Dei egeiske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei egeiske øyane (gresk: Νησιά Αιγαίου, Nisiá Aigaíou; tyrkisk: Ege Adaları) er ei gruppe øyar i Egearhavet med fastlandet til Hellas i vest og Tyrkia i aust. Kreta utgjer den sørlege grensa. I antikken hadde øyane namnet Arkhipelago, som tyder øygruppe, og etter kvart, som på engelsk (archipelago), er namnet vorte eit synonym for øygruppe.

Dei greske egeiske øyane er ein av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Dei er delt inn i fleire grupper (frå nord til sør):

Nesten alle Dei egeiske øyane høyrer til Hellas og er delt mellom ni administrative periferi. Tyrkia eig øyane Gökçeada (Ímvros), Bozcaada (Ténedos) og åtte småøyar utanfor vestkysten.

Områda rundt nokre av øyane og luftrommet over dei er kjelda til ein pågande strid mellom Hellas og Tyrkia. «Dei italienske egeiske øyane» (italiensk: Isole Italiane dell-’Egeo) vert stundom nytta om dei egeiske øyane Italia erobra under den tyrkisk-italienske krigen i 1912 og som vart annektert i 1923. Desse øyane, hovudsakleg Dodekanesane, var italienske fram til 1947.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]