Udhailiyah
Udhailiyah | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | |||
![]() Udhailiyah | |||
Udhailiyah (arabisk العضيلية) er eit lite bustadområde for oljearbeidarar i det indre av Austprovinsen i Saudi-Arabia i ørkenen sørvest for Dhahran-Dammam-Khobar storbyområde. Han vart bygd av det nasjonale oljeselskapet Saudi Aramco, og har kring 1 350 innbyggjarar.
Udhailiyah er det minste av fire bustadområde bygde av Saudi Aramco. Han er òg den sørlegaste og mest isolerte av dei fire bustadområda. I nordaust ligg byen Hofuf og den store Al-Hasa-oasen. Som for dei andre bustadområda, er Udhailiyah omringa av fleire gjerde og tilsette i Saudi Aramco og familiane deira bur på innsida. Samfunnet er ei blanding av saudiarabarar, amerikanarar, andre arabarar, indarar, pakistanarar og fleire andre.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Leiren vart opphavleg oppretta for menn som dreiv oljeboring i området. Seint i 1970-åra vart leiren utvida til å ta i mot vestlege tilsette og familiane deira. Leiren vart stengd i 1980-åra, og opna opp att i åra etter Golfkrigen. Etter det stadig voks fram radikale element i Saudi-Arabia etter 2001, er det sett ut væpna vakter ved leiren frå den saudiarabiske nasjonalgarden.