Rjukanbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lokomotiv fra Rjukanbanen, nå på Norsk Jernbanemuseum, Hamar
Mæl stasjon ved Tinnsjø. (Foto: Roar Johansen)

Rjukanbanen er namnet på ei norsk jarnbanestrekning frå Rjukan til Mæl stasjon. Nokre gonger vert Tinnosbanen frå Tinnoset til Notodden omtala som ein del av Rjukanbanen. Nokre tek med jarnbaneferjeneTinnsjøen i omgrepet «Rjukanbanen». Slik kan ein seia at heile transportstrekninga frå Rjukan til Notodden er Rjukanbanen i vid tyding. Saman med vassvegen Notodden-Skien, danna Rjukanbanen frå opninga i 1909 ei samanhengjande transportline på 130 kilometer. Kong Haakon VII opna Rjukanbanen den 9. august 1909.

Rjukanbanen vart bygd i samband med Norsk Hydro sine store fabrikkprosjekt på Rjukan. Det var trong for å få transportert råstoff inn, og produkt ut til kysten. Rjukanbanen var den fyrste normalspora og elektriske jarnbanen i Noreg. Rjukanbanen vil for alltid vera knytt til framveksten av storindustri i Noreg, men òg til norsk krigshistorie. Kampen om tungtvatnet under andre verdskrig vart avslutta då norske sabotørar senka jarnbaneferja «Hydro» på Tinnsjøen den 20. februar 1944.

Nedlegging og museumsjernbane?[endre | endre wikiteksten]

4. juli 1991 gjekk siste tog på Rjukanbanen. Norsk Hydro hadde flytta produksjonen sin andre stadar, og hadde ikkje lenger trong for eit storstilt transportsystem. Etter 1991 er det gjort forsøk på å driva Rjukanbanen som ein museumsjernbane. Museumsdrifta har hatt vanskar med å få finansieringa til å gå i orden.

Stasjonar og haldeplassar[endre | endre wikiteksten]

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

DF «Ammonia» ved Mæl.
MF «Storegut» ved Tinnoset.
Teiknforklaring
BSicon exKDSTa.svgBSicon .svg Vemork
BSicon exSTR.svgBSicon exKDSTa.svg Rjukan Salpeterfabrikker
BSicon exSTR.svgBSicon exBHF.svg 15,95 km Rjukan (1909)
BSicon exBS2l.svgBSicon exBS2r.svg
BSicon exTUNNEL1.svg Såem (ca. 240 m)
BSicon exWBRÜCKE.svg Måna
BSicon exBHF.svg 13,81 km Ingolfsland (1909)
BSicon exHST.svg Tveito (1953)
BSicon exHST.svg Bjørkhaug (1953)
BSicon exHST.svg 10,12 km Øverland (1909)
BSicon exHST.svg Skeie (1953)
BSicon exBHF.svg 4,44 km Miland (1909)
BSicon exWBRÜCKE.svg Måna (41,4 m)
BSicon exHST.svg 1,10 km Buslåtten (1953)
BSicon exBHF.svg 0,39 km Mæl (1909)
BSicon exTRAJEKT.svg til TinnosetTinnosbanen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gary Payton og Trond Lepperød: «Rjukanbanen - på sporet av et industrieventyr»., 1999.