Č

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Č som stor og liten bokstav.

Č og č (C med hake) er ein bokstav brukt i ulike språk, vanlegvis for å representere lyden ustemt postalveolat affrikat [t͡ʃ], uttala som ch i det engelske ordet chocolate. I Noreg vert han brukt i nordsamisk, der han òg vert uttala [t͡ʃ].[1]

Unikode-kodepunkta er høvesvis U+010C og U+010D for Č og č.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Symbolet vart opphavleg nytta i 1600-talets tsjekkiske alfabet etter reformane hans Jan Hus. Ljudevit Gaj tok bokstaven inn i det kroatiske alfabetet frå tsjekkisk i 1830. Deretter vart han innført i dei makedonske, slovakiske,[2] slovenske,[2], bosniske, latviske,[2] litauiske,[2] pomakiske, berbiske[2] og montenegrinske alfabeta.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I alfabeta til berbisk, bosnisk latin, kroatisk, slovensk, montenegrinsk, serbisk, tsjekkisk, sorbisk, skoltesamisk og lakota er han den fjerde bokstaven. I alfabeta til nordsamisk og dei baltiske språka er han den femte, medan han er den sjette i slovakisk. Han vert òg brukt i pashto (tilsvarar چ), gammalsyrisk og saanich.

Č tilsvarar kyrillisk Ч og kan brukast i transliterasjon av ukrainsk, kviterussisk, russisk og bulgarsk med latinsk skrift. I dei latinske formene av serbisk, montenegrinsk og makedonsk, som er standardformer, er han meir brukt.

/Č/ vert òg brukt i det amerikanske fonetiske alfabetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sámi alfabehta. Giellatekno: kursa.oahpa.no. Lese den 17.5.2019.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «č». Croatian Encyclopedia (på kroatisk). Zagreb: Miroslav Krleža Institute of Lexicography. Henta 3. desember 2015.