Wayne Shorter - Sopransaksofon på 1, 4, 7, 8
  • Carlos Vega - trommer på 3, 4, 7
  • Stewart Smith - gitar på «How Do You Stop»
  • Bill Dillon - synthesizer på «Yvette in English»
  • Charles Valentino - korvokal på «Yvette in English»
  • Kris Kello - korvokal på «Yvette in English»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone magazine review