Albumet Help!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Help!
Studioalbum av The Beatles
Utgjeve 6. august 1965
Innspelt Abbey Road Studios
15. – 19. februar, 13. april, 10. mai, 14. – 17. juni 1965
Sjanger Poprock, rock and roll
Lengd 34:20
Selskap Parlophone, Capitol, EMI
Produsent George Martin
Kritikk
The Beatles-kronologi
Beatles for Sale
(1964)
Help! Rubber Soul
(1965)

Help! er det femte albumet av The Beatles og filmmusikken til filmen med same namn. Det vart produsert av George Martin for EMI sitt Parlophone Records og den originale britiske utgjevinga av albumet inneheld sju songar som var med i filmen og sju songar som ikkje var det, mellom anna ein av dei mest innspelte songane gjennom tidene, balladen «Yesterday» av Paul McCartney.

Albumet inneheld to songar som vart store hittar i mange land, «Ticket to Ride» og tittelsporet. Songar som Lennon sin «You've Got to Hide Your Love Away» indikerte påverknad av Bob Dylan og folkemusikk. I seinare år fortalte Lennon at tittelsporet var eit rop om hjelp sidan presset den store populariteten gav og hans eige ulukkelege humør (som han seinare kalla sin «feite Elvis-periode»). Han fortalte samstundes at han angra på at han gjorde songen om frå ein neddempa song ala Roy Orbison sin «Only the Lonely» til ein rask song på grunn av kommersielt press.

McCartney medverka med «Yesterday», «Another Girl», «The Night Before», og «I’ve Just Seen a Face». McCartney viste kor mangesidig han var då Beatles i løpet av ein innspelingsdag, den 14. juni 1965, spelte inn songane hans «I’m Down», «I’ve Just Seen a Face» og «Yesterday»

George Harrison medverka med «I Need You» og «You Like Me Too Much». Dette var dei første Harrison-songane på eit Beatles-album sidan «Don’t Bother Me» frå With The Beatles i 1963.

I 2003 vart albumet plassert på 332. plass på musikkmagsinet Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene.[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

På plateomslaget ser ein gruppa med armane som stavar eit ord med flaggsignal. Eigentleg skulle dei stave HELP, men dette såg visstnok ikkje så bra ut, så dei valde i staden å improvisere. Derfor stavar dei eigentleg NUVJ.[2]

Albumet gjekk til topps i mange land, mellom anna Storbritannia, USA og Australia.

Albumet vart gjeve ut på CD i 1987.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Help!»   2:18
2. «The Night Be fore»   2:33
3. «You’ve Got to Hide Your Love Away»   2:08
4. «I Need You» (Harrison) 2:28
5. «Another Girl»   2:05
6. «You’re Going to Lose That Girl»   3:10
7. «Ticket to Ride»   3:10
Side to
# Tittel Lengd
8. «Act Naturally» (Johnny Russel, Voni Morrison) 2:29
9. «It’s Only Love»   1:54
10. «You Like Me Too Much» (Harrison) 2:35
11. «Tell Me What You See»   2:36
12. «I’ve Just Seen a Face»   2:36
13. «Yesterday»   2:03
14. «Dizzy Miss Lizzy» (Larry Williams) 2:53

Den amerikanske utgåva av albumet inneheld songar frå filmen, samt eit par orkesterstykke komponert av Ken Thorne og framført av George Martin Orchestra. Av desse stykka finn ein det første musikkstykket med indisk sitar på eit popalbum.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Lennon: solo-, harmoni-, og støttevokal, rytmegitar og akustisk gitar, elektrisk piano og hammondorgel, perkusjon
  • Paul McCartney: solo-, harmoni-, og støttevokal, sologitar og akustisk gitar, bass, elektrisk og akustisk piano
  • George Harrison: solo- og støttevokal, solo- og rytmegitar, akustisk gitar og perkusjon
  • Ringo Starr: trommer, perkusjon, solovokal og støttevokal.
  • George Martin: piano og produksjon
  • John Scott: fløyter på «You've Got to Hide Your Love Away».

Strykekvartetten på «Yesterday» vart arrangert og dirigert av George Martin med Paul McCartney.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The 500 Greatest Albums of All Time. Rolling Stone. Vitja 10. oktober.
  2. Freeman, Robert The Beatles: A Private View, Barnes & Noble, NY, s. 62 ISBN 1-59226-176-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]