Den vesteuropeiske unionen
Den vesteuropeiske unionen (engelsk: Western European Union, WEU, fransk: Union de l'Europe occidentale, UEO) var ein delvis uverksam forsvar- og tryggleiksorganisasjon sett saman av 10 statar som alle er medlemmar av både NATO og EU. Fleire av funksjonane til organisasjonen var i ferd med å verta overførde til den sams utanriks- og tryggleikspolitikken til EU.
I 2009 tok Lisboatraktaten over klausulen om gjensidig forsvar frå unionen. Etter dette vart det mykje diskusjonar om kva som skulle skje vidare med unionen. 30. mars 2010 gav Chris Bryant skriftleg melding om at Storbritannia ville trekkja seg ut frå unionen innan eit år. Eit kollektivt vedtak hadde vorte gjort om å avslutta den vesteuropeiske unionen innan juni 2011. Alle aktivitetane til unionen avslutta innan juli same året.
Deltakande statar [endre]
Den vesteuropeiske union hadde ti medlemsstatar, seks assosierte medlemsstatar, fem statar med observatørstatus og sju assosierte partnarstatar.
Medlemsstatar:
Frankrike
Tyskland
Italia
Storbritannia
Belgia
Nederland
Luxembourg
Portugal (1990)
Spania (1990)
Hellas (1995)
Assosierte medlemsstatar:
Observatørstatar:
Danmark
Irland
Austerrike (1995)
Sverige (1995)
Finland (1995)
Assosierte partnarstatar: