Earl Palmer
Earl Palmer | |||
| |||
Fødd | 25. oktober 1924 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New Orleans, Louisiana i USA | ||
Død | 19. september 2008 (83 år) | ||
Dødsstad | Banning i California | ||
Fødenamn | Earl Cyril Palmer | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1947–2008 | ||
Sjanger | R&B, rock, jazz | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | Liberty | ||
Verka som | Studiomusikar | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Earl Cyril Palmer (25. oktober 1924–19. september 2008) var ein amerikansk rock-and-roll- og rhythm-and-blues-trommeslagar.[1] Han er blitt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2]
Palmer spelte på mange innspelingar, mellom anna fleire av dei første albuma til Little Richard og mange andre kjende rock and roll-plater. I følgje eit minneord var «lista hans over artistar han har spelt med ei 'Kven er kven'-liste over amerikansk popmusikk dei siste 60 åra».[3]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Earl Palmer var fødd i New Orleans og voks opp i bydelen Tremé. Han byrja som steppar då han var fem år gammal og var med mora og tanta i det svarte vaudeville-miljøet og turnerte landet mykje med Ida Cox's Darktown Scandals Review. Faren skal ha vore den lokale pianisten og bandleiaren Walter «Fats» Pichon.[3]
Palmer tente i den amerikanske hæren under andre verdskrigen og var utstasjonert i Europa.[4]
Etter krigen studerte Palmer piano og perkusjon på Gruenwald School of Music i New Orleans, der han òg lærte å lese notar. Han byrja å spele trommer med Dave Bartholomew Band seint i 1940-åra.[3] Palmer spelte på mange innspelingar i New Orleans, som Fats Domino sin «The Fat Man» og «I'm Walkin» (og fleire andre av hittane til Domino), «Tipitina» av Professor Longhair, «Tutti Frutti» av Little Richard (og dei fleste av dei andre hittane til Richard), «Lawdy Miss Clawdy» av Lloyd Price og «I Hear You Knockin'» av Smiley Lewis.
På «The Fat Man» spelte han med eit etterslag som kom til å bli det viktigaste elementet i rock and roll. Palmer sa «Den songen kravde eit kraftig etterslag gjennom heile stykket. Med Dixieland hadde du berre eit kraftig etterslag etter du kom til det siste refrenget. Det var ei ny tilnærmingsmåte til rytmisk musikk.» Visstnok skal han ha vore den første til å bruke ordet funky til å forklare til andre musikarar at musikken deira burde vere meir synkopert og dansbar.[3]
Palmer forlet New Orleans og drog til Hollywood i 1957, og arbeidde først for Aladdin Records. Han byrja etter kort tid å spele med The Wrecking Crew, ei laus basert gruppe av studiomusikarar som spelte på mange innspelingar frå 1962 til 1968.
I meir enn 30 år spelte han trommer på musikken til mange filmar og fjernsynsshow. Blant artistane han arbeidde med var Frank Sinatra, Phil Spector, Ricky Nelson, Bobby Vee, Ray Charles, Sam Cooke, Eddie Cochran, Ritchie Valens, Bobby Day, Don and Dewey, Jan and Dean, Beach Boys, Larry Williams, Gene McDaniels, Bobby Darin, Neil Young, Pets og B. Bumble and the Stingers. Han spelte òg på jazzinnspelingar med David Axelrod, Dizzy Gillespie, Earl Bostic, Onzy Matthews og Count Basie, og bluesinnspelingar med B.B. King.
Han var framleis ein etterspurt trommeslagar i 1970- og 1980-åra, og spelte på album for Randy Newman, Tom Waits, Bonnie Raitt, Tim Buckley, Little Feat og Elvis Costello.[3]
I 2000 vart Palmer ein av dei første studiomusikarane som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Disskografi
[endre | endre wikiteksten]Som leiar
[endre | endre wikiteksten]- Drumsville (Liberty Records, 1961)
- Percolator Twist (Liberty Records, 1962)
Som studiomusikar
[endre | endre wikiteksten]- Album
- Here's Little Richard - Little Richard (1957)
- Swinging Flute in Hi-Fi - The Strollers (1958)
- The Fabulous Little Richard - Little Richard (1959)
- At the Cinema! - Buddy Collette's Swinging Shepherds (Mercury, 1959)
- This Must Be the Plas - Plas Johnson (Capitol, 1959)
- Julie...At Home - Julie London (1960)
- Sinatra and Swingin' Brass - Frank Sinatra (1962)
- Twistin' And Twangin' - Duane Eddy (1962)
- Color Him Funky - Howard Roberts (1963)
- H.R. is a Dirty Guitar Player - Howard Roberts (1963)
- The Astounding 12-String Guitar of Glen Campbell - Glen Campbell (1964)
- Mr. Eliminator - Dick Dale (1964)
