Grethe Kausland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grethe Kausland
Død 16. november 2007 (60 år)
Dødsårsak kreft
Yrke skuespiller, sangerinne
Ektefelle Halvard Kausland (skilt)


Grethe Kausland, fødd Nilsen, (3. juli 194716. november 2007) var ein norsk songar, skodspelar og revyartist frå Horten i Vestfold.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ho blei landskjend allereie som barn under artistnamnet «lille Grethe». Som åtteåring gjorde ho sin første plateinnspeling på bakgrunn av ein radiooverført amatørkonkurranse. Songen var «Teddyen min», som selde i over 100.000 eksemplar. Songen «Cowboyhelten» («Einar, du er min aller beste venn!») er også blant hennar mest kjende. Innan ho fylte tolv hadde ho spelt inn 12 grammofonplater.

Ho hadde i mange år eit nært samarbeid med revygruppa Dizzie Tunes og spelte inn fleire spelefilmar og TV-seriar. Ho hadde hovudrolla i Ivo Caprinos første spelefilm «Ugler i mosen» frå 1959 og spelte òg i enkelte av dei danske familiefilmane om Far til fire.

I 1972 representerte Kausland Noreg i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix med songen «Småting» saman med Benny Borg. Ho fekk prisen for beste kvinnelege artist under Spellemannprisen 1978 for albumet A Taste of.... Ho vann også Leonardstatuetten i 1991.

Kausland blei i februar 2006 operert for lungekreft.[1]. Dette blei slått opp på VGs førsteside 17. februar 2006 og ho gjekk til sak mot VG. Grete Kausland fekk medhald i forliksrådet og blei tilkjend 320 000 norske kroner i erstatning. [2] Saka blei avslutta ved at partane inngjekk forlik rett før saka skulle opp for Oslo tingrett.[3]

Sommaren 2007 skulle Grethe Kausland sette opp kabareten «KAUSPAUS» saman med Ole Paus. Men førestillinga måtte avlysast på grunn av kreftsjukdommen. Hausten same år blei førestillinga igjen avlyst etter at sjukdommen forverra seg.

16. november 2007 døydde ho av kreft - berre 60 år gammal. Ho etterlet seg to vaksne barn.

Roller i filmar og TV-seriar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kausland operert for kreft i VG (17. februar 2006)«Hele Norges «lille Grethe» - Grethe Kausland (58) - ble operert for lungekreft sist uke.»
  2. Grethe tilkjent 320 000 i Se og Hør (14. september 2006) «I Forliksrådet er avisen VG dømt til å betale rekordhøye 320 000 kroner i oppreisning til den folkekjære show-artisten Grethe Kausland (59). […] På et førstesideoppslag 17. februar skrev avisen om Grethes kreftsykdom mot hennes og familiens ønske. Grethe følte seg krenket og krevde et oppreisningsbeløp på 650 000 i forliksrådet.»
  3. VG kjøper seg fri i NA24 «Meningen var at Kausland og VG skulle møtes i Oslo Tingrett torsdag etter at avisen anket en kjennelse fra forliksrådet tidligere i måneden. Nå unngår partene rettsmøtet etter å ha inngått forlik.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]