Both Sides Now
- Denne artikkelen handlar om albumet. For songen med same namn, sjå Both Sides, Now.
Both Sides Now Studioalbum av Joni Mitchell | ||
Utgjeve | 8. februar 2000 | |
Innspelt | Air Studios, Hampstead i London 1999 | |
Sjanger | Vokaljazz, sentimentale kjærleikssongar | |
Lengd | 51:29 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Joni Mitchell, Larry Klein | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Joni Mitchell-kronologi | ||
Taming the Tiger (1998) |
Both Sides Now | Travelogue (2002)
|
Both Sides Now er eit konseptalbum av Joni Mitchell frå 2000.
Det går gjennom eit moderne kjærleiksforhold gjennom Mitchell sine orkesterutgåver av klassiske jazzsongar. To av Mitchell sine eigne songar er òg med på albumet, «A Case of You» (1971) og «Both Sides, Now» (1969). Orkesteret vart arrangert og dirigert av Vince Mendoza.
I teksten til plateomslaget skildrar medprodusent Larry Klein albumet som ein «program-suite som dokumenterer eit forhold frå den første flørten gjennom optimistisk fullbyrding, overgangen til desillusjon, ironisk fortviling, og til slutt oppløysing i den filosofiske oversikta av erkjenning og sannsynet for at syklusen gjentek seg sjølv»
På konsertturneen som følgde albumet, spelte Mitchell songane i same rekkefølgje, men opna med ein overture, «Nuages», den første satsen frå Nocturnes, ein orkestersuite komponert av den franske komponisten Claude Debussy. «Nuages» er eit fransk ord for «skyer». Musikken gjev ei romantisk stemning, men suiten kan òg reknast som eit smart ordspel, sidan «Clouds» (skyer) òg er namnet på albumet som songen «Both Sides, Now» opphavleg kom ut på.
Både albumet og tittelsongen vert spelt i filmen Love Actually (2003).
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «You're My Thrill» (Sidney Clare, Jay Gorney) | 03:52 |
2. | «At Last» (Mack Gordon, Harry Warren) | 04:28 |
3. | «Comes Love» (Lew Brown, Sam H. Stept, Charles Tobias) | 04:29 |
4. | «You've Changed» (Bill Carey, Carl Fischer) | 05:00 |
5. | «Answer Me, My Love» (Fred Rauch, Carl Sigman, Gerhard Winkler) | 03:23 |
6. | «A Case of You» (Joni Mitchell) | 05:52 |
7. | «Don't Go to Strangers» (Redd Evans, Arthur Kent, David Mann) | 04:10 |
8. | «Sometimes I'm Happy» (Irving Caesar, Clifford Grey, Vincent Youmans) | 03:58 |
9. | «Don't Worry 'Bout Me» (Rube Bloom, Ted Koehler) | 03:49 |
10. | «Stormy Weather» (Harold Arlen, Ted Koehler) | 03:07 |
11. | «I Wish I Were i Love Again» (Lorenz Hart, Richard Rodgers) | 03:36 |
12. | «Both Sides, Now» (Joni Mitchell) | 05:45 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
|
|
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Both Sides Now (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2011.