- Gil Fuller & the Monterey Jazz Festival Orchestra featuring Dizzy Gillespie - Gil Fuller (Pacific Jazz, 1965)
- Latin In The Horn - Al Hirt & Lalo Schifrin (1966)
- Music from Mission: Impossible - Lalo Schifrin (Dot, 1967)
- There's a Whole Lalo Schifrin Goin' On - Lalo Schifrin (Dot, 1968)
- Accent on Africa - Cannonball Adderley (1968)
- The Birds, The Bees & The Monkees - The Monkees (1968)
- Head - The Monkees (1968)
- Song of Innocence - David Axelrod (1968)
- Songs of Experience - David Axelrod (1969)
- The Natch'l Blues - Taj Mahal (1969)
- U.F.O. - Jim Sullivan (1969)
- Memphis Jackson - Milt Jackson (Impulse!, 1969)
- People Like Us - The Mamas & the Papas (1971)
- David Clayton-Thomas - David Clayton-Thomas (1972)
- Look at the Fool - Tim Buckley (1974)
- Sweet Harmony - Maria Muldaur (1976)
- Strange Ladies - David Axelrod (1977)
- Ins and Outs - Lalo Schifrin (Palo Alto, 1982)
- King of America - Elvis Costello (1986)
- The Ultimate School of Rock & Roll - Gene Summers (1997)
- In 3-Dimensions - Deke Dickerson (2003)
- Seasons in the Sun (ikkje utgjeven) - The Beach Boys
- Singlar
- «The Fat Man» - Fats Domino (1949)
- «Messy Bessy» - Dave Bartholomew (1949)
- «Lawdy Miss Clawdy» - Lloyd Price (1952)
- «I'm Gone» - Shirley and Lee (1952)
- «Doin' The Hambone» - James Booker (1954)
- «In the Night» - Professor Longhair (1954)
- «I Hear You Knockin'» - Smiley Lewis (1955)
- «Red Hot» - Bob Luman (1955)
- «Blue Monday» - Fats Domino
- «The Girl Can't Help It», «Rip It Up», «Long Tall Sally», «Slippin' and Slidin'», «Ready Teddy» - Little Richard (1956)
- «Chicken Shack Boogie» - Amos Milburn (1956)
- «Ooh-Wee-Baby» - Art Neville (1956)
- «Let the Good Times Roll», - Shirley and Lee (1956)
- «You Send Me» - Sam Cooke (1957)
- «I'm Walkin'» - Fats Domino (1957)
- «I'm Leaving It Up to You» - Don and Dewey (1957)
- «Little Bitty Pretty One» - Bobby Day and Thurston Harris (1957)
- «Busy, Busy», «My Heaven» - Dan Bowden (1958)
- «Donna» - Ritchie Valens (1958)
- Summertime Blues- Eddie Cochran (1958)
- «Slow Down», «Dizzy Miss Lizzy», «Bony Moronie» - Larry Williams (1958)
- «Polly Molly», «Forever and a Day» - 5 Masks (1958)
- «Patricia Darling», «Whatta You Do» - Ray Willis (1958)
- «Nervous», «Gotta Lotta That», «Twixteen», «Crazy Cat Corner», Gene Summers (1958)
- «Rockin' Robin» - Bobby Day (1958)
- «Willie and the Hand Jive» - Johnny Otis (1958)
- «La Bamba» - Ritchie Valens (1959)
- «Walking to New Orleans» - Fats Domino (1960)
- «The Lonely Bull» - Herb Alpert (1962)
- «High Flyin' Bird» - Judy Henske (1963)
- «Please Let Me Love You» - The Beefeaters (som seinare vart The Byrds) (1964)
- «The Little Old Lady from Pasadena», «Dead Man's Curve» - Jan and Dean (1964)
- «You've Lost That Lovin' Feelin'» - The Righteous Brothers (1964)
- «Please Let Me Wonder» - The Beach Boys (1965)
- «Hold Me, Thrill Me, Kiss Me» - Mel Carter (1965)
- «River Deep - Mountain High» - Ike & Tina Turner - (1966)
- «I'll Be Back Up On My Feet», «We Were Made for Each Other», «Magnolia Simms» - The Monkees (1968)
- «The Old Laughing Lady», «I've Loved Her So Long» - Neil Young (1968)
- «She Gets Me Where I Live», «God Sheds His Grace on Thee» - Al Kooper (1970)
- «Whistlin' Past the Graveyard», «Sweet Little Bullet from a Pretty Blue Gun» - Tom Waits - (1978)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Earl Palmer» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music. Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 181. ISBN 978-1904041702.
- ↑ «Earl Palmer, 83, a Jazz Session Drummer, Dies». New York Times. Associated Press. 22 September 2008. s. B7.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Perrone, Pierre (22 September 2008). «Earl Palmer Obituary». The Guardian.
- ↑ Dahl, Bill. «Earl Palmer Biography». AllMusic. Rovi. Henta 19 February 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Earl Palmer på The Rock and Roll Hall of Fame
- Earl Palmer at drummerworld.com
- Earl Palmer-diskografi på Discogs
- Earl Palmer ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Einskildmenn
- Fødde i 1924
- Døde i 2008
- USA-amerikanske trommeslagarar
- USA-amerikanske jazztrommeslagarar
- USA-amerikanske rocketrommeslagarar
- USA-amerikanske studiomusikarar
- R&B-musikarar frå New Orleans
- Jazzmusikarar frå New Orleans
- Rock and Roll Hall of Fame
- The Wrecking Crew-medlemmar
- Rhythm and blues-trommeslagarar