Pete Best
| Pete Best | |
Pete Best speler trommer i 2006 |
|
| Verkeleg namn | Randolph Peter Best |
| Opphav | Liverpool i England |
| Fødd | 24. november 1941 Madras i India |
| Instrument | Trommer |
| Sjanger | Rock and roll, rock |
| Aktive år | 1959 – 1968, 1988 – til i dag |
| Yrke | Musikar, embetsmann, låtskrivar, |
| Tilknytt artistar | The Beatles The Pete Best Band |
| Nettside | www.petebest.com |
Pete Best (fødd 24. november 1941 Madras i Britisk India) er ein britisk musikar, mest kjend som den opphavlege trommeslagaren i The Beatles.
Etter dei flytta frå India til Liverpool i 1945, starta mor hans, Mona Best, The Casbah Coffee Club i kjellaren i huset til Best i Liverpool. Kafeen vart særs populær og The Beatles (då kjend som The Quarrymen) spelte nokre av dei første konsertane sine her. Best spelte her først med bandet sitt The Black Jacks, og seinare med The Beatles.
Best vart med The Beatles den 12. august 1960, berre dagen før dei reiste til Hamburg for å halde konsertar. Han vart invitert etter at dei hadde sett Best spela med The Blackjacks i The Casbah Club i Liverpool.[1]
Pete Best vart sparka frå gruppa to år seinare, den 16. august 1962, men fekk aldri vite den eksakte årsaka til dette. Det kan ha vore at han ikkje passa inn stilmessig. Han arbeidde seinare som embetsmann i 20 år, før han starta The Pete Best Band.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pete Best» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2009.
- ↑ From Blackjacks to Beatles: How the Fab Four Evolved. Vitja 27. september 2008.
|
|
|
|---|---|
| John Lennon · Paul McCartney · George Harrison · Ringo Starr Pete Best · Stuart Sutcliffe |
|
| Britiske studioalbum | Please Please Me · With The Beatles · A Hard Day's Night · Beatles for Sale · Help! · Rubber Soul · Revolver · Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band · Magical Mystery Tour · The Beatles · Yellow Submarine · Abbey Road · Let It Be |
| Filmar | A Hard Day's Night · Help! · Magical Mystery Tour · Yellow Submarine · Let It Be |
| Tilknytte artiklar | Brian Epstein · George Martin · The Quarrymen · Lennon/McCartney · Den britiske bølgja |