Albumet Yellow Submarine
| Yellow Submarine Filmmusikk av The Beatles |
||
| Utgjeve | 17. januar 1969 | |
| Sjanger | Psykedelisk rock, rock, klassisk | |
| Lengd | 40:12 | |
| Selskap | Apple | |
| Produsent | George Martin | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Beatles-kronologi | ||
| The Beatles (1968) |
Yellow Submarine | Abbey Road (1969) |
Yellow Submarine er eit filmmusikkalbum av The Beatles med musikk frå filmen med same namn.
I motsetnad til korleis filmen vart teke imot, vert Yellow Submarine vanlegvis rekna som det svakaste albumet til The Beatles, sidan det berre inneheld seks songar av bandet. Ho var ei av få Beatles-plater som ikkje nådde toppen av albumlista i verken Storbritannia eller USA. Den høgaste plasseringa i USA var andreplass. Albumet nådde derimot førsteplassen på VG-lista i Noreg. The Beatles sjølv rekna det ikkje som eit studioalbum, sidan dei fire songane som ikkje var gjeve ut før dette albumet, vart spelte inn til forskjellige tider i 1967 og 1968.
Innhaldsliste |
Historie[endre]
«Only a Northern Song» vart spelt inn under innspelinga av Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, men kom ikkje med her. Det meste av songen vart spelt inn i februar 1967. «It's All Too Much» vart spelt inn like før Sgt. Pepper kmo ut, men vart korta ned (frå åtte minuttar) for Yellow Submarine. «Hey Bulldog», spelt inn i februar 1968, og «All Together Now», spelt inn i mai 1967, var heile tida meint for filmen.
«Baby You’re a Rich Man» vart òg opphavleg tenkt som ein del av musikken i filmen, men vart i staden gjeve ut som B-sida til «All You Need is Love» og ikkje med på Yellow Submarine-albumet.[1]
To songar på albumet hadde vore gjeve ut før. «Yellow Submarine» hadde alt vore på Revolver i august 1966 og på same tid ein hitsingel då. «All You Need Is Love» hadde vore ein hit i 1967, samt vore gjeve ut på den amerikanske utgåva av Magical Mystery Tour seinare på året. Songen er i ekte stereo på dette albumet. Songen hadde tidlegare vore gjeve ut i mono eller i omkanaliserte stereoutgåver på Magical Mystery Tour.
Den andre sida inneheld musikkstykke (spelt inn spesifikt for albumet) av George Martin nytta i filmen.
Etter at blanda mottaking då albumet kom ut, tenkte The Beatles på å gje ut Yellow Submarine som ein EP med fem spor, utan filmmusikken til Martin, men med «Across the Universe» som bonusspor. Dette skjedde derimot aldri.[2]
Innhald[endre]
Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Yellow Submarine» (Opphavleg frå albumet Revolver) | 2:48 | |||||||
| 2. | «Only a Northern Song» (Harrison) | 3:27 | |||||||
| 3. | «All Together Now» | 2:10 | |||||||
| 4. | «Hey Bulldog» | 3:14 | |||||||
| 5. | «It's All Too Much» (Harrison) | 6:28 | |||||||
| 6. | «All You Need is Love» (Gjeve ut som singel i 1967) | 3:47 | |||||||
Alle songar er skrivne av George Martin, bortsett frå der andre er nemnd.
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Pepperland» | 2:24 | |||||||
| 2. | «Sea of Time» | 3:00 | |||||||
| 3. | «Sea of Holes» | 2:21 | |||||||
| 4. | «Sea of Monsters» | 3:40 | |||||||
| 5. | «March of the Meanies» | 2:22 | |||||||
| 6. | «Pepperland Laid Waste» | 2:15 | |||||||
| 7. | «Yellow Submarine in Pepperland» (Lennon, McCartney) | 2:11 | |||||||
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Yellow Submarine (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Lewisohn, Mark (1996). The Complete Beatles Chronicle. Chancellor Press. ISBN 0-7607-0327-2.
- ↑ Lewisohn, Mark (1988). The Complete Beatles Recording Sessions. Hamlyn Publishing Group. ISBN 0-600-55784-7.
Bakgrunnsstoff[endre]
| Føregjengar Help Yourself Tom Jones |
Toppen av VG-lista The Beatles 2 veker, veke 9–10, 1969 |
Etterfylgjar Help Yourself Tom Jones |
|
|
|
|---|---|
| John Lennon · Paul McCartney · George Harrison · Ringo Starr Pete Best · Stuart Sutcliffe |
|
| Britiske studioalbum | Please Please Me · With The Beatles · A Hard Day's Night · Beatles for Sale · Help! · Rubber Soul · Revolver · Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band · Magical Mystery Tour · The Beatles · Yellow Submarine · Abbey Road · Let It Be |
| Filmar | A Hard Day's Night · Help! · Magical Mystery Tour · Yellow Submarine · Let It Be |
| Tilknytte artiklar | Brian Epstein · George Martin · The Quarrymen · Lennon/McCartney · Den britiske bølgja |